Grande blir likestillingsminister og Ropstad sit igjen med pengesekken

Når likestillingspolitikken skal ut av departementet, sit Kjell Ingolf Ropstad igjen med heile pengesekken. Det er dei 30 milliardane – eller 30 sølvpengane om du vil – han har fått for å forråda Hareide.

Likestilling som politisk saksfelt har høyrd til i same departement i nesten 30 år. Med Ropstad sitt inntog i departementet skal likestillinga ut. Dette er ikkje berre eit symbolpolitisk spørsmål om namnet på departementa og kva for ein minister som skal gå i Prideparaden. Dette er i aller høgaste grad eit spørsmål om pengar, makt og politiske prioriteringar.

Likestillingspolitikken har alltid vore plassert i det departementet som har hatt ansvar for familiepolitikken og dei to saksfelta er tett vove saman. Likestillingsavdelinga i departementet har hatt ansvaret for viktige familie- og likestillingspolitiske ordningar som barnetrygd, kontantstønad og foreldrepengeordninga. Det er snakk om over 30 milliardar kroner, og utgjer nesten heile budsjettet til departementet og ein god slump av NAV-budsjettet (jamfør NOU 2011: 18 side 59).

Den norske foreldrepengeordninga – som legg til rette for at begge foreldre skal kunne kombinera lønnsarbeid og omsorg for små barn – er ein berebjelke i den norske likestillingsmodellen. Utanlandske delegasjonar har valfarta til landet for å studera denne ordninga, og ein likestilt familiemodell har brei støtte i befolkninga. Fedrekvota som vart innførd i 1993 har ført til ikkje mindre enn ein «papparevolusjon», med det resultatet at dagens fedrar tek like mykje ansvar for sine små barn som mødrer.

Det at likestillingspolitikken alltid har vore plassert i familiedepartementa har også hatt nokre ulempe. Likestillingsministrane har ikkje hatt nok påverknad på arbeidslivspolitikken, som også er heilt avgjerande for likestillinga. Dei har heller ikkje hatt tilstrekkelege verktøy til å sørgja føre at likestilling blir prioritert av alle departement og på alle samfunnsområdet, slik Stortinget har vedteke at ein skal. Likestillingspolitikken har derfor hatt ein tendens til å bli redusert til familiepolitikk. Familiepolitikken er viktig for likestillinga, men ikkje tilstrekkeleg til å sørgja for likestilling på alle samfunnsområde.

Når ansvaret for likestillingspolitikken no blir flytta til Kulturdepartementet, betyr det, som Marie Simonsen har peika på i ein kommentar i Dagbladet denne veka, at regjeringa bryt opp eit fagmiljø som har hatt stor nasjonal og internasjonal betydning. Men det betyr også at Ropstad sit igjen med heile pengesekken og ei blankofullmakt frå regjeringa til å hindra at «politikken blander seg inn i familiens frihet» – noko som er borgarleg kodeord for økonomiske insentiv til tradisjonell arbeidsdeling mellom kjønna. Med Ropstad ved roret er det heller inga grunn til å tru at «familiens frihet» handlar lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbti-personar) sin rett til familieliv.

Dersom ein først skulle flytta likestillingspolitikken til eit anna departement, ville det einaste fornuftige vore å flytta den til Arbeidsdepartementet. Då ville likestillingsministeren hatt verktøy til å endra dei seige strukturane i den kjønnsdelte arbeidsmarknaden, i tråd med det som står i regjeringserklæringa. I kulturdepartementet har likestillingsministeren derimot inga makt over sentrale verkemidlar. Ho vil ha lita moglegheit til å gripa tak i dei fire hovudinnsatsområda som Skjeieutvalet blinka ut: folkestyre, valfridom, fordeling og sårbarheit. Alt ho rår over – etter alt å døma – er Likestillings- og diskrimineringslova og nokre små stønadsordningar på likestillingsfeltet. Professor og likestillingsstrateg Hege Skjeie har uttalt at likestillingspolitikken manglar ein verktøykasse, og for Trine Skei Grande sin del er der knapt nok eit skrujern igjen.

Skjeie og Mari teigen har peika på at likestillinga som regel må vika for andre omsyn i kampen om ressursar, makt og prioritering. Ropstad har gjort det heilt klart at han meiner diskrimineringsvernet til lhbt-personar må vika for religionsfridomen, og at kvinners råderett over eigen kropp må vika for enkelte sine religiøse standpunkt. Erna Solberg har gjort det klart at likestillinga må vika for hennar regjeringsprosjekt. Dette er eit kraftig tilbakeslag for likestillingspolitikken, og det kjem til å få heilt reell politiske, juridiske, økonomiske konsekvensar for både kvinner og seksuelle minoritetar.

Denne teksten vart først trykt i Dagbladet 25. januar 2019.

Illustrasjonsbilde: Regjeringen utenfor slottet, av Liv Aarberg, CC BY-SA 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content