Ingen grenser!

Eg har vunne OL-gull, klatra dei høgaste toppane på alle sju kontinenta, gått til Sydpolen på ski åleine om vinteren, kryssa polpunktet over isflak og råker og gått over Svalbard i sikksakk. Eg skal fortelja deg ein ting, og det er at du kan greia akkurat det same berre du

  • sett deg hårete mål,
  • klappar deg sjølv på skuldra for kvar eit delmål
  • og fortel deg sjølv at ingenting er umogleg!

Livet har ikkje alltid vore lett for meg heller. Som barn var eg overvektig. Men ein dag sa eg til meg sjølv: «Det er berre du som kan gjera noko med ditt eige liv». Så byrja eg trena. Når eg først har bestemt meg for noko, sett meg eit mål, så går eg for det. Etter kort tid hadde eg gått ned 10 kg og var klar for mitt første maraton.

Frå den dagen sette eg meg hårete mål. Ingen skal fortelja meg at det eg har bestemt meg for er umogleg, sa eg til meg sjølv.

I tjueåra satsa eg på børsen, ved sidan av opptreninga til OL. Eg kunne ingenting om børs og investeringar før eg byrja. Før eg var 28 år hadde eg tent min første million. Eg ga alt, og sette meg inn i marknadens logikkar. Eg tapte først, men ga ikkje opp!

For at du også skal greia det «umoglege» gjeld det å ha trua! Viljen og psyken er ditt viktigaste våpen i kampen for å bli best, trena mest og klatra høgast. Men du må jobba hard, gje jernet, stå knallhardt på og aldri gje opp. Sett deg hårete mål, klapp deg sjølv på skuldra når du når eit delmål.

Då eg var 31 år gjekk eg på ein smell, bokstaveleg talt. Eg vart påkøyrd av ein lastebil i det eg skulle kryssa gata. Eg var heldig, hadde englevakt og vart ikkje drepen. Men det høgre beinet var knust. Legane måtte setta inn skruer og jernbitar i alle bein. Det var ikkje sikkert eg kunne koma meg på beinet igjen, meinte legane.

Men dei orda skulle dei få bita i seg! Det bestemte eg meg for den dagen eg vakna frå narkosen på Rikshospitalet. Etter ei veke byrja eg med opptreninga. Først jobba eg iherdig berre for å greia og røra på stortåa. Det kosta meg vekevis med trening, men eg gav ikkje opp. Eg sette meg hårete mål: Eg skulle gå igjen, og ikkje berre det, eg skulle gå høgare enn nokon gong før, eg skulle nå «the seven summits»! Eg klappa meg sjølv på skuldra kvar einaste gong eg greidde å bøya storetåa, og så var eg i gang. Tok det heile steg for steg.

Etter ein månad kunne eg gå på krykker. Og det var då eg bestemte meg for å vera den første som gjekk Noreg på langs på krykker. Nok ein gong sette eg meg hårete mål. Ingen skulle koma her og fortelja meg at det «umoglege» var umogleg! Eg trente og planla, tok det steg for steg, og så tok eg bussen til Lindesnes ein vårdag og byrja gå. Eit halvt år seinare hoppa eg i mål med dei største armmusklane du har sett. Året etter vart eg kåra til «Årets eventyrar».

No hadde eg lært og kjent på kroppen at det finst ingen grenser! Og det skal eg fortelja deg, det finst ingen grenser for kva du kan oppnå du også, berre du sett deg hårete mål, klappar deg sjølv på skuldra for kvart eit delmål og fortel deg sjølv at ingenting er umogleg! Alle kan greia det dei vil, det dei drøymer om, berre ein jobbar med psyken og ikkje let nokon knekka viljen. «The sky is the limit» som me seier me som klatrar «the seven summits”.

Men det er sjølvsagt ingen som blir heltar heilt på eiga hand. Alle treng hjelp, alle treng eit bakkemannskap for å nå til toppen. Dersom det er noko eg vil læra deg, så er det å ha eit tilgjengeleg bakkemannskap. Ein partnar som vaskar kleda, og passar ungane og sjølvsagt ventar på deg når du kjem i mål, og når du kjem heim. Vera takksam og audmjuk overfor Sherpaane som er med heilt til topps. Hugs alltid å takka bakkemannskapet, gje Sherpaene godt med tips og kona ein klem, det er mitt beste tips her i livet. Eg håpar du tek inn over deg at ingenting er umogleg. At du kan nå så langt du vil. Du er sjølvsagt god nok som du er, men du kan også bli den beste versjonen av deg sjølv. Det finst ingen grenser berre du set deg hårete mål, klappar deg sjølv på skuldra for kvart eit delmål på vegen og fortel deg sjølv at ingenting er umogleg! Det er det viktigaste eg har å læra vekk.  

Foto: Helga Eggebø på Helge Ingstad Mountain, Alaska.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content