Søndagstur til mor

Eg kunne mest ikkje hugsa sist eg var på topptur. Det har blitt mykje barnevennlege turar. Stort sett kjekt det, men i lengda blir eg lei av å subba rundt i tempoet til ein 2-åring eller bæra meisen bort til ein gapahuk. Første finvêrshelga på to månader, og det var påkrevd å koma seg ut og opp i høgda. Eg bestemde meg for å ta turen til Litjtind.

IMG_7629

Det hadde kome snø, og tindane var kledde i vinterkåpa og den låge skola skein lyst og skarpt i den kvite snøen.

IMG_7631

Matpakke, broddar og fotoapparatet låg i sekken og no var det berre å trø på i sitt heilt eige tempo. Lett å gå utan meis! tenkte eg nøgd dei første kneikane.

IMG_7630

Månen stod også såvidt over kammen, så dei to – månen og sola – møttes på himmelen den dagen.

IMG_7640

Etterkvart som toppen nærma seg vart det tydeleg for meg at mitt eige tempo ikkje er som det ein gong var. Barnevennleg tur og treningsregime a la småbarnsfasen har gjort sitt til at låra er tynnare og lungene slappare enn dei skulle vera. Det vart tungt i dei bratte snødekte kneikane.

IMG_7637

Heile helga og halve motbakken hadde eg gått der og grubla på og uro meg over framveksten av høgrepopulisme i verda. På toppen løsna endeleg den tunge kjensla litt og sollyset skein på toppane frå ytst i vest til fjellheimen i aust.

IMG_7634

Nokre gonger må eg halda meg fast i fjellet og sjå ut mot havet og himmelen for å henta mot til å ta opp kampen.

IMG_7643

På veg ned var det berre å springa i snøen, for med solide broddar treng ein ikkje å uroa seg for isen under.

Foto: Helga Eggebø.

Leave a Comment

Your email address will not be published.

Skip to content