List

Kva er det eigentleg med bilar som gjer at både barn og bransjefolk veit at kvinner alltid køyrer kjerra og dessutan ikkje veit att og fram på far sin bil?

For halvanna år sidan kjøpte eg meg bil. Som ein kan venta av ein bil, har det sjølvsagt skjedd meir enn ein gong at saker og ting ikkje fungerer. Rett før eg skulle på bilferie i sommar til dømes, streika alle varsellamper i heile bilen. Potensielt på randen av totalt motorhavari, meinte verkstaden.

Eg tok bilen med på merkevareverkstad i byen for å få saka ordna. Med meg inn hadde eg kjærasten, ettersom det var me to som skulle på denne bilferien. La oss i denne samanhengen berre kalla han Mr. M. Kjærasten altså. Ikkje bilen.

Mr M og eg sette oss ned på kvar vår stol i lag med kundehandsamaren. Eg forklarte kva som var i vegen, kva tid problema hadde oppstått og kva feilsøking som var gjort så langt. Då eg var ferdig med det snur Skodamannen seg mot Mr M og flirer: ”Prater ho alltid så mykje?”

Etter ei tid måtte eg på ny levera inn bilen til feilsøking og reparasjon. Eg henta bilen på kveldstid, og venta på rapport frå verkstaden. Eg trengte heldigvis ikkje venta lenge; då eg kom heim til middag kunne Mr M fortella meg alt om problemet. Han hadde nemleg treft på mekanikaren på kaia. Og kva er vel meir naturleg enn å rapportera til kundens betre halvdel?

Det vart endå ein telefonrunde til verkstaden. Eg ville gjerne ha kopla på igjen ei mellombels fråkopla ledning før eg køyrde kjerra til merkeverkstaden. Kva føreslår den lokale bilekspertisen?

  • Kan ikkje Mr M. koma innom med bilen, så kan eg visa han korleis han koplar til ledninga, og så ordnar han det for deg før du køyrer?
  • Ok, då kjem EG innom før eg reiser, og så viser du MEG det med ledninga, konkluderte eg og la på.

Dette er sjølvsagt same verksemda som har eit rosa skilt i butikken med teksten ”dameavdeling”. I dei hyllene står det syltetøyglas og lysestakar. I resten av butikken er det utstyr til motor, fiske og båt.

Men over til bil igjen. For ei tid tilbake kunne Mr M fortella at ein av elevane hans hadde kome bort og spurd:

  • Kvifor køyrer du Helga sin bil?
  • Eg køyrer ikkje Helga sin bil. Eg køyrer min eigen, svarer Mr M.
  • Hæ?! Eg trudde du hadde den fine bilen! utbryt barnet.

Kva er det med bil, eigentleg? Kva er det som gjer at sjølv barn har fått med seg at det ALLTID er kona som køyrer det gamle vraket, og at det er mannen i forholdet som køyrer den store, fine bilen? Det kan ikkje vera mange unntak frå den norma når ein har plukka det opp frå barnsbein av, sjølvsagt utan at det nokon sinne er blitt sagt rett ut at det er sånn det skal vera.

Og kva er det med ein bransje der det er comme il faut å latterleggjera kunden etter beste evne? Eg hadde trudd at marknadslogikken – i alle fall til ein viss grad – trumfa kjønnsrollar frå 50-talet. Men neida, ikkje i bilbransjen. Kva betyr det vel å mista ein kunde her og der så lenge ein får markert at kvinner har med å sitta fint oppa panseret, og ikkje bry det vakre hovudet sitt med kva som er under det. 1-0 til 50-talet.

Eg er heilt akutt lei av å la ting fara. Ikkje irritera meg. Ikkje bry meg. Oversjå forsøk på usynleggjering og latterleggjering. Av å berre roleg ta kontrollen på situasjonen og markera at dei ikkje vipper meg av pinnen. Akutt lei av å bli sett på som ei qvinde i nød.

Loi skreiv på Maddam for ikkje lenge sidan at: ”Det er ikke alltid like lett å ’ikke tenke på det’, selv om jeg gjerne vil tolke andres handlinger i beste mening”. Eg veit søren ikkje om eg gidder å tolka bilbransjefolka i beste meining særleg mykje lenger.

Kva gjer eg neste gong? 1) Sukker i bensintanken, 2) spikermatte i innkjørselen, 3) banan i eksosrøret? Eller 4) berre setta fyr på heile jævla bilsjappa? Gje di stemme no!

Innlegget vart først publisert på Maddam.no 15. mars 2016.

Illustrasjonsbilde: Pinup Model: Erika – The Texas Timebomb av Christopher Allison Photography, CC BY-NC-ND 2.0

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]