White Australia

Australia er eit multikulturelt samfunn bygd opp av migrantar frå heile verda. Slik har det vore heilt sidan landet først vart kolonisert, og slik er det framleis. Men for ca 100 år sidan gjorde den politiske elita i landet eit iherdig forsøk på å gjera Australia kvitt. “White Australia”, vart denne politikken kalla.

Al-Jazeera-dokumentaren White Australia gjev eit interessant historisk innblikk i australsk innvandringspolitikk. På slutten av 1800-talet  var Australia befolka av aboriginarar og innvandrarar og etterkommarar frå Europa, Sør-Amerika, Kina, og kringliggande øysamfunn, så vel som frå kolonimakta Storbritannia.

Utrydding og assimileringspolitikken som aboriginarane vart utsette for er meir eller mindre kjent. Men eg har ikkje vore kjent med at Australske myndigheiter i ein periode deporterte innvandrarar og etterkommarar frå mellom anna Kina, og sette i verk ein innvandringspolitikk som hadde som føremål å hindra alle andre enn kvite britar å innvandra til Australia.

Paralelt med nye innvandringsreguleringar sette ein i gong kampanjar for at kvite australiarar skulle få fleire barn, og for å rekruttera britiske innvandrarar. Målet var å skapa eit draumesamfunn der likestilling var ein sentral verdi og både kvinner og arbeidarar hadde langt betre rettar enn andre stader i verda. Men dette draumesamfunnet skulle utelukkande bestå av kvite.

Retorikken var svært eksplisitt. Dei som var forkjemparar for White Australia-politikken nølte ikkje med å seia rett ut at dei dreiv med rasepolitikk. Men då ein forsøkte å innføra ein innvandringslov som sa heilt eksplisitt at berre kvite var velkomne i landet, fekk Australia trøbbel med den britiske kolonimakta. Ein slik eksplisitt rasepolitikk kom ikkje til å vera populært blant dei andre britiske koloniane og britiske borgarar med bakgrunn frå til dømes India.

Då Storbritannia sette foten ned for “Whites only”-paragrafen, fann australske politikarar ein litt meir indirekte måte å gjera det på. Dei innførde ein språktest som alle migrantar måtte bestå for å få opphaldsløyve. Språktesten gjekk ut på å lesa og tolka eit komplisert avsnitt på eit europeisk språk. Språktesten var laga for å halda alle som ikkje var kvite ute av Australia. Ein sørgja rett og slett føre at alle som ikkje var kvite strauk, ved å gje dei ei heilt umogleg oppgåve.

TIdleg på 1900-talet, då det nyoppretta Folkeforbundet (forløparen til FN) skulle vedta dei grunnleggande erklæringane som låg til grunn for samanslutninga, greidde australske politikarar å blokkera ei erklæring om at alle folkeslag og nasjonar var likestilte. Ettersom australske politikarar, og mange med dei, meinte at kvite var den overlegne rasen, ønskte dei ikkje noko formulering om likskap og likestilling.

Det var ikkje berre for 100 år sidan at politikarar ønskjer å bruka innvandringspolitikken til å skapa eit mindre multikulturelt og meir homogent samfunn. Heller ikkje språktesting av innvandrarar ser ut til å ha gått ut på dato. Kanskje kan tidlegare tiders innvandringspolitikk setta den samtidige innvandringspolitiske debatten i perspektiv.

Illustrasjonsbilde: Woodside Hostel, 1950s av migrationmuseum, CC BY-NC 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content