List

Eg les mykje barnebøker for tida. Magnus er blitt så stor at han har glede av ei god historie og ikkje berre pekebok med sau, ku og traktor. Der er masse flotte bøker, gamle klassikarar som “Geitekillingen som kunne telle til ti”, “Eventyret om bukkene bruse” og “Emma i barnehagen”, samt nye klassikarar som “Gruffalo” og “Bukkene bruse på badeland”.

Der er mange bøker eg gler meg til å lesa til han. “Brødrene Løvehjerte” var eg så heldig å få lesa dei tre første kapitla av til Simon då eg var i Bergen sist. Mummibøkene til Tove Janson har eg lese oppatt og oppatt til Eli og Katrine i tidlege vinterkveldar i teltet.

Då eg var i Sandnes sist kom eg over ei av min barndoms favorittar då Elida og eg leita etter ei bok å lesa på sengekanten: “Barna ved Yangze Kiang”. Utgiven i 1982 men tilgjengeleg elektronisk via Nasjonalbiblioteket. Boka handlar om to vener og familiane deira som opplever ein flaum, og korleis folka i landsbyen bergar seg og bygg opp igjen landsbyen. Eg elska denne historia om dei to kinesiske ungane Mei Mei og Chang.

Dei bøkene som gjorde sterkast inntrykk på meg då eg var barn har det til felles at det er forteljingar om ungar som bur andre stader Noreg eller har anna bakgrunn enn det majoritetsnorske. “Vi på vidda” var ei av dei eg lika best i barnehagens sitt bibliotek. Det er ei bok om ein reindriftsfamilie som me får følgja eit heilt år og vera med på kalvemerking, rundt bålet i lavvoen og uroa for islåsing av beitene. Eg drøymde om å liggja nedpakka i reinskinn i ein slede bak skuteren medan stjernene dukka opp på himmelen éi etter éi.

Der var ein bokserie som eg aldri vart lei av. Éi bok om ein skopussargut i Ecuador, Fernando som arbeidde som bananplukkar, ei jente og familien hennar som budde i slummen i ein storby i Latinamerika. Som det plar vera i sosialrealistiske romanar, så var verda urettvis og brutal og bøkene ende ikkje særleg lukkeleg. Urettvisa sette seg i kroppen og gjorde vondt, men eg ville høyra dei igjen og igjen.

Dessutan var der ei bok, basert på ein serie frå barne-tv, kor me fekk følgja nokre familiar med innvandrarbakgrunn i Noreg på ein heilt vanleg dag. Norske ungar med foreldre frå Gambia og Vietnam, hugsar eg. I boka fekk me vera med dei ein ettermiddag, kor dei gjorde ting som å gå i symjehallen og spela fotball. Dei laga litt annleis og spennande mat og fekk høyra eit eventyr på sengekanten som eg aldri hadde høyrd før. Både oppskrifta og eventyret kunne ein lesa i boka.

Medan eg tenkte på alle desse vidunderlege lesaropplevingane, så slo det meg at dei barnebøkene eg les for Magnus no, og som eg har høyrd om frå andre, i stor grad handlar om ungar som er kvite i huda eller fiksjonsfigurar og dyr av hankjønn, som har mor og far og lever i eit slags nordisk (fantasi)univers.

Brillebjørn er eit befriande unntak frå den morfarbarn-greia, som ein gjentek til det keisame i alle moglege sangar og bøker. Brillebjørnboka eg nett kjøpte er ei spennande historie om å skli på den store sklia på lekeplassen. Ho er skummel, men med hjelp frå ei stor jente, så går det bra! Morosamme sitat til foreldrene – som fangar tidsanden – av typen: “Brillebjørn, vil du ikke heller komme opp i senga vår og se på barne-tv på telefonen?” Og så har Brillebjørn ei mamma og ei mor. Boka gjer altså ikkje eit pedagogisk overtydeleg poeng av mødrene, à la “Brillebjørn er VELDIG annleis som ha TO mammaer i staden for EIN PAPPA og ei mamma  SLIK SOM ALLE OSS ANDRE”. Plusspoeng.

Eit anna befriande unntak er “Snart sover du; et års god natt” av Haddy N’jie og Lisa Aisato. Boka er ei nydeleg godnatthistorie på rim med vidunderlege illustrasjonar. Og så har dei ungane som søv og dei figurane som personifiserer årstidene litt ulike hudfargar og hårfargar. Litt merkeleg at dette – i Noreg i 2018 – framstår som eit synleg unntak. Kanskje eg berre har for dårleg kjennskap til kva som finst på marknaden. Men uansett, plusspoeng til N’jie og Aisato.

Etter ein liten runde på Facebook fekk eg nokre tips til barnebøker kor ulike familiar og ulike kjønn er representert. Trikset er at helten ikkje alltid er av hankjønn og at familien ikkje alltid er morfarbarn. Meir av dette i Sverige enn i Noreg, etter hva eg forstår. Takk til Linn Bylund, Mari Aarbakke, Sunniva Jarmann og Hilde Arntsen og Aase Kristine Lundeberg som har delt raust av sine beste tips:

  • Lolly
  • Var er pappas skor?
  • Drømmeprinsen
  • Her er teddy
  • And tango makes three
  • Familiemyldreboka
  • Barnehagedagen
  • Forelska i Feisbukk
  • Wilma har to mammaer
  • Familier – ulike og unike
  • Hannemone og Hulda
  • Vem kommer nu? (av Stina Wirsén som visstnok har skrive mykje bra)

Her har eg altså ein del å testa ut. Men eg lurer framleis på kva som er dei gode barnebøkene om ungar som ser litt forskjellige ut, har foreldre frå litt ulike land og ungar som bur ein heilt annan stad og lever ein heilt annan kvardag enn me gjer i Bodø. Det fantastiske med bøkenes verden er at ein får ta del i andre sin verden og dermed utvida sin eigen verden. Meir av det! Eg treng fleire tips, og her er tipsa eg har fått etter at eg delte denne teksten:

  • Hemma hela sommaren
  • Veckan føre barnbidraget
  • Samirs reise
  • Unni og Gunni
  • Mine to oldemødre av Lisa Aisato Njie Solberg
  • A day in the life of Marlon Bundo
  • Malvin-bøkene
  • Tambar-bøkene
  • Jakop og Neikop
  • Albert Åberg
  • Bæsj av Stephanie Blake
  • Trekant av Mac Barnett
  • I Huttetuenes land
  • Serafin og hans makeløse mesterverk
  • Den kjempestore pæra og lillefrosk-bøkene og E.T av Kim Smith
  • Rosa Parks sb Lisbeth Kaiser, Marta Antelo, Ingrid Hafredal m.fl, en del av en bildebokserie om kjente historiske kvinner
  • Stina wirsen Hvem-serien
  • Niller Pilfinger-bøkene
  • Mammaen og havet av Sara Stridsberg
  • Vi tvättar bilen av Sara Vegna
  • Hur görs bebisar av Cory Silverberg
  • Lenke til ein litan haug relevante bøker: https://www.ecosthlm.se/sagor-for-barn/ (bøker på svensk)

Utsikt

Foto: Privat.

 

 

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]