Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa merkelappar til ungane sine klede, ringa entreprenøren om lekkasjen i carporten, refusjon for boka eg kjøpte til forskingsprosjektet, kjøpa nye støvlar til Magnus, skriva den der bloggen eg har tenkt på så lenge…

Eg åt frukost og drakk ein kopp te medan eg skreiv morgonsider. Burde, burde, burde, burde var bodskapen i blekk på papiret den morgonen. Eg burde få framgang i det artikkelprosjektet før sommaren. Eg burde laga ein formidlingsplan for “Aktiv og meningsfylt hverdag”. Eg burde skriva manuset webinaret i august. Eg burde ha skrive litt fleire bloggar denne våren. Eg burde ha reparert sykkelen.

Eg sykla bortover mot Soløyvatnet og tok fatt på Mostistien. Eg må hugsa. Eg burde. Eg burde ta igjen alt eg ikkje har fått gjort fordi eg har vore sjuk i det siste. Når eg er frisk igjen må eg jobba hardare, gjera alt eg burde ha gjort allereie. Eg må hugsa å rydda boden, ordna hagen, beisa terrassen, mala veggen.

Eg pusta inn. Lytta til fuglesongen. Såg Storkenebba stå klare til å bløma ved stien. Eg såg nålene dekka bakken i granskogen. Eg såg dei store vakre bjørkene i skogen over grana. Men hjernen jobba på spreng: Burde, burde, burde, burde. Må hugsa, må hugsa, må hugsa. Det er aldri nok tid, aldri nok krefter, aldri nok hugs til heile den eviglange lista. Ei liste så lang som ein heil dorull med gjeremål, slik kjendest det.

Plutseleg såg eg han på stien framføre meg: Tordivelen! Eg stoppa opp. Midt oppå ein gjørmeklump stod ein stor svart tordivel. Sola blenkte i det svarte skinnande panseret. Så svær han var! Meir enn ein centimeter lang. Han stod heilt i ro og let sola spegla seg i den blanksvarte kroppen. Dei seks beina var skinnande blå. Eller, dei var svarte, med eit slags blått, hårete, skinnande lag nederst på dei fire bakerste beina. Som om tordivelen var lakka i svart og metallisk blå, blank lakk!

Eg bøyde meg ned for å helsa på tordivelen. Han stod så stilt at eg plutseleg vart i tvil om han var levande eller daud. Eg tok opp ein liten pinne frå stien og pirka forsiktig borti han. Burde ikkje tordivelen bli litt redd av det og røra på seg?

Tordivelen løfta den fremste av dei venstre armane og greip roleg tak i pinnen. Utanom det rørte han seg ikkje. Det var som om han sa det til meg med roleg og bestemt stemme: “Legg frå deg den der pinnen. Eg går ingen stader før eg sjølv bestemmer meg for det”.

Eg kunne sjå følehorna til tordivelen. Hadde tordivelen augene på stilke, på følehorna, slik som sneglen? Eg veit ikkje. Det var ikkje så lett og sjå. Eg fekk uansett ikkje den same kjensla av blikkontakt som då eg stirra sneglen inn i augene. Tordivelen stod stille ei stund til. Så kravla han roleg over ein klump med jord, stoppa opp nokre sekund og gjekk vidare bortover den gjørmete stien.

Eg kom til å tenkja på “Tordivelen flyr i skumringen”, ei ungdomsbok av Maria Gripe som eg las då eg var barn. Eg likte dei så godt, dei mystiske bøkene til Maria Gripe. Eg hugsar ikkje så mykje av handlinga i boka, men eg hugsar den mystiske stemninga. Var det ikkje noko med ein mystisk stemme i telefonen? Og noko med egyptiske skarabear? Boka var litt skummel, eller kanskje meir urovekkande enn direkte skummel. Samstundes var ho grenselaust spennande. Det kvardagslege, det underlege og det mytiske blanda saman over sidene i boka.

Tordivelen er ein skarabid. Det finst nokre sortar i Noreg og fleire hundre på verdsbasis. Skarabeane har ein særskilt plass i egyptisk mytologi. Eg kom til å tenkja på historia som Anika fortalde meg i kolonihagen i Birkerød i slutten av mai: Då ho for 20-30 år sidan var med eit arkeologisk team som grov ut verdas eldste skipsvrak utføre kysten av Tyrkia. Der fann dei egyptiske gullskarabear, sjølvaste dronning Nefertiti sin gullskarabe!

Eg undra meg over kor tordivelen skulle den dagen. Skulle han noko i det heile? Anna enn å vera tordivel, prøva å få mat i kroppen og ikkje bli spist sjølv? Kva er det tordivlar gjer om dagen? Og flyr dei i skumringa?

Foto: Helga Eggebø.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content