Fotograf Karoline O.A. Pettersen.

Mi skam

I denne spalta har eg delt bransjeerfaringar med analyseangst, skrivesperre, revisjonssmerter og kjensla av å ikkje vera god nok. Mange har fortalt meg at dei kjenner seg igjen, og andre har kome med forslag: «Løsningen? Kanskje å si til seg selv at 85 prosent er bra nok?» (Aage Rognsaa i Kunsten å formidle forsking. En skriveguide for fagfolk.) Variantar av det spørsmålet har eg stilt meg sjølv mange gonger. Kvifor kan eg ikkje berre ta litt meir lett på desse jamlege (ned)vurderingane som livet i akademia byr på?

Det er 15 år sidan no. Eg stod i gangen på SV-fakultetet og var klar for munnleg eksamen. Dette var avslutninga på seks år med høgare utdanning, og det skulle bli ein stor dag! Eg venta ein toppkarakter på masteroppgåva, men prøvde å innstilla meg på at det også kunne bli B.

Eg hadde planen klar. Neste steg var å bli doktorgradsstipendiat, deretter førsteamanuensis eller forskar i instituttsektoren og til slutt professor. Eg hadde allereie søkt ein stipendiatjobb, og fekk eg ikkje den, fekk eg nok den neste.

Eg tenkte på framtida då døra gjekk opp og den eksterne sensoren gav meg ein lapp i handa. Der stod bokstaven C. Ei kjensle av uverkelegheit hogg i kroppen. Noko var fullstendig gale, men blyantskrifta var ikkje til å ta feil av. Det var som om underlaget vart drege vekk under føtene mine, verda krengde, og plutseleg var det ein rar distanse mellom meg og verda.

«Vil du ha nokre minutt før du kjem inn?» spurde sensor. Eg hugsar ikkje om eg greidde å svara, men det var openbert at eg trong det. Eg stod i gangen i det uverkelege, prøvde å samla meg og få sjokkbølgjene under kontroll. Eg sa til meg sjølv at eg skulle gå inn og snakka meg opp til ein B. Det skulle eg greia, og det var godt nok for stipendiatjobben.

Eg forsvarte meg så godt eg kunne, men det var som å gå i sand og sirup. Til slutt avrunda sensorane det heile. «Me ser at du prøver hardt, men det hjelper ikkje. C-en blir ståande.» Eg gjekk ut av rommet med ei kjensle av det var ein usynleg vegg – ei glasklokke – mellom meg og resten av verda, og bak den veggen var eg heilt åleine.

«Du har ikkje forskarpotensial. Du er ingen forskar.» Orda til sensorane vart sitjande fast i kroppen. Var eg ikkje forskar? Kven var eg då? Det var jo forskar eg skulle bli, det hadde eg visst sidan byrjinga av studietida. Eg hadde alltid vore flink, og identiteten og meininga med livet var for meg tett knytt til det å vera fagleg dyktig. Men alt eg trudde eg visste om meg sjølv og verda, viste seg altså å ikkje stemma.

Eg fekk avslag på jobben på grunn av det formelle kravet om B eller betre på oppgåva. Trass i at dei likte prosjektskildringa og gjerne ville ha meg i jobben. Eg hadde levd på ei løgn, og no hadde eg heller inga framtid.

Vener, kollegaer og familie kom med mange spennande innspel til kva eg kunne bli i livet når døra til forskarverda hadde lukka seg, men det var ingenting eg hadde lyst til, ingenting som dempa kjensla av at alt var meiningslaust.

Og så var det skamma. Eg skamma meg over at eg hadde vore hovmodig og teke toppkarakteren som ei sjølvfølge. Eg skamma meg over oppgåva eg hadde skrive. Eg skamma meg over at eg ikkje hadde forskarpotensial. Men mest av alt skamma eg meg over mine eigne kjensler. Eg skamma meg over at eg var heilt knust. «Typisk flink pike å grina over ein gjennomsnittskarakter. Patetisk. Kan du ikkje berre ta deg saman og finna på noko anna å gjera i livet, slik så mange andre har måtta gjera når dei møter ei stengd dør? Patetisk!» gnog ei stemme inni meg opp att og opp att.

Hausten 2007 fekk eg ei overraskande melding om at dei likevel ville tilby meg stipendiatjobben. Dei syntest prosjektskildringa var veldig god, og oppgåva var i alle fall god nok til at dei ville gje meg sjansen. No er det nesten ti år sidan eg disputerte, eg fyller snart 40 og tittelen «research professor» er kanskje like om hjørnet. Men skamma over både hovmodet og sårbarheita – over at eg ikkje berre kan ta litt lett på det – ber eg framleis med meg.

Teksten vart først publisert i Forskerforum 16. juni og på forskerforum.no 30. juni.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content