List

Eg har ei kjensle av at nokre menn i Noreg meiner dei har definisjonsmakta når det gjeld kva som er god humor og kor grensa går mellom trakassering og vitsing, skreiv eg i samband med  8. mars i denne vekas utgåve av Dag og Tid. 

”Kva er gulltrusa, liksom?” spurde VGs sportsjournalist Therese Johaug. Han kom openbart til å lura på kva undertøy kvinnelandslaget hadde på seg under VM, og nølte ikkje med å spør. Pinleg latter. Når ein svensk journalist karakteriserte trusespørsmålet som plinleg sexisme og plump humor, så var der straks ein mannleg professor på banen som kan opplysa oss om at svenskane er pripne, politisk korrekte og humørlause.

I sommar fekk Radioresepsjonen kritikk for at tre godt vaksne menn fann det for godt å karakterisera ei 19-år gamal kvinne som ei ”knulledokke”, midt i beste sendetid. Kritikken vart blankt avvist. Dette var humor. Det einaste programleiarane orsaka var at kritikarane ikkje skjøna seg på ”bruk av ironi og improvisasjon som sjangervirkemiddel”.

No i forkant av 8. mars, skriv komikar Sigrid Bonde Tusvik om korleis redaktøren hennar plar slå fast at dei smarte sketsjane hennar ikkje er morosame nok, og be ho laga sketsjar ”basert på slapstick og tykkfallen nakenhet”. I staden for å akseptera redaktøren si forståing av kva som er morosamt, har Tusvik byrja laga eit helvete på kvar einaste redaksjonsmøte.

Helvete er det kanskje fleire av oss som burde laga. Eg får nemleg ei kjensle av at nokre menn i Noreg meiner dei har definisjonsmakta når det gjeld kva som er god humor og kor grensa går mellom trakassering og vitsing. Kvinner, feministar, svenskar og andre kjerringar, kan berre stå der i surtrusa og klaga. Dei får berre tåla at andre har det moro, sjølv om dei openbart er ute av stand til det sjølv.

Å kritisera bodskapen i eit humorinnslag er ikkje det same som å mangla humor, men viss nokon meiner det er det, så kall meg gjerne sur. Eg klaskar meg på låret og ler høgt når nokon presenterer god satire og humor med kvess, men eg stiller gladeleg opp i surtrusa, så lenge sexisme passerer uimotsagt som humor.

I år vil eg gå i 8. marstog for å hevda min rett til å vera med og definera kva som er god humor og kva som er sexisme. Eg vil hevda min rett til å kritisera og problematisera sexistiske ytringar, anten ytringane kjem i form av sketsjar, humorprogram eller avisartiklar. Konstruktiv kritikk til VG, Radioresepsjonen og andre sytemiklar: det er berre å skjerpa seg. Finn på ein god sketsj eller eit intelligent spørsmål, så lovar eg å høyra etter og kanskje til og med le høgt!

Denne teksten er inspirert av Ane Lindholt sin tekst “Det er typisk norsk å være sexistisk” publisert på maddam.no og Sigrid Bonde Tusvik “Kjønnslatskapen”.

Illustrasjonsbilde: Fittstim helalf.se av Helen Alfvegren, CC BY 2.0

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]