List

I veke 17 kom eg, noko forsinka, på eit fint nyttårsforsett for 2015: Middag ute minst éin gong i veka. Totalt vart 66 av fjorårets middagar fortært ute.

IMG_8424

Eit par av dei var litt tvungne og stusselege, eg skal innrømma det. Tidleg på vårparten skulle eg treffa Maria og gå ein tur i fjæresteinane på Engeløya. Det passa fint å køyra direkte frå jobb og eta middag der ute. Nett då eg hadde fyrt opp primusen kom det ei sur sluddbyge. Eg satt bak ein stein og hutra. Kokte og åt middagen så fort som mogleg.IMG_8479

Ein annan gong tok eg med meg torskeskjever, gulrot og potet og rusla ned i Lunvika. Men nett den dagen var det ikkje særleg lunt der. Regn som tidvis dreiv inn i gapahuken, røyk og vind og ganske så surt. Men middagen smaka godt, og det er no ikkje alle innemiddagar som er så trivelege heller.

IMG_7081

Dei andre 64 vil eg påstå har vore meir eller mindre glimrande. Mange middagar har eg ete åleine, og med stor entusiasme. Godt innpakka i skjerf, vottar og dunjakke.

IMG_6702

Men mange middagar har også vore i lag med ein haug med trivelege folk og med staseleg oppdekking og fleire rettar. Kveite i smørcurry må vera ein av dei meste. Kveita hadde Jon Vegard fiska same natt, og curryen hadde eg kokt i hop. Me lukkast til og med med å koka vellukka ris på bål. Til dessert hadde Mari ordna sjokoladekake med appelsin, og så hadde me plukka bringebær på veg opp på Leinesfjellet.

IMG_7890IMG_6789

Då me var på telttur i Lofoten vart det sjølvsagt utemiddag kvar einaste dag. I ferien er det ein enkel sak å halda på forsettet. Eg frykta det ville bli verre fram mot jul, med mykje arbeid og lite fint vêr. Men det har eigentleg gått over all forventning. På søndagen tenkjer me over kva dag den kommande veka det kan passa å eta ute. Er vêret berre dårleg, er det alltid ein gapahuk å ty til. Rett før jul laga me oss dessutan ein bålplass på haugen bak huset, og då vart det svært så enkelt og lite tidkrevjande å eta ute.

IMG_4949

 

Det store spørsmålet er om ein no har kome så til dei grader i siget, at det blir flust med utemiddagar utan å gjera eit poeng ut av det. Det vil tida viset. Dessutan er det nye prosjekt for 2016. Følg med i neste episode av Direkte frå distriktet!

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]