Beste podcast

Kva gjer eg for å motivera meg sjølv til å starta dagen med å sykla 2 mil til jobb, langs landevegen på ein litt treig terrengsykkel på eit steinhardt sykkelsete? Jo, eg lastar ned ein episode av This American Life.

No skal eg ikkje skryta på meg at eg syklar denne turen så enormt ofte. Men poenget er at det er heilt ulideleg kjedeleg med mindre eg har ein favoritt-podcast på øyra. Det same gjeld for lange køyreturar på smale landevegar i Nordland. Og dei blir det ein del av når ein bur i utkantstrok.

This American Life er min absolutte favoritt på podcastfronten. Konseptet er 1 time lange radiodokumentarar om alle mogleg slags folk. Kvar sending har eit relativt lite konkret tema, til dømes “Who do we think we are?”, som bind tre historiar saman. Nøkkelordet for fortellingane er så generelt som LIVET, gjerne amerikanske liv, slik tittelen indikterer.

“Who do we think we are?” til dømes, handlar først om ein republikanar som får ei skikkeleg identitetskrise på grunn av Donald Trump. Går det verkeleg an å halda fram med å vera republikanar med ein slik presidentkandidat? Den eine var ei bemerkelsesverdig interessant fortelling om ei kvinne oppvaksen i USA med foreldre frå Karachi og hennar historie om omskjering og kva det har gjort med hennar seksualitet og forholdet til mora og andre familiemedlemmar. Eg har allereie høyrd og lese ein del fortellingar om omskjering, men denne tilførde så til dei grader ny informasjon og innsikt. Den andre fortellinga handlar om to søsken frå USA som nøster opp historia om sin eigen far som vart drept i Iran på grunn av politisk motstand mot regimet. Temaet “kven trur vi at vi er” bind altså saman ei rekke svært ulike og veldig interessante historiar om menneske, identitet og relasjonar. Heilt klassisk for ein episode av This American Life.

Min absolutte favorittepisode så langt, er “My Experimental Phase”. Særleg den eine historia er aldeles fabelaktig fascinerande. Ho handlar om ein ung mann som tilhører ei konservativ jødisk sekt i USA, som lever eit dobbeltliv som pliktoppfyllande son på dagen og eksperimentell klubbmusikar på kvelden. På same måten som så mange andre episodar, avsluttar historia tvitydig og kanskje litt overraskande. Til slutt er det ingen klar moral eller klare svar på kva som er rett og galt og kva som er eit godt liv.

Desse radiosendingane er så engasjerande at ein nesten kan koma til å gløyma at det gneg i ræva og at sydvesten gjer heimturen lang og tung. Eg kommenterer stadig vekk hendinga eller ler høgt der eg syklar. Dersom nokon høyrde meg ville det kanskje virka litt koko. Men det er ikkje særleg trafikk langs landevegen, og dei andre køyrer stort sett bil.

Og når det gjeld trafikktryggleiken: Dei små øyreproppane er ikkje tettare enn at eg høyrer bilar som kjem bak meg på lang avstand, der eg trør avgarde kledd i signalgul vest.

Mine andre to favorittpodkastar er 1) Dagsnytt 18-sendingane frå dagen før, og 2) Women and Public Policy Program. Sistnemnte er ei føredragsserie frå Harvard Kennedy School. I motsetnad til This American Life er denne ganske elendig produsert. Ein har enkelt og greitt sett fram ein halvdårleg mikrofon i førelesingssalen og sender opptaket. Mikrofonen er gjerne plassert nært bordet der folk opnar brusboksar i staden for nært førelesaren. Trass i at dette er ufatteleg irriterande, er innhaldet så interessant at det er verd bryet. Særleg denne førelesinga syns eg var utruleg interessant: “From Sexual Harassment to Selective Mistreatment: The Regulation of Gender at Work”.

Illustrasjonsbilde: The Good Catholic Life Radio Show av Roman Catholic Archdiocese of Boston.

1 thought on “Beste podcast”

  1. Pingback: Kulturtipset - Helga EggebøHelga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content