List

Der er ei rekke bøker som har fascinert og underhold meg stort siste året. Alle har dei til felles at dei handlar om livet på Nordlandskysten i førre århundre.

De usynlige og Hvitt hav av Roy Jacobsen har vore på bestselgjarlistene på kvar einaste flyplass eg var innom ein periode. Fortellinga om familien på Barrøy – langt, langt ute i havet på Helgelandskysten – er ei historie som sitter igjen lenge etter at boka er lesen.

Tenk at det har budd folk på eit sånt skjær i havgapet. Utruleg nok gjekk det an å fø eit par kyr og sauer der ute og dyrka litt potet og gulrot. Elles kom både maten og pengane frå havet. Der fisken er å finna, der går det an å bu.

Karakterane i boka er ordknappe av seg. Der er ikkje mykje tekst på dei sidene som består av dialog. Men som lesar får ein likevel læra dei å kjenna. Og sjølv om livet der ute på skjæret er barskt og hardt på ein måte eg aldri sjølv vil oppleva, så er livet sånn som livet er: kjærleik, sakn, draumar, kompliserte relasjonar og ikkje minst arbeid.

Eg må ha meir av dette, tenkte eg då Hvitt hav vart lesen ut på ein einaste reisedag. Eg kom til å minnast at eg hadde fått tilrådd Den siste viking av Johan Boyer, og kom meg på folkebiblioteket for å la meg oppsluka av nye historiar om kysten i Nord.

Boka handlar om tre båtar og mannskap frå ei bygd på Trøndelagskysten som kvart einaste år reiser på Lofotfiske – i likskap med menn frå heile den lange kysten frå midt i landet til heilt nord i Finnmark. Dei seglar nordover helgeland og kjem til Grøttøya her utføre Steigen kor dei ligg å venter på trygt vêr og god bør over Vestfjorden.

Det går ikkje an å sørgja føre familien på dei små, små bruka nordover langs kysten. Kvart einaste år er det draumen om storfiske som driv dei nordover med glans i blikket. Tenk den dagen torsken står tett som sild i tønne utføre Lofoten og småkaren endeleg skal tena seg rik.

Men i løp av historia så viser det seg så alt for tydeleg at det heile er ordna på ein sånn måte at det alltid er storkarane som sit igjen med profitten og øvrigheita som sit med makta. Same kor godt fiske ein og annan gong skulle bli, så er det dei fattige som gjer jobben og sit igjen med så lite – eller døyr på havet. Og om det ikkje var hardt å vera fiskerkone, så er det enda hardare å vera fiskarenke.

Ja, kva med livet til fiskarkonene og fiskarenkene? Skulle eg ha noko å utsetta på Johan Bojer sine fortellingar, så er det nett dette. Vel får me eit og anna glimt av livet der heime også, medan mennene er på havet. Men bilda er ikkje like tydelege. Når alt kjem til alt blir det berre ei halv historie.

Eg vil gjerne lesa om livet til dei som dreiv gardane på dei yttste skjæra, og som aldri kom seg verken på Lofoten eller nokon annan stad, erklærte eg i ein samtale med ein nabo. Då stod ho klar med tilrådinga: les Herbjørg Wassmo Hundre år.

Wassmo har skrive ei fabelaktig fortelling om formødrene sine. Som alle vart fødde og levde livet på Nordlandskysten. Frå tippoldemora midt på 1800-talet og fram til Herbjørg sjølv vart fødd omlag hundre år seinare.

Dei fødde alle ti barn eller fleire. Dei dreiv gardar og hushald og gifta seg med menn som døydde frå dei. Hundre år fekk meg til å minnast eit innlegg eg las av Ida Jackson, kor ho skriv om kor slitsamt og altoppslukande det er å bli mor: “At jeg ikke har sett dette før, hvor sterkt patriarkatet er i alle fortellingene våre, der barn blir født i bisetninger”.

I Wassmo si fortelling blir ikkje barn fødd i bisetningar, for å seia det sånn. Å vera gravid, amma og oppdra endå eit barn til anna kvart år heile sitt vaksne liv, så må det meir enn ein bisetning til.

Og likevel rommer boka så mykje meir av livet og menneske enn å vera ein slags fødemaskin. Det er kjærleik, livslyst, depresjon og sakn. Det er trangen til å reisa ut og sjå verda, tørsten etter kunnskap og behovet for å lesa stor litteratur om livet til andre menneske på denne jorda. Og trangen til å bli forstått og sett av eit anna menneske.

Takk til Martin Kjølstad og Jutta Tørkel for boktilrådingar!

Illustrasjonsbilde: Helga Eggebø

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]