List

I fjor laga me pepperkaker, Marius, Magnus, naboane og eg. Eg trur det må vera første gongen eg har laga pepperkaker i eige hus. Med kjevla deigen “så flat som ei pannekake”, og laga “mann og konekaker”, som det heiter i den berømte songen. Så pynta me med nonstop og melis. Det var avansert nok med to 2-åringar rund bordet.

Men då eg var barn – på 80- og 90-talet – var ambisjonsnivået høgare enn som så. Det byrja i og for seg med det ganske ordinære pepperkakehuset. Eg må vel ha vore omlag 2-år? Kan det ha vore jula 1984? Det var i alle fall heime i Skoleveien 10, 9180 Skjervøy.

86

Eg trur det må ha vore første og siste året det vart baka noko så ordinært som hus av pepperkakedeigen hjå familien Vassbø/Eggebø. Eit par år seinare hadde me avansert til ekte sjørøverskute i pepperkake. Med ekte pepperkakemast, tauverk i lakris og fender av sjokolade i sølvfolie. Reisverket bak “treverket” er duplobåten som Magnus og søskenbarna leiker med den dag i dag.

88

Eit anna byggverk eg hugsar frå Skjervøy tida var dette pepperkakeslottet eller borga. Eg meiner å hugsa at det også vart omtalt som eit kråkeslott, noko eg ikkje sette pris på.

87-1

I 1989 flytta me frå Skjervøy. Det var definitivt mot min vilje og til mi store sorg. Men pepperkaketradisjonen vart i alle fall med sørover (utan at det eigentleg hjelpte på noko som helst). Eit år bygde me denne flygande tallerenen – eller UFOen – i pepperkake. Den hadde landa på seks bein – som også var laga av pepperkake. UFOen var full av raude og grøne menn. Midt i jula – i nattens mulm og mørke – kollapsa byggverket. Av uvisse grunnar.

89

Etter at me flytta sørover til oljefylket Rogaland peika det neste pepperkake prosjektet seg naturleg ut: Oljeplatform.

92-2

Her er pappa (Torbjørn Eggebø) i aksjon ved kjøkkenbenken. Det er som Mods sang det: “Me va møye yngre då. Det e lenge siden nå”.

92-3

Oljeplatform – med reisverk av Duplo – var ikkje nokon lettvint pepperkakekonstruksjon. Men etter ein bilferie på 90-talet – kor me mellom anna utforska svevebanar og fjell i Alpene – nådde ambisjonsnivået nye høgder. Bokstaveleg talt. Me bygde ein svevebane i pepperkake. Reisverket var laga av eit lekebyggesett frå pappa sin barndom. Vognene svevde opp og ned  gjennom stua og opp mot loftsstua, frå stasjonen til platformen høgt der oppe.

95-4

95-2

95-1

95-3

Den grøne seigemannen som ligg strekk ut representerer lillebror Håkon som ikkje tålte høgda på 3000 meter over havet særleg godt.

Klassikarane står seg, så når dei små brørne (Håkon og Ingvar) vaks til, var det på tide å gjenta sjørøverskuta, første gong konstruert på Skjervøy før 1990.

96

Det byggverket eg sjølv er aller mest stolt av er ein tro kopi av Borgund Stavkyrkje.

97-3

I dette prosjektet spelte eg ei sentral rolle og la ned veto mot alle uestetiske uttrykk i form av smågodt. Kyrkja vart heller tjærebredd med smelte sjokolade, og pynta enkelt og stilreint med eit lag lett nysnø.

Eit anna meisterverk er den sagnomsuste Titanic, her i pepperkakemodell.

98-6

Overdådig pynting med smågodt er som du ser avlyst. Det som gjeld er å vera tru mot det originale estetiske uttrykket. Lillebror Håkon hadde vakse til og utvikla eit visst ingeniørtalent og evne til konsentrasjon.

98-3

98-8

Fleire av dei berømte bygga i verdshistoria stod for tur. Her er det London Bridge me har kopiert. Fullt ut funksjonell med heve- og senkefunksjon.

99-1

Så på eit tidspunkt var det dei yngre syskna i familien som tok over ansvaret og konseptutviklinga. Det er kanskje inga overrasking at det ikkje er eg som var primus motor bak Mordor frå Ringenes Herre. Dette byggverket – regissert av Ingvar – vart ganske fabelaktig!

a22-6

a22-2.

a22-7.

Skal tru kva pepperkakeprosjekt det blir i år?

Foto: Torbjørn Moe Eggebø.

Meir galskap og moro frå Eggebøklanen anno 1990-talet: Søskenbarntur.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]