List

For ei tid tilbake hadde eg mitt første møte med svangerskapsomsorgen. Det syns eg var strålande opplegg. Då jordmora fylte ut helsekortet spurde ho: “Er der ein far eller ei medmor inni bildet?”

Eit heilt ope spørsmål der ein får høve til å svara til dømes 1) nei, 2) ja, far eller 3) ja, medmor. Eit spørsmål i staden for ein antakelse om ein partnar av eit bestemt kjønn. Dermed blir me alle sparte for å måtta “koma ut av skapet” ved å korrigera eventuelle feilaktige antakelsar.

Som eg skreiv i eit anna innlegg nettopp: Dei av oss som lever ope skeivt blir alt for ofte tvungne til å gjera eit nummer ut av det. Ein bryt med det «normale» og dermed «koma ut» kvar gong ein møter nye folk. Å vera åleine med barn kan også vera eit brot med norma, som avkrever at du stadigvekk forklarer deg.

Derfor er dette enkle opne spørsmålet og dette enkle alternativet i helseskjemaet så viktig. Som eg har lært av dyktige samarbeidspartnarar i Rosa kompetanse: Inkluderande språk treng ikkje vera særleg vanskeleg.

Kanskje heterohelvete rett og slett er på vikande front? tenkte eg optimistisk i det eg gjekk ut døra.

Les også:

Illustrasjonsbilde: digitsb+w av Kevin Muir Follow, CC BY-NC-ND 2.0

Innlegget ble først publisert på Maddam.

2 Responses to “Far eller medmor?”

  1. Default foreldrepermisjon - Helga EggebøHelga Eggebø

    […] NAV, oppretta elektronisk søknad og sette i gang med å kryssa av. Ja, der er ein far inni bildet (medmor er uansett ikkje eit alternativ i NAV-portalen). Ja, han veit at eg søkjer om foreldrepengar. Ja, eg har jobb. Ja, eg bur i Noreg. Vidare tasta […]

  2. Tilbakeblikk 2016 - Helga EggebøHelga Eggebø

    […] kva som har engasjert meg og kva eg har skrive om så er der to gjennomgangstema: forelderskap og homopolitikk. Overordna sett handlar det om normer for kjønn og intimitet. No er det ikkje noko nytt at eg er […]

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]