Nordlandsforskning Grand Prix 2023

Under det tradisjonsrike arrangementet Forskar Grand Prix får me presentert kortversjonen av funn frå fagfellevurderte artiklar publisert i 2023, gjerne i kreativ former som teater, lingvistiske analysar og med diverse rekvisita som gjev publikum ei materiell erfaring av hovudpoenget. Yevheniia og eg starta showet i år:

“Dei faglege innsiktane me skal få presentert her i dag – – er alle eit resultat av ein lang prosess. Det ligg time etter time, veke etter veke og kanskje år etter år med arbeid bak. I dag vil me feira, ikkje berre resultatet, men arbeidsprosessen. Jamt og trutt, bit for bit, som ein slags rytme, ein puls, og alltid i dialog med andre på ein eller annan måte.

Det daglege arbeidet, steg for steg, oppgåve for oppgåve, avsnitt for avsnitt, time for time ført i instipro, faktura for faktura sendt, det er noko me alle her tek del i. Det er denne rytmen som held hjula i gang, som held skuta flytande.

Den daglege rytmen er som basso continuo i barokkmusikken: Cembalo, cello og fagott speler ein grunnrytme som går og går i eit jamt tempo. Melodilinjene til fiolinen, fløyta og oboen går og går, dei også, gjennom kanon og repetisjonar, korte tema som kjem om att og om att i nye variasjonar. Løpa har ein jamn rytme som får det til å høyrast lett ut sjølv når fingrane må røra seg uforståeleg fort. Det er sjølvsagt umogleg å ikkje ramla av lasset frå tid til annan. Då gjeld det å ta opp tråden igjen ved neste repetisjon. Korte dansesatsar som avløyser kvarandre, blir til saman ein vakker suite. Eg elskar barokkmusikk.

Det er derfor ei stor glede å få presentera pilotprosjektet Nordlandsforskning barokk ensemble med Yevheniia Zherebko på tangentar (el-cembalo) og meg sjølv på tverfløyte. (Prosjektnummer 2024 i instipro. Med føresetnad om finansiering blir det eit fullskala prosjekt i åra som kjem). Me skal spela ein sats frå H-mollsuiten av Johan Sebastian Bach”.

Foto: Marta Anna Løvberg

Delar av denne teksten vart først publisert i Forskerforum.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content