Slik får du fisk!

I år hadde tradisjonsrike vinterturen i lag med Katrine og Eli hadde fått ein ny vri: denne gongen skulle me vera sjølvberga med fisk. Her får du vita alt du treng å vita om korleis ein får fisk på Laksefjordvidda.

IMG_0147

Ein fin vinterdag i slutten av februar kom det eit diskret lite brev i posten. Inni fann eg invitasjon til vinterens store eventyr. Katrine og Eirill inviterte Eli og meg på påsketur i Aust-Finnmark! Ekspedisjonen for 2016 hadde fått det talande namnet “Der som ingen skulle tru at qvinder kunne ferdast”. Opplegget var hemmeleg. Med store spenning og forventning treiv eg datamaskinen og bestilte billettar nordover.

IMG_0083

Vel framme i Alta fekk Eli og eg overrekt ein påskepakke med godsaker og eit brev som avslørte målet og meininga med ekspedisjonen: Isfisketur på Laksefjordvidda (opp på vidda frå Tana bru, sånn omlag). Det gjekk kaldt nedover ryggen på Eli og meg då det vart klart at berre 2 av 5 middagar var pakka i pulken. Resten skulle me skaffa til veie sjølv ved hjelp av isborr, 8 snører og maggot. Eli og sette opp eit stivt smil og dårleg skjult skepsis; basert på tidlegare erfaringar kunne det koma til å bli magert med mat på denne turen.

IMG_9932

Det skorta ikkje på planlegginga. Katrine og Eirill hadde leita fram alle moglege tips om hemmelege fiskevatn og fått tips frå erfarne fjellfolk om kva tid og kor i vatnet der er bett. Laksefjordvidda skulle etter sigande vera så rik på røye at det var beint fram umogleg å ikkje få fisk, hevda dei to skråsikkert.

IMG_6514

Som eit heilt lite sirkus traska me opp på Laksefjordvidda i strålande solskin: Eirill, Katrine, Eli og meg sjølv, 5 pulka, 5 trekkhundar, ein bråte med utstyr, mykje kaffi og ein god slant med whisky.

IMG_9974

Med friskt mot byrja Katrine å borra hol i isen på fiskevatn nummer 1. Eli og eg sette opp teltet, med ei klam kjensle av at middagen hang i ein tynn tråd. Svolten gnog i magen. Uroa vart ikkje mindre av at Katrine kunne melda at det var noko gale med isborret. Han måtte ha fått seg ein solid kakk, for det var berre det eine skjæret som tok; borringa krav mykje kraft og tålmod og hadde liten effekt. Dermed fekk me berre ut ein litan brøkdel av bruket den kvelden.

IMG_0022

Dagen etter var resultatet nett slik nokon av oss hadde frykta: 1 av 2 middagar var allereie fortært og fiskesnørene hang slapt i holet. Ingen fangst. Vel, vel. Her var det berre å leggja i veg mot nye moglegheiter.

IMG_0107

Dag 2: Med nytt mot nærma me oss det neste vatnet. Dette er eit legendarisk fiskevatn. Her måtte me få fisk! Men nett der me hadde planlagt å ha leir og setta ut bruket, trefte med to unge karar med dårlege nyhende: Her hadde dei fiska heile dagen – utan å få napp. No var gode råd dyre. Me slo av ein prat med dei, og med lett skjelvande stemmar avslørte me at det kunne bli dårleg med middag. “De kan få fisk av oss”, erklærte desse kjekke unge karane. Dei hadde for mykje til middag likevel. Slik får du altså fisk på Laksefjordvidda!

IMG_0183

Den kvelden borra me heile 5 hol i isen med det elendige isborret. Det kosta blod, sveitte og tårer og 3 av 5 hol gjekk rett i botnslammet. Nett som venta vart det ikkje fisk av det.

IMG_0016

Dag 3: Heile dagen var sett av til matauk. Det måtte vel auka sjansane for å ha til smør på brødet og salt i grauten, for å bruka ein kjent metafor. Heile sirkuset la i veg, utrusta med feskbruket og anna dagsturpikkpakk. Eli og eg borra som om det stod om livet. Nett då me hadde borra armane såre og vonde, kom ein kar bort til oss på skuter og kunne avsløra at me fiska på feil plass. Det skulle vore litt bortom der, eller litt bortom der. Han må ha sett fortvilinga i augene våre, for han baud oss ferdigborra hol på rett stad. Han hadde motorisert isborr, må veta! Lokal kompetanse og motorisert utstyr; det er altså slik ein får fisk på Laksefjordvidda!

IMG_0078

Men nett i det me hadde sett ut bruket byrja det blæsa kraftig opp frå nord. Me fiska tålmodig, hustrande i dunjakka med heftig bakkeføyk på alle kantar. Då kom Magnus bort på skuteren, og kunne høfleg informera oss om at det vart bortkasta å fiska i slikt vêr. Det er ikkje den røya som biter i sterk nordavind.

IMG_0059

Det lei mot kveld, og var lite anna å gjera enn å pakka saman bruket og streva seg heimover i motvinden. Men nett i det me hadde byrja flytta på sirkuset, kom han Magnus, blikkenslager i Tana, køyrande mot oss med ei svær røye i ein plastposet. Det skulle ikkje vera fritt for middag på bordet til desse qvindene så lenge han hadde helsa. Slik får du altså fisk på Laksefjordvidda!

IMG_0072

Med magen full av fersk røye, var me klare for nye eventyr den påfølgande dagen. No skulle me til eit vatnet som etter sigande var heilt “bankers”. Men kven veit kor bankers det er den dagen dette sirkuset kjem? tenkte eg for meg sjølv.

IMG_9997

Me sette opp teltet, borra oss nokre hol og byrja fiske. På isen var der også nokre finnlendarar som kunne melda at dei hadde fiska ikkje mindre enn 50 røyer så langt i dag. Og dette var ein dårleg dag.

IMG_0179

Første timen gjekk, og ingenting skjedde der me satt. Men endeleg skulle lukka snu! I løp av det neste kvarteret hadde me fått 5 små men fine pannefisk. No vart det middag! I det me gjekk mot teltet ropa finnlendarane etter oss: “Do you have enough for dinner?” Me skulle omtrent ikkje kome oss derifrå utan å få fisk av dei. Det var nesten så han treiv ein fisk i sporen og slengte han etter oss. Slik får du altså fisk på Laksefjordvidda!

IMG_0121

Same kvelden fekk besøk av to kjekke karar me nett så vidt kjente frå før. Tilfeldigheitene ville det slik at også dei farta rundt på vidda denne påska, og hadde observert sirkuset der ute på isen. Med ikkje mindre en 6 menn og kvinner i full vigør, skulle lukka stå oss bi. Og det på sjølvaste påskeaften. Det vart fiskekonkurranse på isen, ispedd yogaøvingar og whiskydram.

IMG_0140

Fiskelukka var nokså ujamt fordelt, viste det seg. Medan Narve trakk opp flest fisk og minst fisk, Eirill fiska størst fisk og Jonas fekk den styggaste fisken, fekk forfattaren sjølv ikkje anna enn ei lita sild. Då det var to minutt igjen av konkurranse hadde eg endeleg noko skikkeleg tungt på kroken! Endeleg storrøye! Men kva var dette stygge svære som kom opp av holet i isen? Ikkje ei røye i alle fall! Før fangsten glapp fekk eg eit glimt av noko som var eit stort stykke torskerogn med gaffateip surra rundt. Søkt på botn for å tiltrekka seg fisk. Slik får altså finnlendarane fisk på Laksefjortvidda!

IMG_0145

Men middagen var redda. Turen var redda! Qvindene var redda! Stemninga var i taket og påskeaften ettermiddag gjekk med til steikt røye, hundekøyring med pulk, jakt på jervespor, fiskekasting, yogaøvingar, smågodt, whisky og fest i teltet.

IMG_0203

IMG_0195

IMG_0175

Då sirkuset dagen etter suste dei 42 kilometrane ned til sivilisasjonen, var alle samde om at det hadde vore ein strålande ekspedisjon. No veit me alt om korleis ein får fisk på Laksefjordvidda.

IMG_0236

 

1 thought on “Slik får du fisk!”

  1. Ingjerd Volden Henriksen

    Så artig skrevet 🙂 fin historie med snert!
    Ja, det er typisk Magnus (Blikkenslager i Tana, for øvrig min mann) å sikre at folk ikke skal være sultne…… så det var gøy at han bidro til å gjøre turen deres en opplevelse rikere. Han hilser!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content