10 måtar å endra verda på sykkel

  1. Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet.
  2. Kvar gong du parkerer sykkelen i sentrum, på jobben eller ved butikken reduserer du behovet for at meir areal blir brukt til asfalterte parkeringsplassar for bilar.
  3. Kvar gong du er sykkeltrafikant, på fortauet, vegen eller sykkelstien, aukar du etterspurnaden etter god infrastruktur for sykkel.
  4. Kvar gong du kjem til barnehagen med sykkel og sykkelvogn, viser du alle ungane at det er både mogleg og normalt å bli henta i barnehagen utan bil.
  5. Kvar gong du storhandlar mat, pallekarmar, jordsekkar, blomar, hentar 10 kg økologisk mjøl på posten eller låner 40 barnebøker og transporterer dette -lett! – i sykkelvogna, så skjønar du kor lite bruk du har for bilen.
  6. Kvar gong du gler deg over vinden i håret, sola eller regnet i ansiktet og bjørka som er i ferd med å spretta medan du syklar til jobb, blir det meir og meir uaktuelt å bytta dette ut med å sitta på ræva i bilen og glo.
  7. Kvar gong du syklar skapar du etterspurnad etter infrastruktur for mjuke trafikantar og dermed interessene til dei av oss som ikkje har tilgang til bil eller sertifikat.
  8. For kvar gong du sit på sykkelen ser du stadig tydelgare korleis politikken og infrastrukturen nyttar bilen som norm og standard for all planlegging, og kvart tråkk på pedalen tek deg nærare å melda deg inn i ein interesseorganisasjon for miljø eller sykkel.
  9. Kvar gong du møter hinder på sykkelvegen, som brøytekantar og sykkelfelt som plutseleg opphøyrer, aukar sannsynet for at du skriv ein poengtert og engasjert kronikk om berekraftig transport.
  10. For kvar einaste gong du let bilen stå og hiv deg på sykkelen aukar sannsynet for at du vil stemma på eit parti som kjempar for miljøvern og kollektivtransport.

Så ikkje kom å seia at sykkelentusiasme er å individualisera klima- og miljøkampen. Det er kvardagsaktivisme, det er eit politisk val og ein kamp for strukturell endring kvar einaste dag.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Leave a comment

Your email address will not be published.