Tones fabelaktige rabarbrapai

Før rabarbrasesongen er over må eg dela oppskrifta på denne fabelaktige smulepaien eg fekk hjå Tone Hellesund i Bergen i vår. Kaka er knallgod og superenkel å laga!

Fordel rabarbra i bitar i ei lita paiform eller eldfast form. Smuldre og bland saman:

  • 100 gram mjukt smør
  • 1 dl sukker
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1,5 dl kokosmass
  • 1 dl brødsmular/strøkavring/griljermjøll/glutenfritt mjøl

Fordel denne massen over rabarbraen og steik kaka på 200 grader i 25-30 minutt. Bland eventuelt litt potetmjøl i sukkeret for at rabarbraen i botn skal bli litt tjukkare. Servera med god vaniljeis. Eg kan dessutan tenkja meg at krem eller mascarponekrem også kan høva godt.

Smulepaien på bildet er laga av 4 gonger originaloppskrifta, til eit enkelt familieselskap i Eggebø/Vassbø-klanen.

I smulepaien kan du erstatta rabarbra med alt frå epler til fersken. Berre å prøva seg fram, tenkjer eg.

Bon appetitt!

Leave a comment

Your email address will not be published.