Flyttehelvete

Eg har allereie flytta 11 gonger sidan eg vart vaksen. No står eg midt i det tolvte flyttelasset. Eg hater det.

Berre for å avdramasitera litt: eg flytter ikkje frå Steigen, altså. Berre eit steinkast lengre inn i kommunen, nærmare bestemt Sjåvika, Breivika, Foldstranda, Nordfold (kjært barn har som kjend mange namn). Huset er nydeleg og ligg fantastisk til, så det er ikkje noko dårleg bytte.

Men du veit korleis det er. Alt ned i kassar. Er det mogleg at eg har så mykje ting og rot endå mesteparten framleis står trygt lagra? Kvifor har eg ein kort og åletrang svart kjole med dristig skjering? Eg brukar ikkje sånt. Kva skal eg med heile tre skytevåpen. og kvifor veger våpenskapet 100 kg? Kva skjedde med å bli ein sånn buddistisk munk som berre eig sju ting? Det burde eg jammen prøva innan neste flytting.

Og så skal alt ut av kassane og inn i nye hyller, skuffer og skap. Endå meir arbeid enn å sopa det heile oppi esker og vesker og posar. Ettersom me held fram på leigmarknaden og eg framleis har eit husvære i Oslo, kan eg vera nokså viss på at dette ikkje blir det siste flyttelasset dei næraste åra.

Illustrasjonsbilde: boxes av Toni Girl, CC BY-NC-ND 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content