Du ser det ikke før du tror det

“Plutselig var hun kastet tilbake til den gangen hun som fem år gammel jente ble holdt hardt rundt ørene mens en mann voldtok henne i munnen”.

Syns du dette er vanskeleg å lesa om, uuthaldeleg å høyra om? Du orkar ikkje tru at det går an og, orkar rett og slett ikkje å snakka om seksuelle overgrep mot barn? Dersom det er så fælt for vaksne å høyra om og snakka om, korleis trur du då det er for barn å leva med det? Dersom barna må oppleva det, så får vaksne – fagfolk, naboar, familie og vener – tåla å høyra og spør.

I boka Du ser det ikke før du tror det. Et kampskrift for barns rettigheter, gjev Inga Marte Thorkildsen ein stemme til valdsutsette og misbrukte barn. Dette er ei politisk bok, ei fagbok og ikkje minst bok om kvardagslivet til menneske som har overlevd mykje vondt. Boka er gjennomdokumentert med fakta frå både forsking og politiske prosessar, men glødar samstundes av engasjement, er drivande godt skrive og nesten umogleg å leggja frå seg.

Thorkildsen dokumenterer og kritiserer ein utbreitt motvilje mot å spør konkrete spørsmål om vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt. Blant fagfolk i helsesektoren, barne- og ungdomspsykiatrien og sosialtenesta manglar ein vilje og/eller kunnskap og rutiner for å spør om det som dessverre er vanlege årsakar til atferdsproblemer, angst og depresjonslidingar blant barn og unge.

Thorkildsen legg fram forsking som dokumenterer at vold, seksuelle overgrep og omsorgssvikt i barndommen er eit omfattande og alvorleg helseproblem. Det er årsaken til ei heil rekke psykiske og ikkje minst fysiske helseplager. Der er ein sterk korrelasjon mellom talet på traumatiske erfaringar som barn, og i kor stor grad ein seinare i livet er ramma av til dømes kreft, infeksjonssjukdomar og hjertesjukdom, så vel som angst, depresjon, sjølvmord og spiseforstyrringar.

Boka inneheld også gode og detaljerte skildringar om dei politiske prosessane som i løp av dei siste tiåra har gjort oss som samfunn betre i stand til å sjå, forstå, handtera og hindra vald og overgrep mot barn. Men der er framleis ein lang veg og gå.

Spør du meg, så burde alle som arbeider med helse eller barn, unge og familiar lesa boka med det same. Inga Marte Thorkilsen skal dessutan ha kredd for at ho som rikspolitikar veljer å skriva ei bok om eit viktig samfunnsmessig og politisk tema, og ikkje ei bok om seg sjølv og sine vener og fiendar i politikken.

Illustrasjonsbilde: Serious matters, av Took, CC BY-ND 2.0

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content