List

Frå iskappa i Antarktis stikk det opp ei fjellkjede med kvasse tindar som har fått namnet Fenriskjeften. Den kvassaste av dei er Ulvetanna. Leo Houlding har klatra fjellet. For ein inspirerande ekspedisjon! syns eg og niesene mine på  2 og 4 år, og la i veg.   

Etter å ha pakka telt (ullteppe) og utstyr i kraftige ekspedisjonspulkar (Ikeaposar), festa pulkane rundt hoftene og spent på oss skia, la me i veg over iskappen (parketten).

Etter ein lang marsj var med framme ved foten av fjellet (bokhylleseksjonen på veggen til den halve etasjen opp til TV-stua). Før klatringa var det viktig å få seg ei god natt søvn i det solide og romslege ekspedisjonsteltet vårt (ullteppet).

Dagen etter (nokre minutt seinare) sto me opp, kokte havregrøt (på liksom) i teltet og gjorde oss klar til å klatra sjølve fjellet. På med klatresele og sikringsutstyr, kameratsjekk, og så var det berre å setta i gong.

Jentene leda ruta (opp bokhyllene), medan eg hadde jobben som sikrar (holde) og stod klar til å ta imot ved fall. Heldigvis gjekk det veldig bra med ledinga. Jentene klatra ei etter ei over kanten og opp på toppen (sofaen i TV-stua). Då var det berre for meg å klatra etter.

Etter ein god pause med fantastisk utsikt, tok me tryggaste og enklaste veg ned igjen (trappa). Så vart det ei lang natt i teltet før returen tilbake over iskappen.  The Last Great Climb heiter filmen om den spektakulære klatreekspedisjonen til Ulvetanna.

Måtte 2015 by på mengder med leik og moro! I snøen og sånn generelt. Som dei sang det i Portveien 2 på 80-talet:

Du kan klø meg og klå meg og kalle meg lat
Du kan ta alt jeg eier og nekte meg mat,
Men ta ikke leken fra meg

Du kan drikke min saft eller spise min kjeks
Du kan kalle meg nisse og troll eller heks
Men ta ikke leken fra meg

La meg være et barn
La meg leke nå
For alle de store har en gang vært små
Så ta ikke leken fra meg

Lek, ja lek for livet
Lek med hvem du vil
Lek deg glad i hjertet
Lek med sang og spill

Du kan sperre meg inne med kjetting og lås,
DU kan kalle meg fjols eller fjomp eller gås
Men ta ikke leken fra meg
Jeg vil leke en stund,
Jeg vil leke meg sunn,
Jeg vil leke meg stor
Jeg vil leke for livet på menneskets jord

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]