Seila sin eigen sjø

I samband med fjorårets kvinnedag gjekk Sylvi Listhaug hardt ut og skulda kvinnerørsla i Noreg for å vera egoistisk og mangla engasjement for kvinner utføre Noregs grenser. I vil Listhaug la kvinner utføre grensa seila sin eigen sjø.

Listhaugs departement har lansert kraftige innstrammingar i asylpolitikken med ein tydeleg kvinnefiendtlege profil. Inntektskravet vil ramma kvinner særleg hardt. 4-årskravet vil ramma kvinner særleg hardt. 5 års ventetid for sjølvstendig opphald rammer flest kvinner.

Med forslaga som ligg på bårdet må ein tena 305 200 kroner i året må inntekta for å få familien til Noreg. Snittinntekta for majoritetskvinner i Noreg per 2015 er 338 900 kroner. Medianinntekta for flyktningar som har budd i Noreg i ti år er 240.000 kroner.For norske kvinner gift med utanlandske menn vil dette føra til svært mange avslag. For flyktningar sin del vil dette kravet setta ein effektiv stoppar for all familieinnvandring.

Menneske på flukt veit at heile Europa no forsøkjer å stenga grensene, stenga reiserutene, gjera det vanskelegare å få asyl og vonlaust å få familieinnvandring. Dette er årsaken til at det for første gong er flest kvinner og barn som krysser grensa mellom Makedonia og Hellas: Når Europa steg for steg stenger for familiegjenforeining, vil det ikkje lenger vera mogleg å verna kvinner og barn mot den farefulle ferda med at ektemannen reiser i forvegen. Dermed må alle i gummibåtane. Også kvinner og barn.

Sjølv om innstrammingane openbart vil ramma menn og kvinner ulikt, har ikkje Justisdepartementet vurdert kjønns- og likestillingskonsekvensane av forslaga. Sjølv om dei er lovpålagde å gjera dette. Heldigvis er det mange andre som har sett seg inn i konsekvensane politikken har for kvinner og likestilling:

Noreg sett likestilling på dagsordenen i utanrikspolitikken og smykkar seg med ein raus og likestillingsvennleg familiepolitikk, men når det gjeld grensekontroll og migrasjon er det full stopp for likestillingspolitikken. I dag – på den internasjonale kvinnedagen – er det tid for å slå fast at den likestillingspolitiske kampen definitivt føregår på det innvandringspolitiske området.

Illustrasjonsbilde: 2015_11_17_AntonioLitov_04 av Fotomovimiento CC BY-NC-ND 2.0

 

Leave a comment

Your email address will not be published.