Svitiss

Det personlege er politisk, javel. Men eg plar ikkje strø om meg med innlegg om mine kroppslege og sjelelege plager i feminismens namn. Eg skriv faktabaserte og argumenterande tekstar. Men i dag greier eg ikkje å dy meg. Eg gjer eit lite unntak og skriv om svitiss.

Av uvisse årsaker – moglegvis knytt til fenomenet prokastinering – kom eg og ein kollega i skade for å snakka om årsakene til at det står ei gedigen vatnmugge på pulten og at me begge gulpar innpå vatn i store mengder: Svitiss erklærer kollegaen, og eg skjønar umiddelbart nøyaktig kva ho meiner.

Har du og det sånn at du med jamne mellomrom, gjerne minst ein gong i veka, får akutte symptom på urinvegsinfeksjon? Allmenntilstanden stuper umiddelbart. Det svir, ein får frysningar, vil berre legga seg rett ned og jamra. Må umiddelbart styrta minst 1,5 liter vatn, og så går det over, de fleste gongene, over like fort som det kom. For så å dukka opp igjen, sjølvsagt. Mange kvinner eg kjenner er plaga med stadig tilbakevendande urinvegsinfeksjon – eg og – men dette trur eg må vera noko litt anna.

Ja, akkurat sånn! Du og?! Utbryter kollegaen, med eit skinn av lettelse i stemmen. Det er altså ikkje berre meg…Medan ein av oss har gjeve etter for kjensla av at dette må ein berre leva med – det nytter ikkje å klage – har den andre prøvd seg på ymse, vonlause utgreiingar hjå kvalifisert helsepersonell. Skjer det etter sex, spør legen, for det skal visstnok vera ein dokumentert samanheng mellom sex og urinvegsinfeksjon for kvinner.

Kva gir du meg? Eit digg ligg må jo sjølvsagt ha ei fysiologisk straff i form av urinvegsinfeksjon! Men uansett skjer det jo for helvete gjerne heilt vilkårleg, og gjerne mange gonger til dagen. Så jævla ofta blir det ikkje ligg på oss!

Der er aldri påvist bakterieutvikling i urinen, sjølv om det svir som faen. Teorien er at langvarige urinvegsinfeksjonar har gjort blæra over-sensitiv. Den elendige kroppen har så noia for infeksjon at heile blæra strammer seg i krampe, og tek seg ikkje saman før ho er blåst opp som ein ballong av litervis med vatn. Eg kjenner det snører seg berre eg skriv om det.

For eit elendig tissepatent! For eit irriterande, plagsamt og taushetsbefengt kvinneproblem! Det er faen meg rart at me har overlevd i generasjon etter generasjon med eit slikt ubrukeleg utstyr. Rart at ikkje Darwin har fasa ut denne elendige innovertissen for tusenvis av år sidan. Rart at det ikkje blir forska for millionar av kroner på denne plaga. Takk skal du faen meg ha!

Illustrasjonsbilde: pipi club, av kinojam, CC BY-NC-ND 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content