Tonar av grått og kvitt

Mørkvedodden er kvit. Dekka av snø heilt ned til flomålet som har danna ei svart stripe mellom det grå havet og den kvite snøen. Eg ser skydekket i ein lysare tone av grå, men der ute – kor skyer og hav møtest – har gråtonane jamna seg ut og glir over i kvarandre. Grensa mellom skyer og hav er ikkje så tydeleg verken i fargar eller fukt.

Dei nakne trea der ute på odden er som flekkar av mørkebrunt. Dei har mjukare konturar enn steinane og berga som stikk fram i same fargetone. Trea ser ut som nøste av ullgarn som nokon har lagt ifrå seg i snøen. Dei trea som står her, nærare huset, nærare vindauga har tydelegare konturar. Skiljet mellom greiner og bakgrunn er ikkje så ullete, men meir tydeleg avgrensa som strekar. Det går an å sjå at barken på trea har fleire farga. Nyansar av grått og brunt.

Den grå vassflata er stille, men eg kan sjå flekkar og striper i mørkare og lysare nyansar som avslører at det er rørsle i vatnet. Vatnet i Saltenfjorden står aldri stille. Straumane rundt Mørkvedodden rører alltid på seg.

Det ligg ei gul bøye mellom odden og land. Kva er den bøya til? Ungane har lurt på og spurd meg om det i årevis, men eg veit ikkje og har aldri undersøkt saka. Kanskje eg skulle gjera det i dag? Den gule bøya trer fram som ein fargeflekk i det som elles er kvitt, svart, brunt og grått. Det er noko meir lysande med det gule, men også dempa, som om det grå har blanda seg inn og dekker litt til det gule.

Det kjem ei snøbyge som slører til utsynet og mjuknar konturane endå litt. Mjuk snø. Kjølige vassmolekyl som daler i klumpar, i krystaller ned over landskapet. Ikkje som eit dryss i dag. Snøen er tyngre enn dryss.

Er snøen kvit, eller er det ein nyanse der av grått, eller ein drope blått som ein rest etter blåtimen tidlegare i dag? Er flomålet svart, eller er det meir som mørkebrun? Er havflata grå, eller liknar det meir på ein versjon av blått, blågrått?

Akkurat i dag ser snøen ut til å likna kvit. Andre gonger er snøen lysande blå, eller gulaktig fordi sola skin og speglar seg i den tynne skorpa av is. I går ettermiddag var havflata farga gul av solstrålene. Ikkje gul som plastbøya, men ein lysare gultone, skinande og blanda med kvit.

No kjem landsskapet på andre sida av fjorden så vidt til syne. Flekkar og tonar, ulike nyansar av grått. Der på den andre sida er snøen grå, ikkje kvit. Eg ser inga svart stripe i flomålet. Det er for langt unna og sløra til av skydekket mellom meg og land. Eg ser dottar av mørkare grå. Det kan vera både hus og tre. Men akkurat no ser det ut som dottar av mørkare grå mot den grå snøen. Ingen klare grenser eller konturar. Berre nyansar som glir over i kvarandre.

Kanskje er konturane meir uklåre enn det skydekket og vassdropane sørgjer føre. Eg har ikkje på meg brillene når eg skriv, og det gjer landsskapet mjukare, dusare og meir ullaktig. Dagen blir ei aning mjukare.

Det grå, kvite og konturlause dempar lyden. Havet er for stilt til å brusa. Hadde eg vore på berga på odden hadde eg høyrd det skvulpa. Men i dag er det ikkje bølgjande, brusande, brytande krefter av hav som bærer lyden opp hit.

Eg minnest då Katrine og eg var på Finnmarksvidda i romjula. Me hadde sett fram til stjernehimmel, nordlys og dei lysande regnbogefargane som flyt over himmelen i mørketida. Lystida.

Men det snødde stort sett. Ikkje stormande, føykande sidevegs snø som ein må gøyma seg for. Det var grå og lett snø slik som i dag. Litt meir enn eit dryss.

Med lågt skydekke og snø i lufta vart det aldri skikkeleg lyst, heller ikkje midt på dagen. Verda rundt oss gjekk i tonar av grått. Nyansar av grått. Snøen var aldri kvit. Han var blå, grå, relativt lys om dagen samanlikna med i mørkre. Og ein kveld då månen lyste opp var snøen glitrande og blå.

Men dagane gjekk i kvitt, grått. I svart-kvitt på grunn av steinane og bjørketrea som stakk opp av snøen. Runde, mjuke fjell og haugar, slik det gjerne er på vidda.

Sinnet vart pakka inn i dette grå og mjuke. I stilla. Så lite konturar, fargar, kontrastar at kroppen roa seg heilt ned. Det var lite å leggja merke til, men likevel mykje. Mykje grått, blått og svart i ulike sjateringar, forskjellige nyansar. Skiftande med grålyset og mørkre som kom sigande kort etter at det mest var blitt lyst.

Foto: Helga Eggebø.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content