Kino i Sjåvika

Der er ikkje kino i Steigen. I alle fall ingen konvensjonell og etablert kino med kinoprogram ute på filmweb. Men kva skal ein med det, når der er så mange andre måtar? Når kjære nabo Elisabeth har fått seg nytt og stort fjernsyn med blue-ray og eit respektabelt utval av passe smale filmar, kva er nauda då?

kino2

Med nytt fjernsyn i stova var det heilt openbart duka for kino i Sjåvika på laurdag. Og det me ikkje visste, var at det til og med var kinoens dag – kunne besøket frå byen rapportera om. Tilfeldig? Neppe!

kino6

Kino i Sjåvika byrja omlag klokka 19.00. Dermed rusla me over tunet i crogs og ullgenser, under den svarte stjernehimmelen, og trappa opp med ein raus pose smågodt under armen. Ei lita kjapp ommøblering for å få både stolar og sofa i optimal vinkel, og så var det duka for film!

kino5

Det er viktig å ikkje ha for mykje å velja mellom, så arrangøren hadde ansvaret for å sørgja føre eit passande utval av moglege filmar. Etter ei kjapp vurdering vart det heile avgjort på den klassiske måten: To filmar bak ryggen og så er det berre å velja hand.

kino4

Gullpalmevinnaren Dheepan gjekk av med sigeren. Mykje bra med den filmen, men enden på visa var at filmen var noko skuffande. Dei rodde ikkje plottet i land, rett og slett. Men sånn er det med kino. Og snart er der vel nye visningar av nye og spennande filmar?

kino-3

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content