List
Foto: Helga Eggebø

I august, for eit par år sidan, vandra eg opp ei fjellside i Beiarn med ei tilitersbøtte i handa. Sola blenkte i bekkar og vatn og dei gule og oransje fargane på myrene bar bod om at det byrja bli haust i fjellet. Plutseleg såg eg den første molta innimellom eit bjørkekratt i utkanten av myra. Ho stod der i guloransje prakt, varm og solmoden og så tung at strået bøygde seg mjukt mot bakken. Eg plukka ho, putta ho i munnen og nøyt den søte og karakteristiske smaken av molter. Då eg løfta blikket, såg eg at heile myra var dekka av det edlaste gull!

Foto: Marius Skaiaa

Seinare har eg minst denne augusthelga som den gongen me plukka 10 liter molter på fjellet bak hytta. Dersom eg skulle få leva eit langt liv, vil det etter alt å døma koma ein dag då eg ikkje lengre greier å gå opp traktorvegen og inn på fjellet. Eg vil ikkje få sjå dei haustfarga myrene eller bøya meg ned og plukka moltene.

Foto: Helga Eggebø

Bakgrunnen for at eg har tenkt og skrive ein del om aldring dei siste åra, er eit pågåande forskingssamarbeid med Tana og Steigen kommunar. Her har me intervjua eldre, pårørande, tilsette og leiarar om aldring og omsorg.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Sosial omsorg

Eit hovudfunn er at sosial omsorg er ein blind flekk i norsk eldreomsorg. Kva meiner me med sosial omsorg? Jo, med sosial omsorg meiner me: “Å sjå folk, og leggja til rette for meningsfylte aktiviteter og sosiale relasjoner”. Jamfør Helse og omsorgstenestelova skal sosial omsorg vera ein del av dei lovpålagde tenestene. Det er formulert på denne måten:

Fremme sosial trygghet, (…) forebygge sosiale problemer, og (…) sikre at den enkelte får mulighet til å leve og bo selvstendig og til å ha en aktiv og meningsfylt tilværelse i fellesskap med andre.

Helse og omsorgstenestelova
Foto: Thor-Rune Hansen

Personfokusert omsorg

Omgrepet sosial omsorg har ein del til felles med det som Tom Kitwood har kalla “personfokusert omsorg”. Essensen i personfokusert omsorg er å møta folk med anerkjennelse, respekt og tillit, og gje omsorg på ein måte som ivaretar identititet og sjølvkjensle. I offentleg politikk og helsetenester har det vore eit aukande fokus på personsentrert omsorg.

Begrepet sosial omsorg ligg også tett på regjeringa sin kvalitetsreform for eldre. I Stortingsmeldinga slår ein fast at «aktivitet og fellesskap» er eitt av fem sentrale område kor dagens tilbod til eldre ofte sviktar (Meld. St. 15 (2017 –2018)). Altså eit argument i tråd med vårt funn om at sosial omsorg er ein blind flekk i norsk eldreomsorg.

La meg no gå vidare frå politiske målsetningar faglege omgrep, til å gje eit innblikk i perspektiva til dei som har teke del i denne forskinga.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Eg kan ikkje klaga

Dei fleste av dei gamle me har snakka med gav uttrykk for at dei i hovudsak fekk den hjelpa dei trong når det gjeld helsetenester, tilrettelegging i huset og praktisk hjelp til matlaging, dusjing og påkleding. «Eg kan ikkje klaga!» var ei formulering som gjekk igjen.

Men eit gjennomgåande tema når folk snakka om kva dei kunne hatt bruk for, kva dei ønskte seg og kva dei sakna, det var å koma seg ut av huset, treffa folk og gjera ting som hadde vore viktig i livet deira. Ei av kvinnene me intervjua – me har vald å kalla ho Gerd – uttrykte seg på denne måten:

Når de er her for å vaske meg og kle på meg strømpene, så sier jeg at jeg skulle vært på kafeen. Men de svarer meg ikke på sånt. Nei, de skal bare vaske meg, så det er bare å holde seg hjemme.

Gerd fekk ikkje den hjelpa ho trong til å koma seg ut av huset og treffa folk og gjera noko meiningsfylt, slik ho ønskte seg.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Dei tilsette i omsorgstenestene har erfart at når folk ikkje har eit tilbod om å koma seg ut av huset og gjera noko meiningsfylt, til dømes når dagsenteret er stengt om sommaren eller under dei lange koronanedstengningane, har mange fått ei mykje dårlegare helse og behovet for institusjonsplass blir større. Dette illustrerer kor avgjerande meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar kan vera for helsa, og for evna til å leva med dei helseutfordringane me måtte ha.

Det medisinske først

Gerd si forteljing illustrerer kva me veit frå tidlegare forsking frå både Noreg og andre land i Europa: Eldreomsorga er først og fremst er retta inn mot å gje naudsynt helsehjelp og praktisk bistand i heimen, til hygiene og husstell. Det medisinske er prioritert og det sosiale er nedprioritert. Det betyr ikkje at folk alltid får den helsehjelpa dei treng og har rett på. Men det medisinske har likevel ein større legitimitet. Det er sjølvsagt på ein annan måte enn sosial omsorg.


Foto: Moms hands av danna § curious tangles CC BY-NC-ND 2.0

Koronasituasjonen har sett dette på spissen: Mange har fått kjenna på kroppen korleis isolasjon, passivitet og redsle har svært negative konsekvensar for helse og livskvalitet. Men med ein global pandemi har smittevernet blitt det overordna.

Foto: Helga Eggebø

Det manglar ikkje på forsking som dokumenterer at anerkjennelse og tilgang til meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar er avgjerande for helse og livskvalitet. La meg no gje eit innblikk i kva dette kan handla om i praksis:

Foto: Torbjørn Eggebø

Historiar om livet

Den første personen eg intervjua var Arne på godt over 90 år. Han hadde ikkje så mykje å melda om eldreomsorga og den hjelpa han fekk, men fortalde villig vekk om livet: Han skildra røvarhistorier frå havet, legendariske moltemyrer, fjellturar på langstrakte vidder og fortalde om den dramatiske evakueringa av Finnmark under andre verdskrig. Arne fortalde om seg sjølv som ein fysisk sterk, oppegåande og politisk engasjert mann. Han fortalde også om kor utruleg godt det hadde vore å atter sjå barndommen og ungdommens landskap igjen, då sonen tok han med dit på hans eldre dagar.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Eit ektepar frå Tana fortalde stolt om korleis dei i løp av livet hadde bygd opp ein gard og litt turisme. Dei hadde stått på, alltid greidd seg sjølv og laga sin eigen leveveg. Ei anna eldre kvinne fortalte om korleis ho heile livet har kjempa for rettane til dei eldre og dei av oss som har nedsett funksjonsevne, og framleis stod på og kjempa for eit godt omsorgstilbod for eldre.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Å bli sett som den ein er

For oss illustrerte dette kor utruleg viktig det er for folk – eg vil tru for oss alle – å bli lytta til og sett for det me kan og det me har bidradd med. Dette er essensen i personsentrert omsorg. Men dei av oss som er blitt gamle – og kanskje svekka på ein eller annan måte – blir gjerne ikkje sett på den måten. Men ofte redusert til ein pleietrengande, hjelpelaus og ressurskrevjande person.

Foto: Helga Eggebø

Prologen om moltemyra og forteljinga til Arne illustrerer eit generelt poeng om datamaterialet i forskinga vår: Forteljingar om fjellet, fjorden og folka var eit gjennomgangstema.

Foto: Helga Eggebø

Dei gamle me snakka med fortalde om fiske i Lofoten, på Finnmarka, i fjordar og elver. Dei fortalde om fjellet der dei gjette dyra og jakta småvilt, om liene der dei hadde plukka blåbær og om øyene og vidda der dei hadde plukka molter. Dei fortalde også om mjølking og dyrking av poteter og fôr til dyra på smågardar i Nord-Noreg. Nokon fortalde med humor og nostalgi om alt dei hadde opplevd i ungdomstida.

Foto: Helga Eggebø

Mista og sakna

Andre fortalde med eit større innslag av sorg over alt dette som dei ikkje lengre hadde tilgang til: dei skulle så gjerne vore på sjøen, eller på hytta eller sett sine bein på markene i fjordbotn der dei vaks opp

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Å bli møtt med anerkjennelse og ha tilgang til meiningsfylte aktivitetar er eit grunnleggjande menneskeleg behov. Men akkurat kva som er meiningsfylt for kvar og ein av oss, det har alt å gjera med livet me har levd, stadene me har budd og folka me har hatt rundt oss.

Sosial omsorg er eit kjernepunkt i god eldreomsorg, anten det er på bygda eller i byen, i Noreg eller andre stader. Men kva innhald dette har – heilt konkret – vil nok variera noko frå stad til stad og frå person til person.

Sjølv om sosial omsorg på systemnivå er ein blind flekk i norsk eldreomsorg generelt, har me dokumentert mange døme på god sosial omsorg i Steigen og Tana som eg trur me kan læra mykje av.

Foto: Eva Hansen

Meiningsfylt aktivitet

Torsdagsklubben er eit dagtilbod organisert av frivillige, i samarbeid med kommunen, og med stønad frå sentrale myndigheiter.

Ein føremiddag kom gruppa av eldre og frivillige til garden. Ei eldre kvinne som levde med demens – la oss kalla ho Elisabeth – var svært forvirra og trist då ho kom. Ho vart invitert inn i stova og fekk ein kattunge på fanget.

Ein av dei frivillige hadde med babyen sin og sette seg ved sida av. Gruppa song nokre songar i lag. Og i løp av nokre minutt var Elisabeth tilbake i sitt vanlege smilande og lattermilde humør. Dyr, barn og musikk gav den tilknytinga til menneske, naturen og livet som gjorde at ho hadde det godt.

Foto: Helga Eggebø

Så tok Ketil fram ei gamal fiskestong i tre, eit kompass og gamle kart. Dei sende rundt så alle i gruppa fekk sjå og ta på. Det inspirerte til ein samtale om fisketurar, gode fiskevatn og storfisken.

Foto: Helga Eggebø

Ingen grenser

Å laga mat i lag er ein viktig del av aktivitetane. Mat frå garden, fjorden og fjella. Torsdagsklubben har ein atmosfære av gjensidigheit og fellesskap. Det er like kjekt for dei frivillige, for meg som fekk vera med som forskar, som for dei andre som er med. Det var ei kjensle av å vera i lag med gamle, eller nye, vener.

Foto: Sverre Bye

På dagsenteret i Tana jobbar dei godt med å tilretteleggja for aktivitetar som er knytt til fjorden, elva og fjellet. I vår tok dei med seg ei gruppe til Smalfjordvatnet før Ifjordfjellet. Eit vatn som ligg nære vegen. Der borra dei hol i isen, sette ut snøre og ordna bål.

Foto: Helga Eggebø

Dei kokte kaffi og steikte røyka reinskjøt på bålet. Kjøtet hadde dei røyka sjølv i lavvo, på den måten det er tradisjon for. Det var ein av brukarane på dagsenteret som hadde vist korleis det skulle gjerast. Ho som var ansvarleg for turen hadde dessutan ordna med gode varme klede – mellom anna den samiske ponchoen «lukkha» – så folk heldt seg gode og varme medan dei fiska.

Folk kosa seg og snakka om det i dagevis etterpå. Dei tok bilete og viste fram til pårørande. Det var spesielt en mann som begynte å minnes dei turane han hadde gått på ski, langt innover fjellet inn til vatna for å fiska røye og ørret som dei grilla på bål. Fisketuren med dagsenteret var berre like ved vegen, men det var ei god oppleving og vekte gode minner. Som ei tilsett sa:

Så det finnes ikkje grenser for kva eg setter i gang da. Eg tør å gjera det og eg får det til.

Foto: Helga Eggebø

Ei anna tilsett fortalde ei historie om ei eldre kvinne på sjukheimen som hadde vore så uroleg. Ho levde med demens og hadde mest mista språket. Om natta vandra ho rundt utan å finna ro, og ingen medisin hjelpte ho til å sova. Den tilsette kom til å tenkja livhistoria til denne kvinna. Ho visste mellom anna at kvinna hadde vakse opp i ei gamme på vidda. Dei kvite og sterile lakna og veggene på sjukeheimen var så langt unna den trygge mørke soveplassen i gamma. Den tilsette pakka med seg nokre reinskinn heimefrå då ho skulle på vakt. Ho la dei på golvet på rommet til kvinna og la seg ned ved sida av ho ei stund til ho sovna trygt og roleg.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Nøkkelen til god omsorg

Deltakarane i vårt forskingsprosjekt bur i Tana og Steigen – to utkantkommunar i nord der fiske, jordbruk, hausting frå naturen har og er viktig for folk i bygda.

Poenget er at folk får delta aktivitetar som har vore ein viktig del av livet, og at det å kjenna på jorda, sjå landsskapet, halda i reiskaper og laga mat gjev tilgang til minner og ei kjensle av tilknyting til livet, staden og andre folk.

Foto: Helga Eggebø

Nøyaktig kva folk opplever som meiningsfylt og viktig er nært knytt til det livet folk har levd, til kva ein kan, kor ein har budd og den tida ein har levd i. For meg var det haustfargane i fjellet og minna om moltemyra som dukka opp. Kva er det som er viktig for deg, og for dei gamle som er ein del av ditt liv? Svaret på det spørsmålet er nøkkelen til god omsorg.

Teksten er basert på eit føredrag eg holdt ved Helsedirektoratets fagseminar om aldring i rurale strøk den 16. juni 2021.

Forskingsfunna eg skildrar her kan du lesa om den vitskaplege artikkelen «Land, history and people».

Les også Minna om moltemyra, publisert i Harvest magasin 17. juni 2019.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

september 6th, 2021

Ripskaka til Lindis

I går var heile familien ute på sopptur. (Ja, du las rett. Det var sopp og ikkje rips som var […]

september 1st, 2021

Collective qualitative analysis

As a PhD-candidate, I remember feeling overwhelmed, baffeled and alone – almost in panic – the day I had finished […]

august 24th, 2021

Levekår blant skeive

Hvordan er levekårene til skeive i Norge i dag sammenliknet med levekårene til heterofile og cispersoner? Dette spørsmålet finner du […]

august 19th, 2021

Fjorden, fjellet og folka – om å bli gamal i Steigen og Tana

I august, for eit par år sidan, vandra eg opp ei fjellside i Beiarn med ei tilitersbøtte i handa. Sola […]

juni 9th, 2021

På jobb kan eg gå på do åleine

I dag er første dag på jobb etter foreldrepermisjon. Ungen byrja i barnehagen i dag, og eg sit framføre datamaskinen […]

februar 24th, 2021

Permisjonsekspedisjonar 2021

Med ein baby eller fleire på slep blir friluftslivet hakket meir utfordrande enn det elles hadde vore. Fordelen med det […]

februar 16th, 2021

Prima permisjon!

No nærmar det seg eit år sidan eg gjekk ut i permisjon og Noreg like etter stengde heilt ned på […]

februar 16th, 2021

Heving av botidskravet for permanent opphold truer rettsstaten

7. desember 2020 vedtok Stortinget at botidskravet for permanent oppholdstillatelse heves fra 3 til 5 år, med umiddelbar virkning. Denne […]

desember 23rd, 2020

Pepperkakespesial 2020

Alle i heile verda er vel samde om at det er ein ting som har sett sitt preg på 2020, […]

desember 20th, 2020

Skrivelyst

Då eg var barn hadde eg lyst til å skriva. Ein gong på 80-talet, i god tid før eg vart […]