Heime hjå oss i Steggveien

Som kjent har familien endra status frå Steigværingar til innbyggarar i Bodø. Her bur me i Steggveien. Det tidlegare ungkarsredet til Marius har fått eit innrykk av barneleker, bleiedunkar, stellebord, ein og annan kjole i skapet og endå meir turutstyr. Det er blitt ein småbarnsheim, rett og slett. La meg gje dykk ei lita omvisning:

IMG_4590

Her er Marius på kjøkkenet. Han er i permisjon for tida og steller heime. Så når eg kjem heim frå arbeid, så får eg leka med Magnus medan Marius lagar mat. Som regel er det fisk frå Steigen på menyen. Det er som Halvdan Sivertsen syng: “Og fisken i havet, og fisken i havet, han er vårres brød!”

IMG_4596

Det er ikkje den heilt store utsikta me har i denne heimen. Utsikta frå Sjåvika er djupt sakna. Men barnevennleg er det, med lekeplass for ungar i alle aldrar. Og det kunne vore verre – ei trafikkert gate til dømes.

IMG_4592

Som foreldrar er me i underhaldningsbransjen. Marius illustrere den eigenkomponerte baby entertainment system: Vippestol, vippestolleke, bia og uroen. Med denne riggen fekk Marius høve til å gjera ein heil masse i huset, konstaterte han nøgd.

IMG_4608

I same babysjanger: vaske, vaske, vaske på babytøy og handklede som er tissa ut. Dessutan har Magnus fått seg nokre flotte badeender frå Coopen.

IMG_4402

Småbarnsheim som sagt. La meg få presentera gjengen. Frå høgre: Lena Laffen, Kristin Kjøter, vår alles Einar Elefant, Transebamsen. I bakre rekke til venstre har du Klara Kanin, Helene Harefrøken, Pink Panter (fekk i ein perioden kallenamna Piss Panter og Stinky Pinky etter ei noko kaotisk og blaut natt). Heilt til venstre har du Dina og framføre er hunden Loke. Ein fin gjeng som me har mykje moro i lag med!

IMG_4619

Telefon og fiber – dekning inne i stua – det må vera ein av dei største endringane frå livet i Sjåvika. Ikkje fullt så sjarmerande som å vandra i fjæresteinane for å snakka i telefonen, men noko meir praktisk. Eg har kasta rømmeboksen i ringevinduet (burde eigentleg vore utstilt på Televerkets museum).

IMG_4613

Her med tekoppen på verandaen. Ikkje verst å ha ein veranda! Sommaren er på hell, men med bygdeblazeren på går det vel an å sitta ute barbeint littegrann.

IMG_4610

Velkommen på besøk til oss i Steggveien 14. Her er ikkje all verdas ekstra soverom, men masse hjarterom!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content