List

Kvifor er det naudsynt å sova vekk så store delar av livet, klagar enkelte. Eg høyrer dessutan stadig vekk folk seia at ein skulle hatt fleire timar i døgnet. Fleire timar å gjera fornuftige ting på og relativt sett færre timar å sova då, reknar eg med. Ein skal kanskje ikkje ta sånt alt for bokstaveleg, men fleire timar i døgnet er det siste eg treng når ting er travelt og eg er sliten. Nei, då går eg heller og legg meg.

Som småbarnsforelder har eg sjølvsagt hatt min dose søvnmangel siste halvanna året. Timevis med skriking midt på natta. Trilla vogn gatelangs i totida mørke og kalde vinternetter. Stå opp kvar einaste dag før fem. Det gjekk på eit vis. Men når Magnus byrja sova betre uti februar forsvann den litt triste og motlause grunnstemninga, eg slutta med vera vill i blikket og overernærgisk på ein halvgalen måte på jobb og ettermiddagane er betre utan den tunge, kvalme og vonde kjensla av søvnmangel.

Konsekvensane av søvnmangel er godt kjende. Å nekta folk å sova blir brukt som tortur, så fælt og øydeleggjande er det. Søvnmangel gjer at reaksjonstida og dømekrafta er på nivå med ein full person.

For ei tid tilbake las eg ein svært interessant artikkel i Time Magazine om effektane av søvn og søvnmangel. Det er visst grundig dokumentert at det er svært helseskadeleg å sova for lite. Dei av oss som søv for lite har større sjans for å få hjartesjukdommar, diabetes, høgt blodtrykk, utvikla fedme, Alzheimers, depresjon, angst og posttraumatisk stress. På same måte som røyking, lite trening og overvekt, så aukar sjansen for døy tidleg dersom du søv for lite.

Matthew Walker, professor i nevrologi og psykologi har tidlegare hevda at søvn, godt kosthold og trening var dei tre mest avgjerande faktorane for god helse. Men han har skifta meining: Søvn, søvn og søvn er den desidert mest avgjerande faktoren. “Sova kan ein gjera i grava”, er det blitt sagt. Men, dersom du lev etter den filosofien, så vil du etter alt å døma hamna i grava ei god stund før oss andre. Så dagens helseråd: Et gjerne litt junk på fredagskvelden, ta deg ein sigg i ny og ne, men søv for alt i verda vekk sommarnatta – same kor ljos ho er.

På denne bakgrunnen er det god grunn til å bli uroa for folkehelse når ein veit at folk flest (i USA, amerikanske tal) i snitt søv heile to timar mindre no til dags enn me gjorde for 100 år sidan. 1 av 3 søv mindre enn dei 7 tilrådde timane. Berre 15 til 30 prosent av tenåringar, som treng meir søvn enn vaksne, får seg dei 8,5 timane med søvn dei treng kvar natt.

Kvifor treng me så intenst å sova? Kva er det som skjer når me søv? Det har visst vore forska ein del på akkurat det spørsmålet og mange har vore i beit for gode svar. Musklane treng ikkje søvn. Slitne musklar kan like godt liggja på sofaen ei stund – det gjer same nytta som å sova. Nevrologen Maiken Nedergaard meiner å ha kome eit stykke på veg mot svaret. Ho har avdekka korleis hjernen renser seg for slagg og dritt om natta. Elekstriske impulsar vaskar hjernen i jamn takt. Hjernecellene trekk seg saman og væske skyller vekk smuss og avfall som elles ville hopa seg opp og skapt masse problem.

Ein av dei tinga som visstnok skjer når me søv er at hjernen sorterer og arkiverer og minnene våre. Sorterer kjensler og minner om faktiske hendingar kvar for seg, noko som gjer det mogleg for oss å hugsa ting som har hend utan å gjenoppleva alle kjenslene som var til stades i situasjonen. Posttraumatisk stressyndrom er ein tilstand der denne sorteringsprosessen har feila, og kor ein derfor gjenopplever vonde kjensler og traumer gong på gong. Utan tilstrekkeleg djup søvn blir ikkje minner og kjensler sortert ordentleg frå kvarandre, og det er nok derfor søvnmangel kan trigga psykisk sjukdom.

Eg søv gladeleg vekk ein tredjedel av livet om eg kan. Det er deilig med åtte timar samanhengande, tung og lukkeleg søvn. Noko av det beste med å vera på telttur om vinteren er å utnytta mørkret, leggja seg klokka åtte og søva minst til seks. Saleg er den som får sova.

Illustrasjonsbilde: maddy daniel sleep they were sleeping forever av jesse hlebo, CC BY-NC 2.0.

Kjelde: The Sleep Cure: The Fountain of Youth May Be Closer Than You Ever Thought, Time Magazine 16 februar 2017.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]