Ridderrennet

Denne veka gjekk Ridderrennet av stabelen på Beitostølen. Ridderrennet er ei internasjonal vintersportveke for personar med nedsett funksjonsevne, arrangert kvart år sidan 1968. I fjor var eg så heldig å få vera med på moroa.

Trioen med trøkk på Beito i fjor, var Ingvill, Erik og eg. Dei to drassa rundt på meg heile veka, fortalde meg villig vekk om alt eg lurte på og lærte meg alt som skulle til for å gjera litt nytte for seg.

IMG_3916

Første lunsjen på hotellet på Beito var leksjon éin i å vera ledsager for blinde. Punkt nummer éin. Du tek ikkje folk i armen og drar dei med deg, men du kan by fram din eigen arm til å halda i. Punkt nummer to er å skildra det ein ser, som ein naturleg del av samtalen. Til dømes når maten kjem på bordet: Klokka tolv har du to asparges. Mellom klokka 2 og klokka 4 ligger eit oppskåre kyllingbryst. Klokka 4 til 7 ligg det fire små poteter, og så kjem sausen, mellom klokka 7 og aspargesen, med nokre sauterte squash og lauk. Ganske enkelt triks, og ganske greitt å vita sånn nokolunde kva du har på tallerken framføre deg.

IMG_3500

Men det var vintersport dette først og fremst handla om. Der var langrenn, skiskyting og alpint. Med klassar for svaksynte, blinde og ulike kategoriar bevegelseshemming.

IMG_3504

Skiskyting utan å sjå er ein ganske kul sport. Gå alt du vinn på ski, med ein ledsagar som via høgtalar varskuar deg om løypa går opp eller ned eller tek ein sving. Så kjem du inn på stamplass. Geværet er kopla til ein lydsensor, og når du har på deg headsettet høyrer du ein meir og meir høgfrekvent lyd, jo nærare du er blinken. Fyr av skotet når lyden er rett, og det blir innertiar!

IMG_3510

Som du skjønar skal ein vera ganske tøff for å køyra alpint når ein ikkje ser, men berre høyrer i headsettet at ledsageren fortel kva veg svingen skal gå. Det er presisjonsarbeid og ekstremsport. Men som Erik tørt konstaterte, så er det nesten mest arbeid å trena opp ledsagaren.

IMG_3729

Ein annan alpinvariant er sitski. Eit sete sit som støpt rundt hoftene, står på ein alpinski. Du har to stavar med kvar sin vetle ski på. Så er det berre å setja utføre. Råelegant aplinkøyring!

IMG_3827

Langrenn for personar med nedsett funksjon i beina, heiter pigging. Det er ein kjelke med langrennski på. Så har du stavar på omlag ein meter, og staker i veg. Pigging er sinnsykt moro, men eg kan lova deg at det er heilt vanvittig tungt.

IMG_3650

Ny sport, nye moglegheiter, tenkte eg og var så heldig å få låna piggekjelke på Helsesportssenteret på Beitostølen. Veldig moro! Og utfordrande. Og dessutan veldig interessant å få sett skiløypa frå eit heilt anna perspektiv, bokstaveleg talt.

IMG_3701

Så lenge eg pigga rundt trudde dei frivillige, naturleg nok, at eg ikkje kunne gå. Dermed var det masse hjelp å få. Nesten litt i overkant masse, spør du meg. Sjølvsagt er det veldig bra at folk vil hjelpa, men eg fekk i alle fall kjenna på “eg greier sjølv!”-kjensla. “Qvinde i nød”, liksom.

IMG_3607

Innimellom skisporten vart det tid til trivelege måltid, fjas og moro, tur på beina/i stolen, føredrag, konsert, sjølvforsvarskurs og ikkje minst utruleg mange samtalar om livet og alt mellom himmel og jord.

IMG_3900

Apropos fjas. Her er Erik på piggekjelke og med blindestokk som stav. Ein har det ikkje meir moro enn ein lagar det sjølv; heldigvis laga me sabla mykje moro den veka!

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content