List

16. mai kom Justisdepartmentet med ein ny innstruks til UDI som inneber ei drastisk endring av norsk asylpraksis. Dette har skjedd heilt utan offentleg debatt eller behandling i Stortinget. Endringa inneber at UDI skal tilbakekalla opphaldsløyvet dersom situasjonen i heimlandet betrar seg. Dette betyr at alle som har fått asyl i Noreg – og som fram til no har kunne vera relativt trygge på at dei får bli her – må leva i uvissa heilt fram til dei får permanent opphaldsløyve. Fram til det vil dei heile tida risikera tilbaketrekking og deportasjon.

For berre eit halvt år sidan – i samband med prosjektet “Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn” – intervjua eg ein person med flyktningbakgrunn. Trass i at han hadde fått innvilga asyl i Noreg var han veldig redd for at norske myndigheiter kunne koma til å revurdera asylgrunnlaget å sende ham tilbake dersom tilhøva i heimlandet endra seg. Eg forklarte at han ikkje trong vera redd for dette. Når UDI først har vurdert beskyttelsesbehovet og kome fram til at ein person har krav på trygging, så er fornyinga berre ein formalitet. Dei revurderer ikkje asylgrunnlaget når ein søkjer om fornying av opphaldsløyvet.

Men informanten vart ikkje mindre uroa av mine forklaringar av gjeldande regelverk. Han hadde erfart at innvandringspolitikken stadig var stramma inn og at han og andre i hans situasjon var blitt ramma av mange nye reguleringar som ikkje eksisterte då han først fekk asyl i Noreg. Eit halv år etter intervjuet viste det seg at han fekk rett. Den situasjonen han frykta har blitt ein realitet. Mine forklaringar og tryggingar viste seg å vera verdilause og naive.

Informanten hadde dessutan heilt rett i at norsk innvandringspolitikk har blitt stramma inn på mange område i løp av få år. Eit anna døme på det er inntektskravet om permanent opphald som vart gjort gjeldande frå hausten 2017. No må alle som søkjer om permanent opphaldsløyve i Noreg dokumentera ei inntekt på minst 250.000 kroner i året og at dei ikkje har teke imot sosialhjelp siste året. Statistikken viser at den gjennomsnittlege flyktningen i Noreg ikkje tente så mykje pengar sjølv etter 10 år i Noreg. Mange flyktningar vil derfor måtta leva med uvissa om tilbakekall og deportasjon i svært mange år – kanskje alltid.

Kombinasjonen av desse to regelendringane er dramatisk. Svært mange innbyggarar i dette landet vil måtta leva i ein utrygg situasjon i Noreg over veldig lang tid. Ein ny forskingsrapport frå Institutt for samfunnsforsking har vist at usikkerheit og frykt for tilbakekall av opphaldsløyve trugar integreringa: Folk opplever fysiske og psykiske plager, trekk seg tilbake frå det sosiale livet og er mindre motiverte for utdanning og arbeid i Noreg.

Frykt øydelegg tillit. Som ein av våre informantar peika på: «Jeg har ingen garantier for å få bli i Norge. Nye reguleringer ødelegger den tilliten som det norske samfunnet er bygd på».

Merk også at departementet skriv: “Det skal ikke foretas en vurdering av om tilbakekall av oppholdstillatelsen er et forholdsmessig tiltak overfor utlendingen”. Det betyr at same kor lenge du har budd i Noreg, same kor godt integrert du er og same kor grufullt det måtte vera å bli riven vekk frå alle relasjonane du har i Noreg, så skal løyvet trekkast tilbake dersom tilhøva i heimlandet tilseier det.

Korleis er det mogleg at Justisdepartementet gjer så drastiske endringa heilt utan politisk behandling? Departmentet viser til asylforliket i Stortinget i 2015 kor storingsfleirtalet oppfordra til å kalla tilbake opphaldsløyve ved varig betre tilhøve i heimlandet. Vidare kom det ein ny instruks i 2016 som peika i same retning GI04/2016. Men dei konkrete forslaga som følgde opp asylforliket vart sendt på høyring i jula 2015 og handsama i Prop L 90 (2015-2016). Endringa som no er gjort var ikkje med i denne stortingsbehandlinga. Den drastiske endringa som vart gjort i mai i år er det ingen som har vurdert konsekvensane av og sivilsamfunnet har ikkje fått høve til å koma med sine synspunkt og vurderingar. Kombinert med manglande behandling i Stortinget er det grunn til å stilla spørsmålsteikn med kor demokratiske denne prosessen har vore.

Eg vil dessutan tru at dei aller færresta har fått med seg denne endringa. I alle fall ikkje dei av oss som lever trygt utan å uro oss for opphaldsløyver og deportasjon. Kanskje vil folk først forstå alvoret den dagen naboen – som kanskje har budd i Noreg i 8 år, men aldri fått anna enn mellombels og dårleg betalte jobbar og som derfor ikkje har permanent opphald – plutseleg ein dag blir deportert fordi tilhøva i landet han ein gong flykta frå er blitt betre.

Kjelder: 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]