Default foreldrepermisjon

For eit par veker sidan søkte eg NAV om foreldrepengar. Då vart det veldig tydeleg at fordeling av foreldrepermisjon og omsorgsoppgåver ikkje berre handlar om politikk og lovverk på den eine sida, og familiære val på den andre sida. NAV – byråkratiet og skjemaveldet – har også ei viktig rolle.

Det er neppe noko stor overrasking at “feministeliten” – det vil seia slike som meg – har tenkt nøye gjennom dette med permisjonsfordelinga. Eg veit at eg og partanren min har ei kvote på 10 veker kvar, og at me kan dela dei resterande 26 vekene mellom oss. Eg veit også at der er stor politisk usemje om regelverket for foreldrepengar, men at sittande regjering har eit ganske anna syn på saka enn meg. Dei prediker frie val for familien. Men i praksis er me jo alle klar over kva som er defaulten: mødrar tek 26 + 10 veker. Fedrar tek fedrekvoten, verken meir eller mindre.

Eg og partnaren min hadde grubla ein del på nøyaktig korleis me skulle fordela permisjonstida mellom oss og hadde ein slags plan. Eg logga meg inn på NAV, oppretta elektronisk søknad og sette i gang med å kryssa av. Ja, der er ein far inni bildet (medmor er uansett ikkje eit alternativ i NAV-portalen). Ja, han veit at eg søkjer om foreldrepengar. Ja, eg har jobb. Ja, eg bur i Noreg. Vidare tasta eg inn termin, og vips så fekk eg opp dette førstevalget: “Jeg skal ha hele fellesperioden sammenhengene rett etter mødrekvoten fra 10. april til 6. oktober”.

Nei, det var ikkje akkurat det som var planen. Men eg hadde ikkje nøyaktig dato framføre meg, så eg kryssa av for alternativet “jeg har ikke bestemt meg”. Då får eg opp denne beskjeden: “Det er helt greit. Du vil få hele fellesperioden fra 10. april til 6. oktober. Du kan endre på dette senere”.

Nei, seier eg til meg sjølv og skjermen. Eg skal ikkje ha heile fellesperioden. Prøver meg derfor på siste svaralternativ: “jeg har datoer for når jeg skal ta ut fellesperioden”. Då får eg opp eit nytt vindu:

default-til-oktober

Sjølv etter at eg aktivt har vald eit anna alternativ enn “å ta ut hele fellesperioden rett etter mødrekvoten fram til 6. oktober”, så får eg altså opp ein default der eg “har valgt 26 uker”. Permisjonsdatoane (for fellesperioden) har NAV lagt inn for meg: 10. april til 6. oktober. Men eg kan altså gå aktivt inn å framskynda datoen. Eg har eit val.

Etter å ha endra datoen slik at eg tek omlag halve denne berømte “fellesperioden”, altså 13 og ikkje 26 veker, får eg opp følgjande melding: “Du har 13 uker igjen”. Vel, har eg no eigentleg det? Dersom ein tenkjer seg at fellesperiode betyr å dela, så har eg ingen veker igjen. Men det er ikkje den NAV kommuniserer.

Den åtvaringa som ikkje dukker opp på skjermen, men som eg får kjensla av at dei eigentleg gjev meg er: “Are you sure you want to delete 3 months of your paid parental leave?” Press “ok” or “CANCEL”.

I boka Nudge: Improving Decisions about Health, Wealth, and Happiness dokumenterer forskarane Richard H. Thaler og Cass R. Sunstein korleis vala me gjer blir påvirka av måten valalternativa blir presentert på. Måten vala er skildra på og ikkje minst kva som er presentert som “default”. Det er altså forskingsmessig grunnlag for å tru at måten NAV presenterer valalternativa i søknadsportalen på, påverkar dei vala me som foreldre tek.

Eg konkluderer med at NAV sin default trekk i same retning som mykje anna påverknad på dette feltet:

  • Mødrar som tek det for gjeve at “fellesperioden” er deira, og at dei ikkje har tenkt å “gje vekk” noko til faren.
  • Toppolitikarar som smilande fortel deg at det er best at kvinner er mest heime med barna.
  • Ammehjelpa som meiner fedrekvoten er eit trugsmål mot amming og dermed barns helse.
  • Arbeidsgjevarar som betaler fedrar for ikkje å ta permisjon.
  • Arbeidsgjevar som ikkje forlengar vikariatet til den kommande faren når det blir klart at han skal ta halve fellesperioden.
  • Arbeidsgjevarar som spør den vordande mora om ho er sikker på at ho “berre” skal ha eit halvt år permisjon og insinuerer at det er best at andre tek over arbeidsoppgåvene hennar lengre, fordi ho sikkert kjem til å ombestemma seg og villa ha lengre perm når den tida kjem.
  • Fedrar som meiner dei er alt for viktige på jobben til å ta meir enn kvoten.

Forfattarane bak boka Nudge er opptekne av noko dei kallar “valarkitektur”. Altså korleis me konstruerer valalternativ. Eit hovudpoeng i boka er at designet kan ta høgde for at folk er prega av vanar og normer som styrer oss i bestemte retningar. Derfor kan ein aktivt velja ein arkitetur som opnar opp for andre, og moglegvis meir fornuftige, val. Der skal uansett vera valalternativ, så det handlar ikkje om å tvinga nokon til noko som helst. Men gode design kan kompensera litt for “decision-making biases” – det vil seia at vala våre i utgangspunktet ser ut til å ha ei tydeleg slagside.

Det er ikkje noko stor overrasking at “feministeliten” gjerne skulle sett at regelverket i større grad la til rette for at mødrar og fedrar/medmødrar kunne dela permisjonen mellom seg. Dagens situasjon er no ein gong slik at lovverket seier at mor og far/medmor har øyremerka 10 veker kvar. Resten kan ein i prinsippet dela. Sjølv om der er stor politisk usemje om lovverket, hevdar folk på begge sider at dei ønskjer at foreldra skal ha (reell) valfridom til å dela.

NAV si oppgåve er å forvalta regelverket og handsama søknader om foreldrepengar. Det er ikkje opp til NAV å endra reglane, men det som er opp til NAV er å utforma skjema, søknadsportalar og informasjon. Eg meiner det ville vore på sin plass om NAV endra på default og design i sin søknadsportal. Dei kunne til dømes lagt inn ein default som la til grunn at “felles” betyr å dela mellom seg.

Illustrasjonsbilde: Dag 54Smiiil av Tormod Ulsberg, CC BY-NC-ND 2.0.

2 thoughts on “Default foreldrepermisjon”

  1. Pingback: Tilbakeblikk 2016 - Helga EggebøHelga Eggebø

  2. Pingback: Berre kvite babyar - Helga EggebøHelga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content