Folkemord eller forbrytelser mot menneskeheten?

Korleis skal me laga eit internasjonalt rettsvern som på beste og mest mogleg effektive måte kan trygga folk mot forfølging og massedrap? Etter andre verdskrig var dette eit brennaktuelt og akutt spørsmål for det internasjonale samfunnet. Over ti millionar menneske hadde nazistane utsett for systematisk forfølging og drap fordi dei var jødar, rom, polakkar, russarar, homofile eller hadde funksjonshemningar (Store norske leksikon).

Rettsprosessane og utviklinga i Folkeretten etter 1945 er tematikken som den juridisk-sosiologisk-biografiske romanen “Tilbake til Lemberg” krinsar om. I boka skriv forfattaren Phillipe Sands om sin bestefar og sin eigen jødiske familie og deira skjebne. I tillegg handlar boka om dei to juristane Raphael Lemkin og Hersch Leuterpacht. Begge to var frå byen Lemberg, akkurat som forfattarens bestefar, og byen er bindeleddet mellom tre familiars skjebne og sentrale hendingar i Europa gjennom heile 1900-talet.

Lemkin og Leuterpacht vart begge hardt ramma av Holocaust og spelte ei sentral rolle i Nurnbergprosessane og i utviklinga av internasjonal strafferett. Men dei var heilt usamde om korleis jussen på beste og mest mogleg effektive måte kan trygga folk mot forfølging og massedrap.

Lemkin stod bak omgrepet “folkemord” – eller genocid – som var den opphavelege nemninga. Folkemord definerte han som “tilintetgjørelse av grupper på grunn av deres rasemessige eller religiøse tilhørighet, handlinger rettet mot sivilbefolkninger i okkuperte områder med det mål å utrydde bestemte raser eller klasser eller nasjonale, rasemessige eller religiøse grupper, i særdeleshet jøder, polakker, sigøynere og andre”. Han meinte at det var heilt naudsynt å erkjenna og ta konsekvensen av at over 10 millionar menneske var blitt forfølgd og drepne, ikkje på grunn av politiske meiningar eller individuelle handlingar, men fordi dei tilhøyrde ei bestemt gruppe.

Leuterpacht derimot meinte at det beste juridiske grepet var å fokusera på at alle menneske har grunnleggande rettar – som menneske og ikkje først og fremst som medlemmar av ei gruppe – til ikkje å bli utsett for “mord, utryddelse, deportasjon og andre umenneskelige handlinger begått mot sivilbefolkningen”. Leuterpacht var redd for at det å fokusera på grupper ville kunne forsterka den biologiske og essensialistiske gruppetenkinga som ligg til grunn for forfølging. Som forfattaren forklarer:

“Det forsterker følelsen av solidaritet mellom medlemmene av offergruppen og skjerper negative følelser mot overgrepsgruppen. Begrepet «folkemord», med sitt fokus på gruppen, har en tendens til å forsterke følelsen av «dem» og «oss», til å befeste gruppeidentiteten, og kan uforvarende gi opphav til den samme situasjonen det er et svar på: Ved å sette en gruppe opp mot en annen gjør man forsoning vanskeligere”.

Boka gjev ein knallgodt innblikk i dette sentrale juridiske dilemmaet eller spenningstilhøvet som kjenneteiknar utviklinga av Folkeretten etter 1945. Forfattaren vidareformidlar på ein overtydande måte ei djup forståing av begge dei to synspunkta som høvevis Lemkin og Leuterpacht tok til orde for.

Eit fellestrekk mellom dei to – Lemkin og Leuterpacht – er at dei begge hadde ei optimistisk tru på at loven kunne endra verda til det betre og trygga menneske mot grusomme forbrytingar. Dessutan tok dei begge eit kraftig oppgjer med den rådande tankegangen som låg til grunn for Folkeretten tidleg på 1900-talet:

Den gongen regulerte Folkeretten utelukkande tilhøva mellom statar, og kva statar hadde lov og ikkje lov til å gjera mot kvarandre. Folkeretten inkluderte ikkje regulering av kva statane hadde lov og ikkje lov til å gjera mot si eiga befolkning. Kort fortald: statens systematiske forfølging og drap på eiga befolkning var ikkje ulovleg og andre statar hadde inga rett til å blanda seg inn i slike “interne” spørsmål. Statens såkalla “suverenitet” var det overordna prinsippet som låg til grunn for folkeretten. Som Sands skriv om Tyrkias folkemord på armenarar:

“Folkeretten tillot en suveren stat å gjøre som den lystet, den gang. Besynderlig nok fantes det ingen avtaler og traktater som kunne hindre Tyrkia i å handle som det gjorde, i å drepe sine egne innbyggere. Suverenitet betød total og absolutt suverenitet”.

I krigsoppgjeret etter første verdskrig hadde dei seirande maktene sett eit behov for å innføra rettsleg vern av minoritetar, etter at Polen hadde drept eller deportert den tyske og jødiske befolkninga i Polen. Den amerikanske presidenten fremja forslag om ein såkalla “minoritetstraktat” som skulle sikra rettane til minoritetsgrupper i landet.

Men Storbritannia protesterte. Dei var uroa for at andre grupper då skulle få liknande rettar, til dømes «amerikanske negre, irer fra Sør-Irland, flamlendere og katalanere». Ein kunne ikkje trygga minoritetar i alle land, meinte dei, for det ville bety at det internasjonale samfunnet hadde rett til å trygga “kineserne i Liverpool, de romersk-katolske i Frankrike, franskmennene i Canada, for ikke å nevne et langt alvorligere problem, nemlig irene». Storbritannia protesterte derfor mot ei kvar svekking av suverenitetsprinisippet, det vil seia statens rett til å behandla folk som ein ville.

Desse protestane frå mellom anna Storbritannia, som ville ha seg frabedt rettar til “amerikanske negre”, kan virka utdatert i dag. Men spenninga mellom – og usemja om – suverenitet versus minoritetsvern er ikkje mindre aktuelt i dag enn det var tidleg på 1900-talet. Dette spørsmålet var til dømes kjerna i dissensen som Hege Skjeie tok ut under arbeidet med “Maktutredningen” på 1990-talet. Cathrine Holst har oppsummert Skjeies posisjon på denne måten:

“Der utredningsflertallet konkluderte med at «folkestyret forvitrer», blant annet som en følge av «rettsliggjøring», understreket Hege hvordan inkorporering av internasjonale konvensjoner i norsk lovverk hadde bidratt til en styrking av individers vern mot diskriminering og dermed deres mulighet til «samfunnsdeltagelse på like vilkår», som Likestillingsutvalget Hege ledet fra 2010 til 2012 formulerte det. Hege reagerte særlig, og med rette, på hvordan utredningsflertallet gjennom sin brede rettsliggjøringskritikk bidro til å usynliggjøre sammenhengen mellom et styrket diskrimineringsvern, minoriteters rettigheter og «kvinners bemektigelse»”.

Statens suverenitet versus internasjonalt rettsleg vern for enkeltmenneske er også eit kjernespørsmål i dagens politiske usemje om asylsystemet.

Boka “Tilbake til Lemberg” er fantastisk interessant og vel verd å lesa. Eg vil ikkje akkurat karakterisera ho som ein “page turner”, men det er faktisk ikkje så veldig langt ifrå, sjølv om boka handlar om grusomme hendingar og komplekse juridiske spørsmål. Ein liten bonus for min del har vore at boka er juridisk og historisk nok til å vera ein smule søvndyssande om kvelden. Med uroleg gravidkropp har det vore heilt strålande å kosa seg med eit par sider med viktige spørsmål, for så å sovna som ein stein.

Illustrasjonsbilde: Struikelstenen familie Mossel, av Roel Wijnants

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content