Skeiv på bygda

Korleis er det å leva som lesbisk, homofil, bifil eller transperson (LHBT-personar) i distriktet i Noreg i dag? Er bygda betre enn sitt ryktet? Desse spørsmåla er utgangspunktet for rapporten “Skeiv på bygda” som eg har skrive i lag med kollegane mine Maria Almli og Marte T. Bye.

Det er vanleg å oppfatta bygda som ein kjip stad å bu for LHBT-personar. Her er det ofte ingen interesseorganisasjonar, nettverk eller utestader for LHBT. Bygda er dessutan prega av lite mangfald, konservative haldningar til familieliv, kjønn og seksualitet, og bygdesladderet går særleg ut over dei som er annleis. Byen på den andre sida, er tolerant, moderne og mangfaldig. Her går det an å finna gode nettverk og sosiale møtestader for likesinna.

I forskingsprosjektet “Skeiv på bygda” går me bakom desse mytane og prøver å finna ut korleis det er å vera LHBT-person på bygda. Me har intervjua 24 unge LHBT-personar, og i rapporten forteljer me deira fortellingar.

Nokon av informantane våre fortel om ganske kjipe opplevingar, som mobbing, trakassering og utestening. Dei er einsame og oppfattar at det er lite toleranse i bygda for å vera annleis på ein eller annan måte. Derfor ønskjer deg seg til byen.

Men andre lever svært gode liv på landsbygda. Dei fortel om gode kultur- og fritidstilbod, fantastisk natur og trygge lokalmiljø. Dei trivst på bygda, og opplever at det er eit større mangfald her enn i byen. I byane omgår ein folk som er meir eller mindre like seg sjølv, men på bygda har ein relasjonar til folk i alle aldrar og med ulik bakgrunn. Det at alle kjenner alle kan også vera ein fordel. Når alle veit at ein er lesbisk slepp ein å alltid korrigera, fortella og forklara kvar gong ein møter nye menneske.

Ungdomskulen kan vera ei vanskeleg tid. Mange av våre informantar fortel om mobbing, einsemd og mistrivsel her. Dei opplever at lærarane aldri snakker om eller synleggjer homoseksualitet. Viss det ein sjeldan gong er tema, så blir det alltid snakka om som noko som gjeld andre. Ein snakkar i beste fall om det å vera homofil eller lesbisk, mendan andre kjønnsidentitetar og seksuelle identitetar er usynlege.

Mange av dei me har snakka med ønskjer å gjera noko med dette; dei held føredrag på skular, tek lærarutdanning og er motiverte for å vera eit forbilde og betra undervisninga om kjønn og seksualitet. Nokon ønskjer å flytta tilbake til heimbygda for å “visa dei”, for å bidra til synleggjering og for at det skal vera lettare for andre å leva som LHBT-person der.

Mangfald er viktig for byggda. Viss det berre er rom for éin type menneske, med éin type interesser, så vil fleire og fleire flytta frå bygdene og aldri flytta heim igjen. Det å vera annleis handlar ikkje nødvendigvis om seksuell orientering for våre informantar. Det kan like gjerne vera snakk om fritidsinteresser, klesstil, hårfarge og meiningar. Poenget er at viss bygdene skal overleva, så er det nødvendig med inkluderande lokalsamfunn, ein mangfaldig befolkning og stor takhøgde for ulike menneske og interesser.

Skeiv på bygda har vore eit veldig kjekt forskingsprosjekt å jobba med. Først og fremst fordi me har fått snakka med så mange fantastiske og spennande menneske. Når eg kan skru på ein bandopptakar, ta ein kopp kaffi og få høyra om nokon sitt liv, då smiler livet til meg. Tusen takk til alle som har stilt opp for å prata med oss!

Vil du vita meir om rapporten? Du kan lasta han ned her, eller bestilla føredrag.

KUN har skriv rapporten på oppdrag frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Illustrasjonsfoto: Fotograf Karoline O. A. Pettersen

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content