List

Måndag kom Justis- og beredskapsdepartementet med ei ny forskrift om opphaldsløyve på grunn av barns tilknyting til Noreg. Det var ei heilt annleis forskrift enn ho som vart sendt på høyring.

Kronikken er først publisert i Bergens Tidene, 10. desember 2014. 

Få innvandringspolitiske spørsmål kan måla seg med lengeverande barn når det gjeld mobilisering, offentleg debatt og politisk konflikt. Det har vore eit utal fakkeltog, avisoppslag og spørsmål i Stortinget. Ikkje minst handlar det om mange hundre barn. Etter at talet på utsende barn har skote i vêret siste året, har talet på avisoppslag og spørsmål i Stortinget gått til himmels den siste halvanna veka.

Politiet har ikkje følgd instruksen om å ikkje prioritera utsending av lengeverande barn. Den politiske skandalen som har følgd i kjølvatnet av BT sine avsløringar, er grunnen til at departementet, så godt som over natta, har kome med ei lenge etterspurd forskriftsendring.

Forskriftsendringa liknar KrF og Venstre sin politikk i langt større grad det som vart sendt på høyring 6. juni. Styringsskandalen vart ei effektiv brekkstong i dei politiske forhandlingane.

Det hadde gått politiet hus forbi at dei skulle vera litt mindre effektive når det gjeld å senda ut barnefamiliar som har vore her lenge. Det er fascinerande; me snakkar om det mest omtalte innvandringsspørsmålet i år. Men nokon hadde gløymt å seia tydeleg ifrå til sine underordna, så ungar har blitt kasta ut i hopetal den siste tida.

Justisministeren ber om orsaking. Det skulle ikkje skjedd. Alt som skjer på hans felt er til sjuande og sist hans ansvar. Men eigentleg er det nokon andre sin feil. Korkje Politidirektoratet eller politiet er villige til å seia at dei har tabba seg ut, men det er i alle fall eit eller anna som har svikta i styringskjeda.

Det heile minner meg om når SV satt i regjering med AP. SV sloss hardt for at det skulle takast meir omsyn til barns beste, og fekk pressa fram nokre formuleringa som kunne ha betydning. Men det var AP som hadde justisministeren. Og AP var, i regjering i alle fall, ikkje særleg interessert i noko som helst liberalisering i asylpolitikken.

Dermed hadde dei det ikkje særleg travelt med å sørgja føre at endringane SV hadde kjempa for vart implementerte i praksis. Ein kan vedta mykje forskjellig fine politiske endringar, men dersom embetsverket held fram som før, så er det lite som endrar seg.

Det kan vera ein fin taktikk å vedta, men ikkje vera så ivrig på implementeringa. Utan å skulda justisministeren for å sabotera samarbeidsavtalen, så kan eg tenkja meg at asylbarnas ve og vel ikkje har vore hovudprioriteringa hans. Men denne helga vart det plutseleg hovudprioriteringa til både regjeringa og embetsverket. Sånn kan det gå.

Saka om lengeverande asylbarn er på ei og same tid både veldig enkel og veldig komplisert. Sett frå ståstaden til folk flest ser saka gjerne slik ut: Over heile landet opplever me at familiar, som er naboane våre og barn som går i klassen til ungane våre, snakkar norsk og har budd her heile livet, plutseleg blir henta av politiet midt på natta og skal sendast ut til eit «heimland» som ungane aldri har vore i. Sånt er det ikkje noko meining i, sjølv for lokale FrP-politikarar.

Sett frå ein juridisk og politisk ståstad er saka meir komplisert. Viss familiar som har vore lenge i Noreg på ulovleg grunnlag skal få bli, så vil det vera ei ”premiering” av dei som ikkje rettar seg etter vedtaket. Derfor er lovar og reglar fulle av spissfindigheiter og tvitydige formuleringar.

Det heile koker ned til eit dilemma: Barns beste vil (ofte) vera å bli i Noreg. Innvandringsregulering tilseier at ulovleg opphald resulterer i utsending. Det er ikkje mogleg å både trygga ungane og vakta grensene.

Dette dilemmaet kan vera vanskeleg å handtera politisk: I fleire rundar har regjeringa laga mellombels ordningar for dei asylbarna som allereie har vore lenge i Noreg. For framtida har ein derimot planar om at ingen barns skal bli verande her utan opphald. Slik skal problemet løysast ein gong for alle.

Men det er lite som tyder på at ein kan få slutt på at familiar og barn blir verande. For det første er ikkje heimsending alltid mogleg, sjølv om familien skulle gjera alt dei kan for å få det til. For det andre er avgjerder i asylsaker ofte ikkje i tråd med folk flest si oppfatning av kva som er menneskeleg, eller kva søkjarane sjølv opplever som trygt for seg og familien.

SV og KrF og Venstre, har vekselvis vore i den same regjeringsklemma. Slik har det vore i ei rekke stortingsperiodar og slik kjem det til å halda fram. Desse tre partia ønskjer liberalisering av regelverket for innvandring generelt, og lengeverande asylbarn spesielt. Men det vil ikkje AP, Høgre og FrP.

Då SV sat i regjering var dei nøydde til å stemma ned forslag som dei eigentleg var samde i. Det er prisen ein betaler for å få AP med på mindre endringar. I posisjon må ein overtala seg sjølv og andre om at dei kompromissa ein har fått til er bra.

Men kompromissa har liten verdi dersom justisministeren først og fremst følgjer sin eigen agenda; måndag kom det fram at AP gav instruks om å prioritera utsending av asylbarna, utan å informera SV. No er det KrF og Venstre som inngår kompromiss. I likskap med AP har altså FrP slurva med å følgja opp hjartesakene til samarbeidspartnarane.

Saka om lengeverande asylbarn kan sjå ut som ein full siger for KrF og Venstre. Men det er verd å minna om kvifor det innvandringskritiske partiet FrP har gått med på liberalisering. Samarbeidsavtalen inneberer at sentrumspartia har akseptert ei heil rekke innstramingar som FrP har ivra for. Dersom ein reknar i tal på innvandrarar, har desse innstramingane langt større konsekvensar enn avtalen om asylbarna.

Nokre av innstramingane er: 1) 24-års aldersgrense for ekteskapsinnvandring. 2) Dei som har gifta seg med nokon utføre EØS, skal måtte tene over 300 000 kroner i året for å få ektefellen til Noreg. 3) Ekteskapsinnvandrarar skal vera låst fast i ekteskapet i heile fem år, ikkje tre som i dag, før dei har rett til å bli i Noreg på sjølvstendig grunnlag.

Desse forslaga vart sende på høyring i juni i år. Det var ingen offentleg debatt om saka. Denne veka var det berre FrPs eigen innvandringspolitiske talsperson som trekte fram denne sida ved hestehandelen. For KrF og Venstre er det liten grunn til å minna om at sigeren har ein bismak. Men innstramingar i regelverket for familieinnvandring vil få store konsekvensar for barn, ektefellar og familiar. Litt synd at ingen ser ut til å tenkja på det før det blir fakkeltog og avisoppslag.

Illustrasjonsbilde: Crowbar av Homespot HQ,  CC BY 2.0.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]