List

“Går du nå, er du ikke lenger min datter” er Anne Bitsch si historie om å voksa opp med ei mor som var alkoholikar og psykisk sjuk og bli utsett for seksuelle overgrep av far. Boka er godt skrive og byr på djup innsikt i korleis både omsorgspersonar, voksne og institusjonane sviktar eit barn. Bitsch har, svært så fortent, fått ei rekke strålande kritikkar for boka og vunne Kritikerlaget sin pris for beste sakprosabok.

Boka er forfattaren si skildring av sitt eige liv, men Bitsch har også gjort ei omfattande studie av dagbøker og brev for å gje innsikt i mora sitt liv. På den måten blir boka ikkje berre sjølvbiografisk, men også ein biografi om Kamma, mora, og hennar liv. Lesaren får eit rikt innblikk i Kamma sitt liv og på mange måtar går det an å forstå kva som skjer med ho og kvifor ho handlar som ho gjer. Men samstundes er det til sjuande og sist vanskeleg å forstå korleis ho kan svika dotter si så fundamentalt og la seg sjølv gå fullstendig til grunne.

Den delen av prosjektet og boka til Bitsch som eg personleg festar meg mest med er fortellinga om alle dei vaksne som såg, visste, måtte ha visst og vart fortald korleis barnet Agnes hadde det, men som likevel valde å ikkje gjera noko for å hjelpa ho eller familien. For å få svar på det brennande spørsmålet om kvifor, har Bitsch gjort inngåande studie av offentlege dokument og journalar og oppsøkt ei rekke menneske som hadde med familien å gjera då ho var lita.

Den voksne Anne konfronterer dei ein etter ein. Sjølv om mange er imøtekommande og villige til å bli intervjua, møtar ho kanskje fleire bortforklaringar enn forklaringar: “Såg ikkje”, “visste ikkje”, “visste ikkje betre” “ting var annleis den gongen”, “falt oss ikkje inn at….”, “du var jo så flink og veltilpassa”, “mora di var så veltalande og kunnskapsrik”, “han framsto ikkje som ein typisk overgripar” og “det vart berre ikkje at me gjorde noko meir”.

Bitsch gjev oss eit nyansert innblikk i korleis vaksne sviktar eit barn. Ho konfronterer, men går langt i å prøva og forstå kvifor folk har handla, eller ikkje handla, som dei gjorde: Folk er prega av stereotypisk tenking om korleis ein overgripar eller ein alkoholikar er. Nokon er redde for den rasande mora, redda for å bli anklaga for å blanda seg inn i folk sitt privatliv. Mange har ei misforstått oppfatning av at eit overgrep er ei “konflikt”. Folk kjenner avmakt i situasjonen. Men det er også så banalt som at ein vil unngå ubehag, konflikt og konfrontasjon.

Det er vanvittig frustrerande å lesa om alle dei vaksne som såg teikna med ikkje spurde, ikkje undersøkte nærare og ikkje gjorde noko når barnet Agnes bad om hjelp. Og når den vaksne Anne konfronterer dei, så er det ingen som seier at dei sjølv har svikta og seier unnskyld for det. Dei som strekk seg lengst seier at “familien vart svikta”, utan å seia noko om kven som stod for sviket.

Kor mykje kunne det ikkje ha betydd om nokon til dømes sa: “Det må ha vore forferdeleg for deg som barn å ha det på den måten. Eg er frykteleg lei meg for at eg ikkje gjorde noko for deg. Det burde eg har gjort. Eg var vaksen og du var eit barn. Det var mitt ansvar å hjelpa deg. Det gjorde eg ikkje. Det ber eg om orsaking for. Fortell meg om korleis det var for deg som barn, Anne. Eg vil gjerne vita korleis du hadde.” Men det var det ingen som sa.

Me kan alle bli den vaksne som møter eit barn som Agnes. Som blir utsett for omsorgssvikt og vold og som treng hjelp, ber om hjelp. Då gjeld det å ha tenkt gjennom og ha bestemt seg for at du ikkje vil vera den vaksne som ikkje gjorde noko. Som såg vekk, fortalde deg sjølv at du ingenting kunne gjera, som ikkje spurde fordi du ikkje ville vita meir, som lot vera å handla fordi du ville unngå ubehag, unngå konfrontasjon, var redd for reaksjonar eller fordi du kunne ta feil.

Me må alle ta ansvar som medmenneske og som vaksne. Både privatpersonar og institusjonar har eit ansvar for å hindra at barn blir utsette for omsorgssvikt og vald. Konsekvensane av at dei av oss som ser og høyrer men ikkje handlar er hjerteskjerande og grusomme. Det er det som er ondskap. Dette får boka fram på ein tydeleg og innsiktsfull måte. Det er ein utruleg viktig bodskap.

Illustrasjonsbilde: Privat.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]