Aldri meir Ebola?

For eitt år sidan fekk verda auga opp for Ebola-utbrotet i Vest-Afrika. På fredag kom dei banebrytande forskingsresultata som viste 100 prosent effekt av ei ny vaksine. Eg skriv om kampen mot Ebola i Klassekampen i dag.

Metoden dei har brukt i studia er å identifisera Ebola-smitta i eit tilfeldig utvalde områd, for så å vaksinera alle som har vore i kontakt med, eller i kontakt med folk som har vore i kontakt med dei smitta. I nokre område har folk fått vaksinen umiddelbart. Andre har fått vaksinen seinare, som ei kontrollgruppe. Blant dei som vart vaksinerte med ein gong har ingen fått Ebola. I kontrollgruppa har 16 personar blitt sjuke. Dermed er det svært sannsynleg at vaksinen verkar.

Då studia vart sett i gong i vår, var talet på nye smitta gått kraftig ned. Det er altså ikkje vaksinen som stoppa utbrotet. Det er grunn til å tru at epidemien ebba ut fordi ein etterkvart har nådd fram med grunnleggande informasjon om hygiene og smittevern.

Ebola er svært dødeleg, men viste seg å ikkje vera så smittsam som mange hadde frykta. Viruset smittar ved direkte kontakt med kroppsvæsker frå sjuke eller døde, og er lettare å stoppa enn om det hadde vore luftbore. Det var aldri særleg sannsynleg med ein global epidemi.

Men det har vore krevjande å få folk til å følgja råda om korleis ein kan hindra smittespreiing. Mange held fram med å kyssa dei døde farvel. Mange nekta testing, skjulte dei døde og sjuke og lét vera å senda dei til Ebola-sentra. Det er lett å rista oppgitt på hovudet over dette, og tenkja at sjukdommen spreidde seg fordi folk er uopplyste, uutdanna og dumme.

Men heller enn å trekka slike konklusjonar må ein forstå kvifor folk ikkje samarbeider med myndigheiter og helsepersonell Det handlar om at svært mange menneske i Liberia, Guinea og Sierra Leone har lite eller inga tillit til at dei får korrekt informasjon eller hjelp frå myndigheitene. Det har dei heller ingen grunn til å ha, etter tiår med krigar, massakrar, diktatur, kupp og korrupsjon. Og når det aldri har vore helsehjelp å få ved fødselskomplikasjonar eller når spedbarn døyr av diaré, kvifor skulle ein ha tiltru til at det er hjelp å få ved blødingsfeber?

Det er ikkje berre folk i Vest-Afrika som har lite tiltru til helseinformasjonen frå myndigheitene. Mest halvparten av alle amerikanarar var svært redde for at Ebola skulle ramma dei, viste ei undersøking i 2014. Denne redsla heng saman med at 85 prosent av dei spurde trudde sjukdommen kunne smitta ved hoste og nys. Helsemyndigheitene informerte om att og om att om at dette ikkje er tilfelle, men 30-40 prosent trur ikkje at informasjonen frå myndigheiter og ekspertar er rett.

Ebolavaksinen ser ut til å vera eit enormt medisinsk gjennombrot. Men skal verda kunne stoppa ein epidemi i framtida, må ein arbeida på fleire frontar. Det mest grunnleggande er å byggja opp ei primærhelseteneste. I Etiopia kan ein visa til gode erfaringar med å tilsetta to helsearbeidarar i kvar landsby på om lag 5000 menneske. Desse er rekruttert frå landsbyane og får eitt års basisutdanning i helsefag. På denne måten får folk hjelp og informasjon frå nokon nær dei, som kjenner lokalsamfunnet og som dei har tillit til. Internasjonale organisasjonar kan støtta opp om arbeidet med å byggja opp fungerande nasjonale helseteneste.

Viss der ikkje er hjelp å få ved vanlege og svært dødelege helseproblem knytt til graviditet, fødsel, underernæring og forureina drikkevatn, så er det ingen grunn til at folk skulle ha tiltru til helsepersonell og myndigheiter den dagen ein global epidemi er på trappene.

Teksten var først publisert i Klassekampen 5. august 2015.

Kjelder:

Leave a comment

Your email address will not be published.