Rasande røst

Etter Shilan Shorsh døydde er det ingen som talar dei kurdiske kvinnenes sak i Bergen, skriv Hilde Sandvik i ein tankevekkande kommentar i Bergens Tidene i dag. 

Shilan Shorsh var ein modig og synleg kvinneaktivist i den politiske miljøet i Bergen. Shilan døydde i ein brann i fjor vår. No har politiet teke opp igjen saka, for å finna ut om ho kan ha blitt utsett for ei kriminell handling.

Shilan kjempa for rettferd og mot urett, særleg for kurdiske kvinner i Noreg og i resten av verda. Denne kampen kosta; ho vart utsett for trakassering og valdstrugsmål. Men ho let seg ikkje truga til å teia.

“Sint feminist” blir ofte brukt som eit slags skjellsord, eller i alle fall ei diskredittering av samfunnsdebattantar og meiningsytringar. Omgrepet “sint feminist” gjev assosiasjonar til irrasjonelle, overreagerande og kanskje litt hysteriske kvinnfolk.

Det er ikkje slik ein skal ytra seg. Kjøleg, sakleg, ironisk og poengtert gjer seg betre på trykk. Bodskapen bør vera straumlinjeforma og fokusert. Ta opp ein ting om gongen, eller i alle fall maks tre, for at folk skal få det med seg. Lytt til kommunikasjonsrådgjevarane.

Men i møte med vald, grov urett og krenkingar er ikkje alltid “poengtert” den mest nærliggande reaksjonen. Nokre gonger blir ein berre rasande. Illsint. På gråten. Forbanna. Sjokkert. Og med god grunn.

Sandvik skildrar raseriet til Shilan: “Intensiteten og raseriet i tekstane hennar var så stor at det av og til var vanskeleg å finne den raude tråden. Ho sa så mykje på ein gong. Sidan har eg tenkt at den raude tråden nettopp var raseriet”.

Sandvik peiker på at me gjerne ikkje lyttar til dei som er rasande eller redde, og derfor uttrykker seg meir usamanhengande enn poengtert.

Traumatiserte personar som møter Utlendingsdirektoratet, politiet eller påtalemyndigheita som offer for forfølging, drapstrugsmål eller valdtekt opplever ofte å ikkje bli trudd når dei ikkje oppfyller kravet til å forklara seg presist, ryddig, samanhengande, poengtert og akkurat passe emosjonelt om det grusomme ein har vore utsette for.

Bodskapen denne søndagen må vera å lytta. Høyra etter litt oftare. Ikkje avskriva det som blir sagt berre på grunn av måten det blir sagt på. Det er verd å lytta til dei som er fortvilte, apatiske, redde eller rasande. Det er gjerne god grunn til det.

Illustrasjonsbilde: Kurdish women freedom fighters av Jan Sefti, tilgjengeleg under CC BY-CA 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content