Om molter og meininga med livet

I august, for eit par år sidan, vandra eg opp ei fjellside i Beiarn med ei tilitersbøtte i handa. Sola blenkte i bekkar og vatn og dei gule og oransje fargane på myrene bar bod om at det byrja bli haust i fjellet. Plutseleg såg eg den første molta innimellom eit bjørkekratt i utkanten av myra. Ho stod der i guloransje prakt, varm og solmoden og så tung at strået bøygde seg mjukt mot bakken. Eg plukka ho, putta ho i munnen og nøyt den søte og karakteristiske smaken av molter. Eg traska litt vidare, og oppdaga eit par bær til framom meg. Då eg løfta blikket etter å ha plukka dei, såg eg at heile myra var dekka av det edlaste gull! Bæra stod tett i tett så langt auga kunne sjå. Seinare har me minst denne augusthelga som den gongen me plukka 10 liter molter på fjellet bak hytta.

Dersom eg skulle få leva eit langt liv, vil det etter alt å døma koma ein dag då eg ikkje lengre greier å gå opp traktorvegen og inn på fjellet. Eg vil ikkje få sjå dei haustfarga myrene eller bøya meg ned og plukka moltene. Grunnen til at eg tenkjer ein del på dette med å bli gamal, er at eg dei tre siste åra har hatt glede av å vera med i eit forskingsprosjekt om aldring og eldreomsorg i samarbeid med kollegar ved UiT og Steigen og Tana kommunar. I prosjektet Ageing at home har me intervjua 28 eldre i Tana og Steigen om livet dei har levd, korleis det er å bli gamal og korleis dei opplever eldreomsorga.

2007_0722 - Bestefar i brattfjord 176

Det første intervjuet var med ein mann på over 90 år som eg besøkte i omsorgsbustaden han nett hadde flytta til. Han hadde ikkje så mykje å melda om eldreomsorga og den hjelpa han fekk, men fortalde villig vekk om livet: Han skildra røvarhistoriar frå havet, legendariske moltemyrer, fjellturar på langstrakte vidder og fortalde om den dramatiske evakueringa av Finnmark under andre verdskrig. Han fortalde også om kor utruleg godt det hadde vore å atter sjå barndommen og ungdommens landskap igjen, då sonen tok han med dit på hans eldre dagar.

Forteljingar om havet, fjellet og elva var eit gjennomgangstema i intervjua. Dei gamle me snakka med fortalde om fiske i Lofoten, på Finnmarka, i fjordar og elver. Dei fortalde om fjellet der dei gjette dyra og jakta småvilt, om liene der dei hadde plukka blåbær og om øyene og vidda der dei hadde plukka molter. Dei fortalde også om mjølking og dyrking av poteter og fôr til dyra på smågardar i Nord-Noreg. Nokon fortalde med humor og nostalgi om alt dei hadde opplevd i ungdomstida. Andre fortalde med eit større innslag av sorg over alt dette som dei ikkje lengre hadde tilgang til: dei skulle så gjerne vore på sjøen, eller på hytta eller sett sine bein på markene i fjordbotn der dei vaks opp.

sosial omsorg

Steigen og Tana er lokalsamfunn der matauk i form av jordbruk, fiske, jakt og bærplukking har vore og framleis er viktige aktivitetar både som næringsverksemd og som fritidsaktivitetar. I løp av dei åra eg sjølv budde i Steigen plukka eg enorme mengder sopp, sylta bær til den store gullmedaljen og åt stort sett berre fisk og kjøt frå lokalsamfunnet. Mang ein dag gjekk praten over morgonkaffien om hemmelege moltemyrer, gode kveitegrunner, kva tid ein kan plukka måsegg og kor mange liter bær ein hadde funne i helga. I tillegg til aktiv deltaking i lokale lag og foreiningar, er gjerne havet, fjellet og jorda omdreiingspunktet for aktivitetar og sosiale relasjonar.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at det kan vera eit stort tap og ei sorg å ikkje lengre kunne ta ein tur med båten eller gå til moltemyrene der ein har plukka bær all si tid. Men forskingsprosjektet vårt viste også at det går an å vera i kontakt med havet, landet og jorda også når ein er gamal og svekka, dersom ein berre får litt hjelp. Ein av dei me intervjua var sjølv over 80 år, men framleis sprek og god til beins. Han plukka kilovis med bær, både i hagen og heia, kvar einaste haust og gav vekk mykje av det til eldre folk som ikkje lengre kunne gjera jobben sjølv. Ei påske for eit par år sidan var eg på Laksefjordvidda – ein stad kor mange tanaværingar isfiskar i påska. Her trefte me ein mann som fiska mykje meir enn han sjølv trengte og gav til dei eldre kvinnene i bygda slik at dei kunne ha panneklar fisk i frysaren. Ei av heimehjelpene me intervjua i prosjektet hjelpte ei eldre kvinne med å planta nokre få potetplantar i blomsterbedet hennar, og det gav ho utruleg masse glede å sjå potetene gro og kjenna jorda mellom hendene når dei hausta avlinga om hausten.

Forskingsprosjektet Ageing at home viste at det å ha tilgang til meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar i kvardagen er heilt avgjerande for å leva gode liv også når me blir gamle. Dei informantane som opplevde å ha dette, fortalde om gode liv trass i helseplager og svekka kropp. Dei som vart sittande lange dagar åleine utan å ha noko meiningsfylt å ta seg til, har det ikkje så bra. Utfordringa, slik som den norske eldreomsorga er organisert, er at fokuset først og fremst er på helsefaglege og praktisk hjelp i heimen. Sosial omsorg – det vil seia å leggja til rette for meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar er ein blind flekk. Det gjeld ikkje berre i Steigen og Tana, men er eit generelt trekk ved måten eldreomsorga i Noreg er organisert på.

bestefar 2

Nøyaktig kva som er meiningsfylte aktivitetar vil variera frå person til person, men også frå stad til stad. I Steigen og i Tana er uteaktivitetar som gjev tilknyting til havet, jorda og landsskapet viktig for mange. I Tana har dei derfor tilsett ein miljøarbeidar med samisk bakgrunn som tek folk med ut på forskjellige aktivitetar, til dømes å setja garn og brenna eit kaffibål ved Tanaelva. I Steigen har dei blant anna teke initiativ til at dei som bur i omsorgsbustad skal få litt hjelp til sjølv å planta blomar på terrassen. Kunne eg ikkje også teke med ureinska blåbær på avdelinga i sommar, og få hjelp til å reinska bæra og servera blåbær med mjølk og sukker på til alle? funderte ei av dei tilsette i eldreomsorga. Både i Steigen og Tana har dei nemleg sett i gong eit systematisk arbeid for betre sosiale omsorg.

Meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar er viktig for livskvaliteten til kvar og ein. Men det er også viktig i eit folkehelseperspektiv. Med omsorg for både kroppen og sinnet, er det betre sjanse for at me held oss friske og sjølvstendige så lenge som mogleg. Nettopp derfor er det utruleg viktig med eit større fokus på sosial omsorg i eldreomsorga. For nokon av oss vil sosial omsorg bety tilrettelegging for aktivitetar som gjev tilknyting til havet, fjellet og jorda som har fylt oss med glede og meining opp gjennom livet.

Illustrasjonsbilde: Thor-Rune Hansen

Artikkelen vart først publisert i Harvest Magazine 19.06.2019

Andre publikasjonar frå Ageing at Home:

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content