List

Då eg var barn hadde eg lyst til å skriva. Ein gong på 80-talet, i god tid før eg vart sju år i alle fall, skreiv eg mi første bok. “Den lille rare” var tittelen på boka, og bestevenninna mi Gøril skreiv boka om “Den lille påskesjyllingen”. Dei fleste minnene av dette trur eg må vera ting mamma har fortald. Men eg hugsar ein ting, og det var ei kjensle av forundring og frustrasjon over at bokryggen eg hadde laga til bokpermen av papp, vart liggande flatt som ein del av framsida. Kvifor vart det sånn? Eg hadde jo laga det akkurat som på dei ordentlege bøkene, tenkte eg, og forstod ikkje at eg mangla 400 sider på å få den bokryggen til å stå.

IMG_1999

På barneskulen likte eg godt å skriva. Eg meiner me pleidde å skriva til Frøken (som me kalla læraren på tidleg 90-tal!) om kva me hadde gjort i helga. Eg skreiv dagbok frå den sommaren me var på Grønland. Eg skreiv eit eventyr om miljøvern, med gjentaking og tretal som eventyr skal ha, og ein helt som redda dyr, plantar og menneske. Trugsmålet som menneskeskapte klimaendringar representerer var eit kjend problem på 90-talet også.

Den gongen skreiv eg fordi eg hadde lyst. Det er i alle fall slik eg hugsar det. Eg hadde lyst til å formidla historier til andre, og fantasien fekk strauma fritt gjennom blyanten og ned på arket.

På ungdomskulen ein gong var det noko som endrar seg. Eg trur det hadde med heildagsprøvar å gjera. På dei prøvane kunne me ofte velja mellom ei kreativ oppgåve og ei pensumrelatert oppgåve. Eg meiner å hugsa at tidspresset – ein måtte bli ferdig før skuledagen var slutt – fekk meg til å velja det pensumrelaterte framføre det kreative. Det kosta meg ikkje så mykje å gjenfortelja pensum etter hugsen. Det var ikkje akkurat ei kjensle av skrivelyst, men det var plankekøyring. Eg vart fort ferdig med slike oppgåver og heildagsprøven vart i praksis ein halvdagsprøve med god uttelling på karakterskalaen.

På vidaregåande køyrde eg same taktikk på prøvane. Eg skreiv og skreiv, men det var oppgulp heller enn skrivlyst. Men heldigvis var der også oppgåver som opna opp for skrivelysta: Særemne i norsk om Jens Bjørneboe, musikkmelding etter ein bra konsert og ei kunst og kulturhistorieoppgåve om impresjonisme i malerkunst og poesi. Det hadde eg lyst til å skriva om!

På universitetet var det stort sett ungdomskuletaktikken som gjaldt: Les godt, vreng ut av deg alt du hugsar på eksamen. Men det var vel ein og annan heimeeksamen som opna opp for ein meir tilfredsstillande skriveprosess.

På doktorgraden var det over og ut for skrivelysta. Einsemda, presset om å vera god nok og vissa om dommens dag (disputas) gjorde det heile ganske angstfylt. Det ukjende og rigide formatet som internasjonale artiklar skal ha vart ei skikkeleg tvangstrøye. Å skriva på engelsk gjorde ikkje saka betre. Fagfellevurderingane tok nesten knekken på heile meg, og i alle fall ei kvar lystkjensle knytt til det å skriva.

Etter doktorgraden ville eg derfor gjera noko anna enn akademia. Eg jobba ei stund som politisk rådgjevar på Stortinget. Raske talepunkt på éi side var ei forløysande fryd å skriva samanlikna med gnurete akademiske tekstar som ein aldri vart ferdig med.

Den sommaren eg flytta til Steigen – sommaren 2014 – oppretta eg ein blogg. Eller det vil seia, Ingvild Hunsrød oppretta han for meg og eg fylte han med innhald. Etterkvart blogga eg også for Maddam, og på KUN i Steigen skreiv eg massevis av kronikkar og formidlingstekstar som eg kosa meg med å skriva. Dei fleste av desse tekstane skreiv eg fordi eg hadde noko eg ville seia, fordi eg hadde lyst, med skrivelyst!

Med 300 bloggar og sikkert 50 kronikkar på samvitet har eg funne igjen skrivelysta som heildagsprøvar og doktorgraden gjorde sitt beste for å knusa. Skrivelysta frå desse tekstane har dessutan også smitta over på den akademiske skrivinga. For tida syns eg det er ganske så kjekt å skriva akademiske artiklar også, i alle fall når eg skriv fordi eg har noko eg vil seia heller enn å skriva for CVen og professoropprykket.

I tida som kjem vil eg skriva. Eg har lyst til å skriva. Eg har lyst til å skriva bloggar, kronikkar, konstruktive fagfellevurderingar og forskingsartiklar. Dessutan har eg lyst til å skriva ei sakprosabok om aldring og omsorg, ei bok som ikkje er fagfellevurdert, retta mot eit breiare publikum enn forskarar og som ikkje er verd noko som helst når eg neste gong søkjar ein jobb i akademia.

Eg tek med meg skrivelysta inn i 2021 og skal gjera det eg kan vor å ta vare på ho, auka ho og styrka ho. Takk til Ingvild Hunsrød som i 2014 oppmuntra meg til å blogga. Takk til alle trufaste og meir tilfeldige lesarar av bloggen. Det har gjort underverk for skrivelysta!

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]