List

Marta Vassbø, min kjære mamma, fyller 60 år i dag. Gratulerer og tre gonger tre hurra! Som de ser er jubilanten uforskamma vakker, sprek og i god stand. Mamma er dessutan min mest trufaste fan og lesar i bloggosfæren, så det er heil på sin plass med eit bursdagsinnlegg på dagen!

IMG_6713

Til stor glede for familien ville mamma feira runde år med å invitera oss alle med på ferie til Italia. I førre veke var me derfor samla heile gjengen, mamma, pappa, eg, brørne mine Askild, Håkon og Ingvar med partnarar og ungar i ein gamal villa i fjellet i Toscana.

IMG_6693

IMG_6699

IMG_6502

Her var der god plass, stort utebord i skuggen, fjell på alle kantar, stort badebasseng og ikkje alt for varmt. Heilt perfekt for Eggebøklanen, med noko for ein kvar smak, både for store og små.

IMG_6524

Mamma er ei super mormor og farmor for Magnus og søskenbarna hans, og gjett om dei alle har kosa seg på Italiatur. Det beste med Italia frå den aller minste sitt perspektiv trur eg må ha vore besteforeldre, basseng og store mengdar is!

Apropos is. Johanne på to og eit halvt har fått med seg eit og anna når det gjeld språk og har elegant, på den måten som er typisk for latinske språk, trekt saman litt vokalar og erklært at der er “is på´talia”. Den frasen har me andre repetert heile veka i mange versjonar: Is på´talia! Skål´på talia! Og heldigvis ikkje så varmt på´talia.

Bursdagen feira me på torsdag i førre veke med heimelaga krune, bursdagsfrukost, bursdagslunsj, bursdagsbad og ekte italiensk kokk til laga bursdagsmiddagen. Den heimesnekra bursdagssongen, som me ungane komponerte i god gamal norsk konfirmasjons- og jubileumsstil gjekk sjølvsagt på referenget “Gøy på´talia!” (mel. Gøy på landet!).

IMG_6730

IMG_6669

IMG_6704

Eg trur me alle er samde om at det var ein fin tur og er jysla glade for at du mamma hadde lyst til å feira bursdagen i lag med oss alle. Det vart jo minst like mykje ei gåve til oss alle frå deg. Gratulerer med dagen – også i dag på den verkelege dagen!

Foto: Helga Eggebø

 

2 Responses to “Gratulerer med dagen!”

  1. Bodil Flikke Hestvik

    Ser dere hadde flotte dager sammen i vakre Italia! Hilsen Bodil

  2. Bodil Flikke Hestvik

    Kos dere i Italia og nyte dagen!

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]