Det er på høg tid med kollektive kvalitative metodar i akademia. På nyåret arrangerer eg derfor ein gruppesesjon ved Norsk sosiologforenings vinterseminar 31. januar til 2. februar 2025.
Eg inviterer studentar, ph.d.-kandidatar, undervisarar og forskarar til å vera med på eit metodisk nybrottsarbeid kor me utforskar kollektive kvalitative metodar. Du treng ikkje vera sosiolog for å vera med! Eg oppfordrar deg til å tenkja fritt og kreativt når du sender inn bidrag, men her er nokre moglegheiter:
- Har du eit datasett du skal gå i gang med å analysera? Då kan du få høve til å testa ein kortversjon av kollektiv kvalitativ analyse (Eggebø 2020; Eggebø og Staver 2024). Gruppa blir med på analyse av dine data, og kanskje blir dette eit heidundrande startskot for analysearbeidet ditt.
- Har du eit tekstutkast liggjande i (den digitale) skuffa? Ein tekst som står bom fast og er full av motstand? Ta han med, så kan me tenkja i lag og leita etter motivasjon og løysingar.
- Har du erfaring med ein kollektiv arbeidsmåte eller metode som du har lyst til å dela og diskutera? Fortel oss om dine erfaringar!
Lag gjerne noko i lag med andre, og legg gjerne opp til «learning by doing» for deltakarar. Har du ei utfordring, eit problem, ei interessant erfaring, ein visjon eller ein sprø ide? Det er rom for det her.
Til inspirasjon kan eg nemna artikkelen «Kollektiv kvalitativ analyse» (Eggebø 2020), kor eg inviterte til å ta del i utviklinga av kollektive analyseformer. Eg har også skrive om andre kollektive arbeidsmåtar som «skriveseminar», «skrivetid saman», «kvalitativ samtaleserie» og «dagen for avviste artiklar».
Forskingsfinansieringa legg i aukande grad opp til samarbeid på tvers av land, forskingsinstitusjonar og mellom forskarar og andre aktørar, og derfor er det – av reint pragmatiske grunnar – behov for å utvikla gode metodar for å arbeida i lag. For andre forskarar er kollektivt forskingsarbeidet ein opposisjonell strategi, ein protest mot individualisme, konkurranse og produktivitetslogikkar (Mountz et al. 2015). For andre av oss er det berre meir motiverande å jobba i lag. I samfunnsvitskap og humaniora er mange av arbeidsmåtane våre individuelt orienterte, og sjølv med fleire forfattarar inne i bildet kan skriving vera eit einsamt arbeid.
Dersom du har lyst til å bli med sender du ditt forslag til bidrag direkte til jobbeposten min: heg@nforsk.no Dersom du er interessert, men usikker på om du har noko å melda kan me ta ein prat. Ring meg på 92 43 64 79.
Programmet og formatet vil bli utforma i dialog med dei som sender inn bidrag, og prioriteringa vil ta utgangspunkt i første mann til mølla-prinsippet.
Bli med! «Dette blir jysla løye!» som me seier på Sandnes.