Sumaya samtalar med Zeshan Shakar

I går var eg blant dei over hundre menneska som kom til Stormen bibliotek i Bodø for å ta del i episode tre av seminarrekka “Sumayas samtaler”. Denne våte og mørke novemberkvelden hadde Zeshan Shakar – forfattar av oppvekstromanen Tante Ulrikkes vei – teke turen nordover for å snakka om boka si.

Boka Tante Ulrikkes vei har vunne Tarje Vesaas’ debutantpris, fått ei rekke strålande bokmeldingar, seld 90.000 eksemplar og kan skryta av ei utlånskø på over 800 på Deichmanske i Oslo. Sjølv las eg boka med stor interesse og innleving i vinter ein gong. Eg vart oppslukt og las om kvelden sjølv om det var ei tid med mykje skriking på natta og lite søvn. Det er også ei utmerking.

For dei som ikkje har fått det med seg. Tante Ulrikkes vei handlar om Mo og Jamal som veks opp i blokkene på Stovner i Oslo. Mo er pliktoppfyllande, skuleflink og har foreldre som satsar alt på at han skal få ta seg ei utdanning. Etterkvart byrjar han på Blindern. Jamal er meir ein gangstertype. Det er i alle fall det bildet han presenterer av seg sjølv. Han er stolt av plassen han kjem frå og snakkar eit karakteristisk Stovnernorsk. Plottet i boka er at forskaren Lars Bakken frå NOVA skal gjera eit forskingsprosjekt om ungdom i Groruddalen. Han rekrutterer dei to – Mo og Jamal – til å delta. Dei fortel om livet sitt, ein på e-post og ein ved hjelp av diktafon. På denne måten blir lesaren adressert i du-form av dei to som står i sentrum av fortellinga.

Ein av dei tinga som gjekk mest inn på meg når eg las boka, var skildringa av kor sterkt påvirka Mo blir av alle debattane om integrering som verserer i offentlegheita. Dag ut og dag inn gnåler norske politikarar om sosiale problemer i Groruddalen, integreringsproblemer, innvandrarar, æresdrap og så bort etter. Dei snakkar om folk som foreldra til Mo, naboane til Mo og folk som ser ut som Mo. Dei blir alltid snakka om som eit problem. Mo blir uvel. Ubehaget sett seg i kroppen hans. Kjærasten ler det bort når Carl I Hagen kjem med sine klassiske utfall mot innvandrarar og meiner at Mo ikkje må ta det sånn inn over seg. Men Mo har ikkje det privilegiet at han kan rista dette av seg. Det angår han i for stor grad til det.

Desse skildringane i boka fekk meg til å kjenna det på kroppen sjølv. Den kvalmen. Det enorme ubehanget. Behovet for å berre stenga av alle kanalar slik at ein slepp å høyra, slepp å ta det inn over seg. Sumaya trekte også fram nett dette i samtalen med Zeshan, og fortalde engasjert om kor sterkt dette hadde vore å lesa også for ho.

Då kom eg til å tenkja på at eg kjenner det litt som Mo sjølv for tida. Eg har berre lyst til å logga meg av, ikkje sjå på TV, ikkje høyra radio, ikkje lesa nyheiter på internett og ikkje lesa Facebook. Eg orkar berre ikkje høyra meir om høgreekstremisme og autoritære leiarar som vinn fram i land etter land. Eg orkar ikkje høyra meir om Solberg, Høie og KrF i felles angrep mot abortloven. Eg orkar berre ikkje høyra meir om klimaendringar og den klimakatastrofen me kanskje kan men prioriterer å stoppa. Eg blir kvalm. Eg får vondt i kroppen. Eg blir så redd. Nett som Mo.

Som eg snakka litt med Sumaya om etterpå: Det eg treng – og som kanskje Mo også trong – er at nokon klappar meg på skuldra, og seier at me skal ta opp kampen og ordna opp. Me fikser dette. Me skal ikkje la oss knusa av redsle og mismot. Det er på tide å innprenta kvarandre med von og kamplyst!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content