Energielva

Eg elskar kjensla av flytande, flommande energi som driv meg framover med kraft og styrke. Då kan eg gjera alt eg lystar, eg kan få til alt, eg har tid til alt. Eg har eit kraftverk med uendelege mengder vatn som eg kan la flauma for å gje meg all energien eg lystar.

Mange gonger verkar vasskjelda utømmeleg. Det kjennest sånn. Eg sløsar med vatnet. Det kjennest så godt å ikkje spara på kreftene, og føla meg sterk, kraftfull og tru på at kroppen greier alt.

Men plutseleg er trykket lågare. Vatnet renn ikkje med same kraft. Eg merkar det, men let meg freista til å ignorera det. Eg pøser på, opnar slusene for å få den same intensiteten i kraftproduksjonen. Eg vil ikkje la meg avgrensa. Eg har ikkje lyst til å spara. Eg vil dura på, for det er så mykje eg vil, så mykje eg har lyst til og dessutan ein heil del eg er nøydd til å gjera. Då treng eg full produksjon.

Vasstanden i magasina blir urovekkande låg. Turbinen går i halvt tempo. Det er ikkje mogleg å tyna ut meir enn det. Så kjem det ein tørkeperiode, ein lang periode utan påfyll i magasina. Vêret styrar seg sjølv, og det er ingen ting eg kan gjera for å få vatnet til å renna, flauma, stiga, brusa.

Det er ingenting anna å gjera enn å skru på sparebluss og venta på betre tider. Det er ikkje kraft og energi til å få gjort noko særleg. Lågbluss er ikkje kjekt. Det hopar seg opp av plikter og gjeremål.

Eg ventar på betre tider. Eg ventar lenge. Tørka svir graset. Trea mistar lauvet for tidleg.

Men til slutt kjem det ein ny vår. Ein ny vår med snøsmelting i fjellet, friskt og grønt gras i bakkane og klissete, irrgrøne bjørkeskot som luktar vidunderleg, levande, lovande. Det kjem regn som får skogen til å anga av vår og sommar. Endeleg er det vatn nok.

Eg aukar trykket og turbinen går sakte med sikkert rundt i høgare tempo, med høgare frekvens. Eg har krefter til å gjera ting eg har lyst til. Eg ligg ikkje lenger i dvale. Eg kan springa, plukka bjørkeskot til bjørkebrus, eg kan sanka brennesle, eg kan leva.

Sjølv om det er rikeleg med smeltevatn i magasina og meir snø i vårfjellet, held eg litt igjen. Det er nok vatn i røyra, nok fart i turbinen til det eg treng. Men eg sløser ikkje, let ikkje vatnet renna over kanten av demninga, berre fordi eg kan. Då kjenner eg plutseleg ei rolegare glede over at eg har litt å gå på. Eg har det eg treng no, og let det vera litt igjen. Det er ei god kjensle.

Foto: Helga Eggebø.

4 thoughts on “Energielva”

  1. Sissel Rørdam

    Dette var godt å lese, Helga! Og lett å kjenne seg igjen i denne teksten.
    Det er lurt å bremse i blant, gå på sparebluss og hvis en kan, gjøre ingenting med god samvittighet. La tanker komme og gå. La livet/sjela/naturen/stillheten rense seg.
    Det virker som om du har knekt koden til harmoni.
    Veldig kjekt å lese dine velvalgte ord!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content