Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, men alltid tenkt at eg berre hadde godt av å trø pulsen til himmels den korte turen til barnehagen med Magnus i sykkelvogna.

Vinteren 2020 var eg høggravid og det var som vanleg dårleg brøyta på Mørkved. Trass i min entusiasme for miljøvennleg transport måtte eg innsjå at det rett og slett vart for tungt å trø meg til barnehagen med eit barn i magen og ein unge i vogna. Det kom til å bli for tungt også med unge nummer to i sykkelvogna. Det var på tide med elsykkel.

Elsykkelen har ført til ein regelrett transportrevolusjon i livet mitt. Eg elskar den sykkelen! Det er fullstendig slutt på at eg gruer meg til dei tunge bakkane opp mot barnehagen. Alt tiltak ved å sykla, all motstand mot å setja seg på sykkelen har fordufta som dogg for sola.

Med elsykkelen kjennest kvar einaste sykkeltur i Bodø, uansett vind og vêr, som ein lettvint solskinnstur på flatmark. Det finst ingen bakkar, det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klær. Og eg har gode klær. Med regntøy, varme støvlar, tjukke og vindtette hanskar og visir på hjelmen er det ingenting som er noko problem.

Eg syklar att og fram til barnehagen i all slags vêr og nesten uansett føre. Det einaste som faktisk kan stoppa meg er dårleg eller manglande brøyting, men dei fleste dagar går det på eit vis også i vintersesongen.

Eg syklar til jobb, eg syklar til byen på møter eller ærend, eg syklar på besøk, eg syklar på tur, eg syklar på handletur, eg syklar på posten, eg syklar til og med til flyplassen dersom vêret er greitt både i Bodø og der eg skal. Hadde dei hatt oppbevaringsboksar kor eg kunne lagt vinterklede og vått regntøy, skulle eg sykla til flyplassen kvar einaste gong.

Eg kan til og med sykla på skitur! Eg har ved fleire høve stroppa langrennskia fast på sykkelen og sykla opp i marka. Det var enklare enn å festa ski på takstativet på bilen og eg kom meg nærare løpa.

Dersom eg og ungane skal til byen ein laurdag, til dømes på biblioteket og på kafé, er det heilt klårt mest lettvint med sykkel. For det første får Ingeborg seg ein halvtimes dupp i sykkelvogna, og då slepp å ta med vogna i bilen eller slita med sur og trøytt unge. For det andre kan me parkera rett utføre inngangsdøra. Då slepp eg å drassa dårleg kledde ungar frå bilen og eit par hundre meter i kuling og hagl (det er ganske ofte kuling og hagl i Bodø, og det er gjerne på sånne dagar at biblioteket utpeikar seg som eit særleg godt alterantiv) frå parkeringshuset til Stormen bibliotek. Og dersom me skal på kafe eller lekeplass kan eg også berre setta ungane tilbake i sykkelvogna og parkera utføre døra ved neste stopp på programmet. Då blir det ingen slitsame gåetappar med toåring som bryt saman.

I går hadde eg sykkelen med meg då eg skulle levera bilen på verkstad. Eg parkerte bilen, hekta sykkelen av stativet og trilla med meg sykkelen inn for å levera bilnøkkelen. Folk såg på meg som om eg var ein marsbuar mellom dei glinsande bilane som stod utstilt der inne. Då bilen var ferdig sykla eg tilbake, plukka opp nøkkelen og køyrde direkte i barnehagen med sykkelen i stativet bakpå bilen.

Utanom den lufteturen bilen fekk seg i går, har han stort sett stått parkert i carporten dei siste vekene. Det er til pass åt han, den dieselslukande doningen.

Sykkel er best. I staden for å sitta på ræva i bilen, får eg meg litt frisk luft og litt mosjon. Elsykkel er lett mosjon, ikkje trening. Det er eit viktig poeng, for det er det som gjer at eg syklar over alt og ikkje av og til. Med elsykkel finst ikkje dørstokkmila eller motstanden. Det er berre praktisk og lettvint, lukke og velstand!

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Leave a comment

Your email address will not be published.