Skeiv innvandrar og skeiv på bygda

Kva historier blir fortald om det å vera skeiv med innvandrarbakgrunn og skeiv på bygda? Kva fortel skeive med innvandrarbakgrunn og skeive på bygda om seg sjølv og livet sitt, og kva forteljingar er det som får plass i offentlegheita?

Elisabeth Stubberud og eg har skrive om dette i eit kapittel i boka Skeiv lokalhistorie. Som fleire av forfattarane i boka har peika på, ser det ut til å finnast ei utbreidd oppfatning om at små lokalsamfunn er vanskelege stader å leva for skeive:

Kulturelle hovudforteljingar

Bygda blir gjerne rekna for å vera kjønnskonservativ, gamaldags og lite mangfaldig både når det gjeld kjønn, seksuell orientering og etnisitet. Vidare finst det få eller ingen synlege skeive, skeive nettverk eller interesseorganisasjonar. Ikkje minst blir små lokalsamfunn gjerne assosierte med bygdesladder og andre former for sosial kontroll, som gjerne i særleg grad rammar dei av oss som bryt med normer for kjønn og seksualitet.

På liknande vis finst det ei utbreidd oppfatning om at etniske minoritetsmiljø er vanskelege – eller beint fram farlege – stader for skeive. Etniske minoritetsmiljø blir rekna for å vera konservative, homofobe og intolerante.

Dette er to kulturelle hovudforteljingar om det å vera skeiv med innvandrarbakgrunn og skeiv på bygda i Noreg i 2010-åra. Jamfør desse forteljingane må skeive flykta til byen og bryta med minoritetsmiljøa for å leva gode liv.

To forskingsprosjekt

Me har intervjua til saman 65 skeive på bygda og skeive med innvandrarbakgrunn om deira livhistorie og kvardagsliv. Intervjua gjennomførte me i 2014 og i 2017, i samband med forskingsprosjekta “Skeiv på bygda” og “Levekår blant skeive med innvandrarbakgrunn”.

Homofobi på bygda og i innvandrarmiljøa

Fleire av dei me intervjua fortalde historier som i hovudsak er i tråd forteljinga om vanskelege liv på grunn av homofobi i lokalsamfunna og i minoritetsmiljøa.

Når det gjeld små lokalsamfunn fortalde fleire om mobbing, få venner, lite mangfald, ingen skeive miljø eller forbilde i lokalsamfunnet.

Blant dei skeive med innvandrarbakgrunn var det særleg dei som hadde kome som flyktningar som fortalde om korleis homofobi i minoritetsmiljø prega livet deira. Fleire fortalde at dei berre var opne overfor majoritetsnorske personar, eller at dei ikkje var opne i det heile av frykt for sanksjonar frå folk med same landbakgrunn.

Ein fellesnemnar blant fleire skeive med innvandrarbakgrunn og skeive på bygda var forteljingar om å kjenna seg annleis, åleine og skamma seg over å vera skeiv.

Motforteljing om bygda

Men i intervjumaterialet fann me også tydeleg motforteljingar:

Fleire understreka at bygda er betre enn sitt rykte, at ho faktisk er ein god stad å leva skeive liv. Karsten var det tydelegaste dømet. Han hadde vakse opp i ei lita bygd og budde i eit anna lite lokalsamfunn. Han tok eksplisitt avstand frå den urbane homofile identiteten:

I det homofile miljøet i byane verkar det som om dei dyrkar homoidentiteten. Folk som drar til eit homomiljø i byen får den der gestikuleringa som ein ofte ser på TV. Eg hadde ein kompis som fekk ein heilt annan personlegdom etter at han flytta til Oslo. Eg vil liksom ikkje det; eg likar å vera flytande, alternativ. Og Pride-paraden. Eg veit at media tek bilete av alt som er litt spesielt fordi det er det som sel best. Men det gjer at mange som ikkje er homofile, får inntrykk av at «sånn er dei». Men det er jo berre ein del av det, som nesten er litt sånn showbiz

Karten. Homofil mann i 20-åra busett i eit lite lokalsamfunn.

.Karsten fortalde om det homofile miljøet i byane som einsretta, stereotypt og lite mangfaldig – ein stad der ein mistar personlegdommen sin og blir til ein klisjé. Der ønskte han absolutt ikkje å bu. Småbyen derimot, gav rom for å vera seg sjølv, flytande og alternativ.

Hasti Hamidi og Begard Reza i Salam under Oslo Pride i 2019. Både Salam og Skeiv Verden gjer eit viktig arbeid for å synleggjera og kempa for rettane til skeive med innvandrarbakgrunn.
Foto: Elisabeth Stubberud

Motforteljing om å vera skeiv innvandrar

Blant dei skeive med innvandrarbakgrunn var der også ei tydeleg motforteljing. Den handlar om at det ikkje er minoritetsmiljøa som er hovudproblemet, men rasismen i det norske samfunnet. Irsa ei skeiv kvinne som hadde vakse opp i Noreg med foreldre frå Midtausten fortalde om ei rekkje erfaringar med rasisme frå ho var liten og fram til i dag, også i skeive miljø. For henne var det ikkje oppvekstfamilien eller minoritetsmiljøa som var problemet: Ho understreka at ho sjølv berre hadde opplevd støtte og aksept frå familien då ho kom ut som skeiv, og at det var i fellesskapa med andre personar med innvandrarbakgrunn – særleg dei som også er skeive – at ho kjende tilhøyrsle. Irsa fortalde både om erfaringar med homofobi frå majoritetsbefolkninga og om homofobi i etniske minoritetsmiljø. Men sistnemnde ville ho ikkje snakka om i offentlegheita fordi det kunne forsterka stereotypiar om folk frå Midtausten, og desse stereotypiane ramma henne sjølv i kvardagen.

Både óg

Dei me har intervjua fortalde sine historier innanfor rammene av – eller i opposisjon mot – desse to kulturelle hovudforteljingane. I fleire intervju såg me dessutan at hovudforteljinga og motforteljinga kunne vera til stades side om side:

Dersom me hadde vore velkomne i det kvite skeive miljøet, kunne eg teke sjansen på å bli avvist i det etniske minoritetsmiljøet. Men eg kan ikkje ta sjansen på å bli avvist begge stader.

Fekre, homofil mann i 30-åra frå Aust-Afrika.

Som det går fram av sitatet fortalde Fekre om marginalisering på grunn av kombinasjonen av rasisme og homofobi:

Truverdige forteljingar

Historier som bryt med det «alle veit», blir gjerne ikkje oppfatta som truverdige. Ei skeiv kvinne med familie frå Midtausten fortalde at dei fleste ho møtte var overtydde om at familien ikkje aksepterte at ho levde skeivt. Dei trudde ho beint fram ikkje når ho sa at både brørne og faren alltid hadde vore støttande. Ho kommenterte: «Bror min er med i Pride kvart år, men han må barbera av seg skjegget for at ikkje folk skal tru at han er homofob.»

Bygdepride

No er det allereie 10 år sidan me intervjua folk om korleis det er å vera skeiv på bygda. I løpet av dei åra som er gått, har det blitt arrangert ei rekkje bygdepridar rundt om i landet. Desse får stor, og i hovudsak positiv,  mediedekning. Forteljinga ser ut til å vera: Ja, bygda kan vera vanskeleg for skeive, men det treng ikkje nødvendigvis å vera sånn. Kanskje er den kulturelle forteljinga om korleis det er å vera skeiv på bygda, i endring.

Fastlåste forteljingar?

Den kulturelle forteljinga om homofobi i minoritetsmiljøa er kanskje i mindre grad i endring. Fortellingane om at minoritetsmiljøa homofobe og intolerante blir gjenteke og gjenteke i offentlegheita, til dømes i etterkant av terroråtaket i Oslo.

Men dei siste åra har skeive med innvandrarbakgrunn samla seg i organisasjonar som Skeiv Verden og Salam, og jobba for å sjølve få fortelja om korleis det er å vera skeiv med innvandrarbakgrunn, i staden for at majoriteten skal få lov til å definera. I tida som kjem trur eg me vil me få høyra fleire historier om å vera skeiv med innvandrarbakgrunn og skeiv på bygda som utfordrar den kulturelle hovudforteljinga. Det er ikkje berre er majoritetsnorske i urbane område som lever gode skeive liv.

Referanse: Eggebø, H. and E. Stubberud (2022). Forteljingar om å vera skeiv innvandrar og skeiv på bygda i Noreg på 2010-talet. Skeive lokalhistorier – en bok om sted, identitet og overskridelser. D. Hustand, T. Hellesund, R. Jordåen and M. G. Munch-Møller. Oslo, Nasjonalbiblioteket.

Foto: Karoline O.A. Pettersen , Elisabeth Stubberud og John Inge Johansen/NRK.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content