Spisa ute

Her direkte frå distriktet kan eg melda om nytt prosjekt for resten av året: å spisa ute minst éin dag i veka. Dette høyres kanskje litt meiningslaust ut når ein bur i Steigen der Vertshuset er einaste spisestad ope på heilårsbasis.

IMG_4949

Steigen har ikkje akkurat eit enormt utval spisestader i alle priskategoriar og med alt mogleg på menyen. Men la meg presisera. Dette er ikkje eit prosjekt som handlar om å stimulera den lokale hotell- og restaurantnæringa. Det går sjølvsagt ut på å eta middag ute i naturen.

IMG_5310

Der er ein heil haug potensielt glimrande serveringsstader. Eg nevner i fleng: gapahuken ved Synstadelva, gapahuken i Lunvika, gapahuken ved Storvatnet, fjæresteinane frå Skålvoll til Helnessund til Brennvika og til Brennsund. Der skulle vera nok av alternativ.

IMG_6710

Måndag for to veker siden var det kick-off for “Middagstur 2015”. Eg pakka med ei panne, pannekakerøre og litt tilbehør, kasta meg på terrengsykkelen og trødde opp på Leinesfjellet. Der trefte eg jammen meg Jørgen som hadde fått fyr på bålet og varm kaffi på kjelen. Då eg så kunne by på pannekaker var festen i gang.

IMG_6639

Ting har ein tendens til å balla på seg. Den spontane fellesmiddagen på Leinesfjellet førte til at Jørgen, Sigvart og Alf-Martin måtte inviterast på middag veka etter i neste gapahuk. Det vart fersk fisk, gulrot, potet og eggesmør. Det heile servert med røvarhistoriar frå reketråling utføre Ny-Ålesund. Alle var samde om at det var ein fin tur og at suksessen måtte gjentas.

IMG_6650

Mellom desse to ubetinga suksessane hadde eg vore ein ettermiddag på Engeløya og skulle kombinera tur og middag. Akkurat den timen eg skulle eta, var sola forsvunnen bak skydekket og det sludda og blåste. Eg satt i fjæresteinane og laga utemiddag meir på trass enn på kos. Vel, vel. Viss ein ikkje tåler såpass, blir det ei utfordring å halda året ut.

IMG_6634

Torsdag var det ikkje berre middag, men så godt som fest i gapahuken. Då var me ein heil gjeng i gapahuken for å grilla, ta oss eit par pils og elles ha det triveleg. Det var dukka opp to Osloborgarar som har planar om å flytta til Leines, så då måtte me nett visa kva me har å by på. Og det er ikkje lite. Utestad med panorama!

IMG_6631

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content