Heime i Stabburshaugen

I juni i år flytta me inn i det nye huset i Stabburshaugen. Der er ganske mange som har vore på besøk allereie, frå både fjern og nær, men der er også fleire som har etterspurd ei lita omvisning via internett. For alle dykk som enda ikkje har vore her i “real life” (RL) – velkommen inn i stova!

IMG_7600

Vent litt, eg skal berre nett tørka av bordet først. Her!

IMG_7548

Kjøkkenbord og spisebord kombinert – med samme utsikta mot Børrvasstindan og Mørkvedodden, som de har fått vera med ut på i ein tidlegare blogg. Alternativt går det også an å få vindusbordet.

IMG_7535

IMG_7556

IMG_7557

IMG_7537

Den laaaange kjøkkenbenken er det sjølvsagt nokon som jobbar for å halda rein og ryddig. Han her kjekkasen arbeider til tider på kjøkkenet.

IMG_7592

Det er sjølvsagt best med kjøkkenfest, stinn brakke og topp stemning!

IMG_7583

Det var evig lenge siden Marius og eg har laga noko spennande til middag. Her har me gjester som alle var med på å laga kvar sin rett til koreansk aften, basert på eksotisk smakstilsetning og lokale grønnsaker frå åkeren på Fenes.

IMG_7586

Eksemplariske gjester som ikkje berre lager maten men også rydder. Lillebror og onkel Håkon – som har fått kallenamnet Kåkå av Magnus – i aksjon.

IMG_7584

Middagen var faktisk så god at alle la seg på golvet for å fordøya festen. Guro og Even fant ut at Magnus si hoppeku også eigner seg til pute.

Og så kan det kanskje passa å bli med over i salongen og få eit glas vin?

IMG_7562

IMG_7619

IMG_7615

Marius sett på noko fint på anlegget. Eller noko Magnus likar. Han har for tida dilla på heavy metal versjonen av “Nei, nei gutt” (Sangfoni).

IMG_7559

IMG_7553

Så lenge det har vore lyst om kveldane har me sitta her og sett på utsikten om kveldane.

Utsikt

Men når mørkret senkar seg sit gjerne Marius nede i studio og lager musikk, medan eg skriv eller les. Magnus syns at studio – kor der også ligg ein del verktøy – er den klart mest spennande staden i huset.

IMG_7579

Men studiokveldane bør ikkje bli så veldig seine, for det er tidleg opp. Kaffi først! seier Marius.

IMG_7588

Les også:

Foto: Helga Eggebø og Marius Skaiaa

One comment

Leave a comment

Your email address will not be published.