Snø!

Her, direkte frå distriktet, kan eg melda om at ventetida er over: barmarksesongen er slutt! Snøen har kome til Steigen og der er skiføre. 

Eg veit ikkje korleis det er der nede i Sør-Noreg, til dømes i Oslo, men i Norfold (bygda eg jobbar i) går me på ski. Eg skal innrømma at denne nyheita ikkje er heilt ny, men siste veka har eg vore oppteken med å nyta snøen.

20141214_115050

Sist veke lava det ned store mengdar snø i løp av to dagar. Før eg hadde fått tid til å tenkja på at eg burde byrja ha med meg ski på jobb, så var det allereie skiføre. Eg peisa rett heim, lempa skia ut av låven og inn i bilen, heiv på meg nokre klede og køyrde tilbake eit stykke.

Det var heilt mørkt; eg såg omlag null og niks ettersom lyset frå hovudlykta vart reflektert i den fallande snøen. Eg vart søkk våt, litt usikker på kor eg var, men hundre prosent lukkeleg.

Søndag var Karoline, Steigens eigen fotograf, og eg sjølv ute på ski og båltur. I nydeleg dagslys og påfølgjande blåtime labba med over snødekte myrer på nypreppa gamalski. Karoline, eg sjølv og hunden Luna var vel omlag like entusiastiske over å vera ute.

IMG_5735

På veg heim vart det bål. På med dunjakka, fram med spada og liggeunderlaget, knekk av nokre furugreiner og vips! Der vart det varm drikke og passe brente ostesmørbrød. Går det an å ha det betre?

IMG_5740

Å fyra bål i pausen skal ikkje undervurderast. Det er utruleg kor mykje varmare og betre matpausen blir med litt strålevarme. Det gjer heile skilnaden når det er litt småkaldt ute.

Likevel ikkje ein dum ide å ha på seg dunjakke. Ikkje noko å spara på. Smelter du eit par hol i han, så er det berre å lappe med gaffateip. Vis meg den dunjakka som ikkje blir finare med sølvteip!

No når snøen er komen slit eg skikkeleg med motivasjonen når det gjeld å jobba til fire. Kva er eigentleg vitsen med å skrive i så mange timar? Lurer ein seg ut allereie i tretida, så er det magisk blåtime ganske lenge før hovudlykta må på.

IMG_5746

For eit par veker sidan var det mildt, regnet hølja ned, skydekket var lågt og det var svart ute allereie før tre. Eg var ganske sur for at Vestlandet såg ut til å ha flytta etter meg nett som nissen på lasset.

No er Steigen blitt til eit “winter wonderland”. Det er ikkje ordentleg, ordentleg mørkt før nærare fem. Blåtimen er lang, nordlyset blafrar over himmelen, og det må vera eit meteorregn eller noko på gang. For i går såg eg fem stjerneskot, sterkare enn noko stjerneskot eg har sett før, i løp av nokre få minutt ute. Gjett kva eg ønskte meg fem gonger?!

Utanom det med snøen har dagen vore prega av #nydagnyenederlag. Men det er ei anna soge!

 

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content