List

Etter å ha farta rundt i fabelaktige Lofoten i 10 dagar, kor me hadde padla, klatra, traska, køyrd og telta, var det plutseleg nok. Det var på tide me ein ferie frå ferien. 

IMG_7216

Ferien i Lofoten vart nett slik eg hadde drøymd om. Knapt ein drope regn. Utsikt over noko av det vakraste landsskapet eg nokon gong har sett. (Fullt på høyde med Steigen, med andre ord!) Ein masse ulike friluftsaktivitetar, og med mitt kjære Hillebergtelt som heim.

IMG_7247

Det einaste problemet med å få sjå utruleg masse forskjellig og gjera alt ein syns er artig, er at det tenderer til å ikkje vera særleg avslappande. Sjølv ein til tider litt hyperaktiv aktivitetsferie-entusiast må av og til ta det litt roleg.

IMG_7294

– Det er ingen ting eg har lyst til å gjera eller sjå, eigentleg, sa eg.Kva med deg?

– Ikkje eg heller, eigentleg.

IMG_7359

Forsynt. Slo me fast. I løp av eit par timar var utstyret dytta inn i bilen, me kom oss me ferga med eit nødskrik og same kveld var det duka for dusj, mjuk seng og reint sengetøy i Bodø.

Gjennom diverse familierelasjonar var det heldigvis tilgang på sjøhus med høg standard på Sandhornøya i Gildeskål. God vin, mat laga på kjøkken (ikkje stormkjøkken), reine klede, reine kroppar og kolaps på sofaen med ei god bok. Plutseleg skjøna eg kvifor dette er ein ferieform mange sverger til år etter år.

IMG_7454

Det er fantastisk godt å få pause frå rutinene i kvardagen, og alle dei dagane det er vanskeleg å skilja frå kvarandre fordi det ikkje skjer noko spesielt. Spektakulære naturopplevingar med dei gode folka gjev gode minner som bind oss saman.

IMG_7527

Men å heile tida skulle ta stilling til kva ein skal oppleva i dag, korleis ein får mest mogleg ut av feriedagen, korleis ein skal få treft alle ein gjerne vil treffa og flytta frå stad til stad, det er på ein måte langt meir slitsamt en kvardagsrutinane som frelser oss frå ei heil mengd avgjerder.

IMG_7309

Trangen til å realisera oss sjølve, gjera alt, sjå alt og på denne måten få mest mogleg ut av livet, er ein mentalitet som gjennsyrer samtida. Ikkje minst skal me heile tida visa fram for alle andre det me har gjort, sett og prestert.

IMG_7342

Ifemelu, hovudpersonen i ein roman eg las i vår, kommenterte den amerikanske kjærasten sin trang til å reisa, farta, gjera, sjå og oppleva: “Eg er van me å vera, ikkje gjera”. Sjølv er eg eit barn av (og kanskje til og med ein parodi på) mi tid og min kultur. Eg er van med å gjera, ikkje vera. Det er nesten som om eg ikkje heilt skjønar korleis det motsette kan gå an.

Foto: Helga Eggebø

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]