Hjartesone i Mørkvedbukta

Då me sykla til skulen i dag kom det eit barn susane på sykkel og skjena over bilvegen på skrå før gangfeltet. Eg skjønar godt at det ikkje er så freistande å stoppa den herlege farta, gå pent av sykkelen før gangfeltet og trilla over.

Bilen såg heldigvis barnet og stoppa. Men eg vart kvalm av tanken på karosseri mot barnekropp. Då eg hadde parkert min eigen sykkel, gjekk eg derfor bort til barnet og sa: «Du må ikkje sykla over vegen i høg fart. Bilane ser deg ikkje og du kan bli skadd». «Eg veit det», svara barnet fort. «Det er skikkeleg farleg å bli påkøyrd av bil» la eg til. «Eg veit det», gjentok barnet.

Sjølvsagt visste barnet dette. Me har høyrd det før alle saman. Pass deg for bilane. Gå av sykkelen når du kryssar vegen. Eg kjefta ikkje, det var ikkje for å vera kjip vaksen som vaktar reglane. Det var berre tanken på eit skadd barn i vegen som gjorde at eg sa ifrå.

Kanskje skulle eg heller sagt det eg tenkte på veg mot barnehagen: Eg skjønar at verken du og dei andre ungane har lyst til å gå av syklane. Eg gjer det ikkje eg heller. Bilane burde ikkje hatt lov til å køyra her like ved skulen. Dei vaksne kunne parkert på parkeringsplassen før gangfeltet, som ligg snaue hundre meter frå skuleplassen.

Kvifor i alle verdas land og rike er ein heilt flunkande ny skule bygd slik at bilane kan køyra heilt bort til skulegarden, og at alle barn og vaksne til fots og på sykkel derfor må kryssa bilvegen for å koma seg frå sykkelfeltet til skulen? Spørsmålet dukka opp medan eg sykla på det glatte treverket på gangbrua over Riksvegen på Mørkved.

Kvifor blir billistane prioritert i trafikken, sjølv like ved ein barneskule? Bilvegen kunne vore eitt felt brei og hatt tre føremål: Varetransport, innkøyring for billistar med funksjonsnedsetting og arbeidsbilar som har nøkkel til bommen inn til reinseanlegget.

I ein brev frå skulehelsetenesta vart alle foreldra oppfordra til å sørgja føre «aktiv skuleveg». Rektor peika på at dei av oss som bryt fartsgrensa i 30-sona ved skulen (!) må skjerpa oss.

Sånn kan me halda fram. Vaksne må skjerpa seg og ikkje køyra for fort. Barn må skjerpa seg, følgja trafikkreglane, stoppa farta og rusla prektig med sykkelen over gangfeltet. Og helst ikkje sykla på skulen i det heile før i fjerde klasse.

Alternativt kan me vaksne ta ansvar og sørgja føre ei fysisk løysing. Lura skule i Sandnes kommune er har funne ei slik løysing: Bilistane set av ungane 300 meter frå skulen, og barna går desse metrane på ein trygg gangveg utan å kryssa vegen. Trygg trafikk har nokre fine tips til kva me som foreldre, lærarar, skuleleiing og politikarar kan gjera for å leggja til rette for slike «Hjartesoner» rundt skulen. Det er ikkje like mange barn som blir drepne i trafikken no som det var før. Men eg får frysningar på ryggen og vondt i magen av å tenkja på ein livlaus barnekropp og ein sykkel midt i vegen. Det nyttar lite å skulda på at ungen køyrde ut i vegen utan å sjå seg føre den dagen det skjer.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Kronikken vart først publisert på nett av AN den 9. oktober 2023, og seinare i avisa den 14. oktober.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content